Fraa Seljord.


Naar eg er ute i Verdi og møter noko, som er vakkert og godt, so tykkjest eg ikkje hava godt av aa bera det for meg sjølv aaleine; men eg kjenner ei Trong i meg til aa dela med andre. Her paa Ullmanns Høgskule er det i Sanning mykje vakkert og stort og godt aa faa høyra, so ein kjenner seg lyft upp til eit vidare, høgare og reinare Syn.
 
Eg skulde hava Hug til aa skriva upp nokre Tankar av eit av dei mange storslegne Foredragom hans Ullmann; men eg er mykje rædd, at eg skjemmer det aldeles ut; likevæl skal eg daa prøva med Haap um, at eg dermod kunne gagna den gode Saki eit litet Grand.
 
Vi song: Tanker, som hinanden trenger, finder nok sin Pol; Hjerter, som vil mødes; sprenger alt som Foraarssol, av Bj. Bj., og me fekk høyra, at denne Songen var skriven til det næstsiste Studentarmøtet i 1869. Studentarne var smittad av den gamle Standsfordomen, som gjekk ut paa aa hava all Upplysning og Daning for seg sjølv. Dette likad ikkje Bjørnson; difor steig han upp og talad djervt imot denne Studenteridyllen og slog paa det, at først naar Folkevaarens Susen over Skog og Lund vækker alle Hundred Tusind, da er Mødets Stund. Dette var eit leidt Skylregn for mange av desse fine Studentom. 
Dei hyssad, og Ullmann var dengong sjølv med aa hyssa. Men Bjørnson hadde Rett dennegong. Historien hev lært oss det.

Fyrr trudde Folket, at Historien berre var gamle Skrønor um dei gamle Kongarne; men no veit mange, at den gamle Soga ho er gjæv; ho er ei kostbar Uppteikning av Arbeidet i det stille paa Folkedjupet, og ho er umisseleg baade for Landshushaldningi, Vitenskap og Dikting.

Fatikdomen er ei tærande Ulukke for Mannaætti, og mange hev famlat etter Botevon for denne Plaaga. Fyrr den franske Umveltning var der i England ein overhendig Fatikdom, som dei prøvde stagga ei Tid ved aa forbjoda all utførsel og ei onnor Tid ved aa forbjoda Innførsel; men dette hjelpte naturlegvis ikkje. Daa var der tvo heilt ulike Menner, Malkus og Adam Smitt, som kom
fram med kvar sin likeso ulike Statshushaldningslærdom.

Malkus hadde komet til den syrgjelege Meining, at Mannaætti veks fortare enn som Fødeemni aukast, og at det difor var ein uavvendeleg Lagnad for mange, mange Menneskjor, at dei maatte forkrøplast i Fatikdom, likesom den for tjukke Skogen, som turkast vekk av Vant paa Næring.

Etter dette maatte altso Vaarherres Vilje gjenom ei streng Naturlov vera, at ein masse Fatikborn svalt ihel, at ein Masse Fatikkvinnor vart øydelagd i Sedløysa og s. 1.; men det vilde vera ein syrgjeleg Tankegang. Daa maatte Fatikfolket hava dei tvo harde Ting aa velja imillom, anten aa lata vera aa gifta seg elder so fekk dei gifta seg og _ svelta ihel. Det grys i oss, naar me tenkja paa ein slik hardhjartad, umenneskjeleg Lærdom. Og dette meinte Malkus var naudturvelegt, for at ein liten Del av Mannaætti, eit Adelstand, kunne faa liva som Folk og det meinte han, dei kunne gjera med godt Samvit, iser um dei var sopass menneskjelege, at dei gav nokre Skillinger aat den Fatikmann, som kunne koma rekande soleis. Malkus vart ærad som den største Vælgjerdsmann mot Ætti av Adelsmenner, Prestar og Rikmenner, som vilde hava Fred baade utanum seg og i sitt eiget Samvit. Han fekk Ordensteikn og ei feit Løning, og han vart næsten forgudad for denne pene Uppfinningi si.

Adam Smitt lærde det vakre og sanne, at det er det likamlege Arbeidet, som er Makt i den kroppslege Verdi, og at det difor ikkje var for mange, men tvert imot for faae Menneskjer endaa, og at dette og desse laut utvikla seg gjenom den fri Kappestrid, og han vilde difor ha _ Frihandel. Denne Lære var ei Letting for mangt eit ærlegt og kjærlegt, men trykt Sinn, so dei sukkad lettare og andad friare.

Men no hev denne Frihandelen gjort stor Skade, samlat uhorvelege Rikdomar paa Enkeltmenner, so Fatikdomen no er større enn nokosinn sidan den franske Umveltningi. Og Maskinerne hev komet til, og dei og hev gagnat Rikmennom mykje. Korleis skal denne 
Motsetningi millom Framstig og Fatikdom kunna jamnast? for jamnast maa det, sosant at Mannaætti er korad til aa ganga fram mot
større og større Fred og Lukka her paa Jordi.
 
Socialistarne sit i stor Fatikdom med blaagule, svoltne Born og uttærde Koner, og dei stira paa dei uhorvelege Rikdomarne, som t. D. i England er so stor, at ein Enkeltmann, som Hertugen av Westminster kann eiga halve London, og Socialistarne spyrja, og det med mykjen Grunn: Kva Slags Rett hev dei til aa sitja paa Solsida, medan me maa sitja paa Skuggesida? Og dei spyrja under Kanondur 
og Vaapengny, so det grys i desse hardhjartad Rikmennerne. Men dei taka Feil i Framgangsmaaten. Um dei fekk skjota ned ein Bismark elder ein Estrup, so gagnad ikkje det deim noko Grand, men berre seinkad og slappad, so denne Framgangsmaaten er aa likna med Krutsprengningi, som vistnok gjer Uppsikt i Stundi, men som ingen vidare Verkning hev mot den litle Vatsdropen, som sprengjer Bergi. 
Det, som eine og aaleine kann hjelpa, er derimot det stille, trufaste Arbeidet i det smaae. Dersom Folket i Kjærleike vilde sjaa til aa hjelpa kvarandre til aa koma paa si rette Hylle, so at so mange som mogeleg kunde hava ein Jordflekk elder noko anna, som dei med Gleda kunne leggja sitt Arbeide og si Kraft paa, so skulde dei store Skattarne minka meir og meir. Som i England no so er der endelause Jordvidder, som liggja udyrkad og store Massar av Folk, som frys og svelt og ikkje hava noko aa kjøpa for. Kor mykje større Utførsel fraa Norig vart det ikkje, dersom desse hadde Pengar aa kjøpa for! So det, at her gaar store Fjøldar arbeidslause Folk, er det, som er Orsak til den tronge Tidi og dei store Skattarne.

Her i Seljord tenkja dei vist aa faa istand ein frivillig Fattigpleie, og paa eit Møte for 14 Dagar sidan vart Ullmann, Stortingsmann Olav Sveinsson og Sakrisen valde til aa uthøyra Tilstandet hjaa Fatikfolket her, so Ord og Gjerning fylgjest aat.

Lorents Berre . (Nordtr.)