Tidender.

 
Kristiania, den 27de Novbr.
 
Muleband. I Danmark toler ikkje Regjeringi Motmæle snart. Hørup, som er Styrar for Dagbladet Politikkenhev vortet dømd til Fengsel paa 6 Maanar for eit Stykkje, som dei finn er fornærmelegt mot Kongen.
Ein annan Bladstyrar er dømd til Fengsel paa 4 Maanar.
 
 
Ein svensk Bladmann Berggren, Utgjevar av Sverige er dømt til 4 Aars Straffarbeid og 3400 Kr. i Bot for 11 Stykkje um Kongen, Prinsarne, Prinsen av Wales og nokre andre.


Kongen i Spanien er daaen, Alfonso XII, 28 Aar gamall. Han hev ikkje havt for gode Dagar. 11 Aar gamall laut han fylgja Mor si, Isabella, som vart landlyst. Og sidan den Tid sat det ein Støkk i han for aa vera landlyst. Det heiter, at han skulde hava sagt, at han helder vilde segja fraa seg Kongsmagti og vera Republikanar i Spanien, enn han vilde liva som Fyrste i noko anna Land. Han vart Konge, fordi han var den einaste, som Folket kunne samla seg um. I Styringstidi hans hev Magti skiftevis voret i Henderne paa Høgre- og Vinstremenn.
 
No maa ein vera lagad paa, at det vert Ugreide i Spanien ogso. Det er mange Parti der, og Spanjolen drygjer ikkje lenge, fyrr han legg ihop og slæst.


Statsministar Sverdrup hev voret krimsjuk nokre Dagar, men er betre att.


Bergensbanen tek til aa koma paa Tale att, dei tek no til aa reisa sterkare og sterkare krav um, at han ikkje skal leggjast nedigjenom heile 
Hallingdal, men ifraa Gord taka Heidarne aust-gjenom til synst i Valdris, til Odnes, og soleis binda i hop Aust-Upplandet med Vestlandet.


Maridalsmordaren. Henrik Janson er no komen til Byen, og det hev voret Forhøyr yver han i mange Dagar. Han hev ført seg fint og stilt for Retten. Han fortel, at Far hans var ein fatik Arbeidsmann i Vermland. Mor hans døydde, daa han var 8 _9 Aar gamall, Faren er daaen for 6 _7 ar sidan. Han gjekk paa Skule til han var 15 Aar og foor daa heimanfraa til aa tena. Han hev voret straffad for Steling 4 Vendur, men han segjer han var skuldlaus siste Venda, daa han fekk 4 ½ Aars Straffarbeid. 
Den 24de September slapp han ut og skulde daa reisa til Karlsstad. Han fekk der utbetalt 35 Kr., som han hadde tent seg upp i Fengslet. Det var daa Meiningi, at han skulde reisa heim, men i Staden tok han med Banen til Kristiania og budde hjaa ein svensk Skreddarsvein. Den 28de September gjekk han upp til Maridalen til aa høyra etter Arbeid, men fann ikkje noko, som han totte høvde for seg. Der reiv han sund Passet sitt, og kastad Stubbarne, dette fann Politiet, soleis var det, at dei kom paa Spor etter han. Han segjer, at han snudde um og gjekk til Kristiania att, og var der alt Kl. 7 um Kvelden, medan Mordet vart gjort Kl. 8 ½ , og han hev fortalt umstendeleg, koss han hadde det der um Kvelden, foor og sveiv med Gjentur og sovore. Andre Dags Kvelden segjer han, foor han so med Banen til Eidsvoll og vidare uppigjenom.

Men denne Fraasegni er lite truande, det er mykje Lygn i ho. For dei hev set han i Maridalen Kl. 7 same Kvelden.

Janson hev fleire Vendur voret spurd um han ikkje vilde standa til, men hev heile Tidi sagt, at han var skuldlaus. Han segjer, at Mistanken maa grunna seg paa ei Misforstading. Han hev voret førd rundt i Byen, med Lekkje um Haand og Fot, for at det kunne provast, um 
han hadde voret der, han hadde sagt, den kvelden Mordet var.


Ulukke. Ein ung Gardmann og ein 17 Aars gamall Gut gjekk ein Dag upp i Fjelli og vilde skjota. Daa dei hadde komet høgt upp, var der eit Svaberg som han skulde yver, og brukad so Rifla til aa stava seg med. Og so gjekk Skotet av. _ Hanen maa vonleg hava hengt i ei Grein elder ei Steinros. Kula for inn i Augat paa han og ut att i Nakken.
 
Han var som ein kann vita daaen med same, der høyrdest ikkje eingong ein Ljod fraa han. Guten, som stod og saag paa dette vart plent liksom ifraa seg, og han sprang det beste han vann nedyver til ein Støyl. Paa Støylen var der nokre Gjentur, og blant dei Syster til Guten.
 
Det underlege Laget hans baade skræmde dei og gjorde dei forvitne. Dei spurde mange Gonger kva det var som stod paa, men dei kunne ikkje faa Svar av han med det same. Endeleg bad han Syster si avsides og daa fortalde han det som var hendt. Deretter sprang han nedyver til Bygdi og fekk Folk med seg tilfjells. Dei fann den stakkars Mannen liggjande paa same Staden, som daa Guten reiste. Det hadde vist voret lengje, fyrr dei hadde funnet han um han hadde voret einsam, for det var paa ein Stad, der sjeldan kjem Folk.
 
Guten vart so sjuk av Forleitingi at han laut tilsengs.
 
Mannen hev etter seg Kjering og tri Born som sit trongt i det. Eit av Borni døydde paa same Tidi, og eit anna var mykje sjukt. For den Kjeringi er det tungt.