[Tidender.] Ein Revunge.

 
Eg hadde voret sjuk, svært sjuk, _ so sjuk at Dauden stod meg mest i Halsen. Men no skreid eg sovidt uppe.
 
Det var um Sumaren fyre Slaatten. Eg tok meg ein Morgontur framyver Bøen for aa skoda paa all den rike, gilde Vokstren ute, som eg ikkje hadde set paa lengje. Eg laut stogga Gong paa Gong for aa skoda paa alle Ting, paa Solskinet som kom sigande som ei Sylvrand nedyver Bergsida, paa Fjorden, paa Fjelli, paa Skogen, _ men mest av alt paa Graset, som var so vaatt av Dogg, at Droparne glitrad paa kvart Straaet som var det Perlur; og so var det ein sodan smeikjande Braal og Ange av alle dei smaa Blomarne, som stod der og sprikte burtyver Vollarne i mangeslags Liter og med slik ein Vokstr, at Livet mest spratt or dei. Eg var veik endaa; men eg tykte eg kjende, kor eg liksom livnad og frisknad og traustnad i Beini for kvart Steget, og takkad Vaarherre for, at han hadde blaaset Livet i meg att, so eg fekk sjaa alt dette gilde; men so kom eg ihug, at medan alt dette stod i likaste Vokstren, so kom Slaattekaren med Ljaaen, og so vart eg tanketung og smatt utav Bøen, yver ei Bru og kom burt i ei tjukk Orerust. Men daa eg svingad utor Orerusti, kvapp eg or Tankarne mine; der var noko, som livde burt med ei Mosetuve. Det var ein liten Raudbrun Revunge. 
Tvo Krunor! sa eg til meg sjølv, tok ein Stein upp, lyfte Handi i Veret og vilde kasta i han. 
Men daa gløste han upp. Slike Augo! eg gløymer dei ikkje so snart. Det gløste i dei; dei var so livande og leikande, og Skuldløysa liksom lyste or dei; ikkje ei einaste Synd tyktest han ha paa det vesle Samvitet sitt; han var berre Smil. Eg hev ikkje set reinare og sælare Barneauge. Men daa han saag Handi og Steinen, vart han aalvorleg. No, han vart det nokk ikkje; men eg tykte det, ein tykkjer so mangt etter ein lang Sjukdom, _ ja eg tykte meir; eg tykte, han heldt ei lang Straffepreike yver meg: Du er ein girug Fark! for tvo Krunur gjeng du og tek dette unge, friske, skuldlause Livet mitt, som eg ikkje vilde missa for alt i 
Verdi, _ du som for nokre dagar sidan kjende kor saar Dauden er! Og kva vondt hev eg so gjort? Eg er Rev, ja det er eg; men kann eg betra det? skal eg lida for det vonde Ætti hev gjort, eg som er slik ein liten, skuldlaus Engel, og som aldri hev vist av vondt fyr no?

Eg vart skjemd yver Mordskapen min, trødde i Marki so Revungen skvatt upp og smaug burtmillom Trei, kastad so Steinen dit, Reven hadde stadet, liksom for aa narra Girugskapen min. Eg stod eit Bil og saag etter han, _ der kraup han yver Steingaren og kom vekk. Eg gjekk derifraa med likeso lett Samvit som det Revungen hadde, daa han kom dit.