[Tidender.] O. J. Fjørtoft


hev Kristofer Kristoffersen skrevet eit forvitnelegt Stykkje um i N. Tidsskrift.

Fjørtoft var ein av dei Kararne, som vert lite agtad paa, medan dei liver, men etterpaa fær dei Vyrding meir og meir.
 
Fjørtoft var Maalmann fraa det han var Ungguten, og det i den Tidi, daa det var so faae av dei som foor med slike Tankar. Daa han var 12 Aar gamall, i 1859, kom han paa Skulen i Aalesund. Far hans var Lensmann paa Harham i Sundmøre. Daa han var 14 Aar gav han ut ei Reknebok. Han vart snart uforlikt med Læraranne, han fann ikkje det ut av Bøkerne, som dei vilde finna, og han laag i Strid med dei jamt. For 12 _14 Aar sidan hadde Bjørnson voret paa Molde Skule og sett Støkk i den, no vart det likeso gale her, med Fjørtoft. Han plagad mest Livet av dei gamle skikkelege Lærarar, og skreiv Stilar um slike Ting, som aldri vert høyrt nemnde paa ein ordentleg Skule. Og verst var det, naar den lange Sundmørsguten tok til aa trættast med dei um Maalsaki, han kravde same Retten for Norsk han som for Dansken paa ein Skule, der det berre skulde vera fine Gutar.
 
Det stod reint ein Age av han, so dei raadde ikkje med han, men laut tola, at Guten fekk standa upp og halda Fyredrag paa Landsmaalet til Eksamen. Og det merkjelege var, at jamvæl Byens Fedrar og Mødrar laut finna seg i det, det var berre ei, som ankat paa det og meinte, at det var daarleg Svensk. Dei heldt det reint for gildt jamvæl, naar det berre var Vers, soleis som Velfarstale aat dan gamle Skulelaani, men Karen var so villstyren, at det bar langt inni Politikken med han stundom; han tok seg soleis til ein Gong aa leggja imot Skandinavismen i timelange Fyredrag paa Landsmaalet. 
Daa var det ikkje Tolmod lenger korkje i Byens Folk elder hjaa Skuleraadet; dette gjekk yver alle Grensur. Men so traut Tolmodet hjaa Guten ogso. Han hadde vakset seg ut or Byen. Han reiste inn til Kristiania og kom ikkje meir att. Men han vart ikkje so snøgt gløymd i Aalesund. Minnet hans liver endaa ved Skulen.