[Tidender.] Dei er fæle til stela.


Det var her i Wien nyleg der hev vortet stolet so mykje, at aldri nokon hev høyrt so ulikleg.
 
Fyrre Maandagen daa Handlaren med Gullstas vilde lata upp Bui si, saag han, at tvo brand- og dirkefri Jarnkassur og eit stort Skaap, som han hadde gøymt ein Mengde kostberre og staute Ting i, var uppbrotne og tømde. Golvet i Kantoret hans var yverstrødd med tome Kassur og Øskjur.
 
Jamvæl det som hekk i Vindaugat var teket. At eit Tjoveri so stort, at det stolne er verdt ein halv Million Krunur, kann hava gjenget for seg midt i den fornemste Delen av Byen, kann ein tenkja det vert undrast paa. Desse Buerne er i ein stor Bygnad. Ein stor Gang fører fraa dei og ut til ei Gate, som ligg bakanfor Huset, og so er det nokre Buder, som er innmed den Gangen med sterke Jarndører, som var gjenumborad. Den Døri hev i mange Aar voret stengd.
 
Ho var klædd med Jarnplatur og ho laag so djupt inni Muren, so det var ikkje so lite Stykkje ifraa den og til den Døri, som gjekk ut til Porten; den Døri var maalad liksom Muren, for at ingen skulde sjaa, at det var nokor Dør. Og so var det væl den Døri, som Tjovarne hadde brukat. Daa maa dei hava voret kjende og. 
Det var so mykje Arbeid med aa brjota seg inn, at det var væl uttenkt, at dei hadde teket seg ein Sundag til det, det var Arbeid for 16 _18 Timar. Sundagen kl. 12 vart Lemerne sette for Glasi, og det er trulegt, at Tjovarne tok til straks daa med aa bora, og at den tridje heldt Vagt i Portgangen, so naar dei hadde fenget stort nok Hol, krabbad Tjoven inn og kom daa inn i Kantoret, som ligg millom Bui og Gangen. Daa tok dei til aa brjota upp baade Kassur og Skaap, det var av Jarn alt saman, dei hev lagt att all Gogni etter seg; ein av dei maa vist hava voret Smed. Dei tømde alle Øskjur, som var noko gjævt i. Det var likt til, at Tjoven hadde Greide paa kva som var gjævt og ikkje, dei uægte Saker hadde dei ikkje ansat. Men so var det daa likt til, at Tjovarne hadde fenget Hast, dei fælte væl for at nokon skulde koma. Mange Gull-lekkje hadde dei rivet av, so der laag Luter utyver Tilet og paa Disken hadde dei lagt att ein Ting, som var verd mange Tusund. Endaa hev dei ikkje fenget fat paa Tjovarne. Men dei tok til aa leita med det same og driv paa, so fort dei orkar.