Ei Byreis.

 

Han Per og han Ola skulde til Byen og kaupa seg Jolebrennevin. Daa dei kom til Byen, kaupte dei eit Anker ihop og so ei Flaske, som dei skulde ha paa Vegen, og so drog dei attende. Han Ola sat i Framromet og han Per i Hamleromet og Kaggen laag bak. Daa dei kom fram um Neset, spurde Per:

 

”Skal du ha deg ein Dram Ola?”

”Aaja, me kann no smaka paa det”, sa han Ola, og so tok han Per upp Flaska og skjenkte.

”Det er godt”, sa han Per, som drakk fyrst.

”Aa!” sa han Ola, med’n svelgde og so rodde dei ein Mole.

”Det gjorde godt dette”, sa han Ola.

”Skal du ha ein til?” spurde han Per.

”Det var ikkje galet”, sa han Ola og so tok dei kvar sin til.

”Eg er ikkje rett frisk”, sa han Ola.

”Ja vil du ha ein Dramm?” spurde han Per.

”Eg trur det gjer godt”, sa han Ola, og so tok dei kvar sin, og so rodde dei ein Mole til.

”Eg vart betre no”, sa han Ola.

”Det var bra det”, sa han Per.

”Men eg er ikkje god endaa”, sa han Ola.

”Vil du ha ein til kanskje?” spurde han Per.

”Ja kom med ein”, sa han Ola, og so tok dei kvar sin.

”Det var ein snaud Dramm det”, sa han Ola.

”Ja du skal faa tvo”, sa han Per, og so tok dei kvar sine tvo, og so skulde dei prøva aa ro att.

”Det er leidt aa ro”, sa han Ola.

”Det er tungt”, sa han Per.

”Lat Baaten reka sjølv”, sa han Ola.

”Lat gaa!” sa han Per.

”Kom med Flaska!” sa han Ola.

”Hei!” sa han Per, og sende Flaska til han Ola.

”Drakk du alt?” spurde han Per.

”Hald Kjeften din!” sa han Ola.

”Eg vil ha eg og”, sa han Per.

”Tak av Kaggen”, sa han Ola; og so tok han Per og lagde Kaggen paa Baktofta, tok Spunset ut og gav seg til aa drikka.

”Du er fælt til Ku”, sa han Ola.

”Drikk du og”, sa han Per og kraup fram gjenom Baaten og rullad i Framromet. So tok han Ola til aa drikka or Spunsholet.

”Dri-hikke du?” spurde Per.

”Ikkje Vaattet”, sa han Ola, helt upp og rullad i Hamleromet. Men med det same fekk Baaten ein Søkk, so Kaggen kantrad i Bakromet med Spunset ned, og so tok Brennevnet til aa skumpla og renna.

”Bubb, bubb, bubb”, sa Kaggen.

”Hø!” sa han Per.

”Høyrer du det?” sa han Ola.

”Ja”, sa han Per.

"Reis’n upp att”, sa han Ola.

”Reis’n du”, sa han Per.

”Vil du reis’n upp att!” skreik han Ola.

”Gjer det sjølv!” skreik han Per.

”Vil du ha Juling! brølte han Ola.

”Kom skal du faa!” brølte han Per,

 

So reiste han Ola paa seg, kraup fram til han Per og gav han ein under Øyrat.

”Vil du ha ein til?” spurde han Ola.

”Her hev du’n”, sa han Per og daskad til han Ola.

 

Han Ola vilde daska til han Per att; men so stupte han i Romet og so somnad baae tvo.

 

Daa dei vaknad, foor dei drivande innyver Byvaagen.

 

”Per!” sa han Ola.

”Hø!” sa han Per.

”Er det du?” spurde han Ola.

”Ja”, sa han Per.

”Kvar er me no?” spurde han Ola.

”Sjaa aat”, sa han Per.

 

Han Ola gnikad Augom sine og gløste seg umkring.

 

”Eg meiner me er i Byen eg”, sa han Ola.

”So kaupa me Jolebrennevin med det same”, sa han Per.

”Men kor heng dette i hop?” spurde han Ola.

”Det veit ikkje eg”, sa han Per.

”Men var me ikkje i Byen igaar?” spurde han Ola.

”Jau det var me og”, sa han Per og tok til aa sjaa upp. Men han hadde so vondt i Hovudet.

”Eg trur eg hev voret full eg”, sa han Per.

”Trur du det”, sa han Ola.

“Jamen trur eg so”, sa han Per.

 

Og so tok dei til aa sjaa etter i Baaten; der fann dei Brennevinet i Austren og Kaggen var tom. Daa tok dei til aa minnast, kor til var gjenget.

 

”Hev du meir Pengar?” spurde han Ola.

”Ikkje ein Kvitt”, sa han Per.

”Det vert ikkje Jolebrennevin av daa”, sa han Ola.

”Nei det vert ikkje det”, sa han Per.

”Det var leidt det”, sa han Ola.

”Ja det var so”, sa han Per.

 

Og so bar det paa Heimvegen att; men fort gjekk det ikkje.

 

Frå Fedraheimen 19.12.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum