Ein Selle.

 
(Del 4 av 10. Fyrste delen.)
 
(Framhald).
 
 
Granafjell hadde heiltupp fortrylt meg. Trur du ikkje kanskje eg gjorde Vers um det. 
Eg tok i det heile til aa dikta, det hadde eg ikkje gjort paa lenge. Men eg laut gjera noko til aa trøyta Tidi. Reika paa Gaturne og sitja paa Restaurasjonarne og røda med Gastarne der _ nei fy daa. Ganga paa Visit til Familier? Aa nei. Til aa lesa hadde eg ingen Hug; det var ikkje noko lesande. Og det var ingen endeleg, som eg brydde meg um aa raaka. So sette eg ihop øgjelege Vers. Um Dagen skreiv eg, um Kvelden, naar eg lagde meg, kunne eg Versi mine, og dei gjorde meg ør i Hovudet, so eg ikkje kunne sova, og utpaa Morgonsida laag eg berre og rørde og drøymde um Granafell og Bjørndalen og Folket der, so eg tilslutt vart so leid, at eg ynskte meg, at eg kunne vrida Hovudet av heile Granafjell. Eg gjekk reint som um eg var hugteken elder forelskad, so leid var eg, kunne ikkje tenkja paa nokon Ting.
 
_ Nei det gjeng ikkje dette Tor _ sagde eg endeleg ved meg sjølv, sette meg til og skreiv eit Brev til ein Sakførar, sende honom nokre Tusund Krunur: skaff meg ein Eigedom for dette i Bjørndalen straks paa fljugande Flekken, liten elder stor fær verta di Sak, tak so mykje av Pengarne du vil sjølv, berre skaff meg Eigedomen straks.
 
Eg vilde naturlegvis flytja til Bjørndalen straks; det var ikkje Tale um anna. Eg hadde noko aa gjera der, det kjende eg paa meg. All annan Stad var eg som framand, der einast var det heimslegt. Daaeg hadde teket den Avgjerdi, sluttad eg straks med aa skriva Vers, dei lagde eg til Side og tok til aa skriva Prosa, eg vilde halda eit Fyredrag. Det hadde eg aldri i mine Dagar gjort fyrr, men no vilde eg gjera det; og det eit Fyredrag, som skulde verta godt, dei gode Bjørndøler skulde faa høyra noko, som dei ikkje hadde høyrt Maken til fyrr. Betre Tilhøyrarar kunne nemleg ingen Talar ynskja seg; kvifor skulde eg daa ikkje gjera ein Tale, som var dei verdug? Jau eg kunne lita paa dei, og eg vilde vaaga noko paa dei. Dette friske Naturfolket, som aldri hev høyrt anna enn ein vesall Prest elder noko, no skulde dei sanneleg faa noko, som var Merg i. Eg gjekk og log, so det lyste av meg, naar eg tenkte paa, kor eg skulde hugtaka Folket. Alt som eg aatte av Varme og Eldhug, alt som eg hadde samlat og boret for meg sjølv i mange Aar, og som ingen kunne tru ein slikein som meg til, alt vilde eg sleppa laus som ein Stormvind yver Folket. Eg tottest alt sjaa, korleis Taarerne trillad or augo paa dei gamle Gubbar, kor rørde dei var jamvæl sterke Menn, naar eg kom med mine Ord so varme, at dei kunne smelta ein Stein, eg tottest sjaa Kinni bløma og Augo straala paa dei unge Gutar og Gjentur ved mine eldfulle Ord.
 
Eg kjende meg sigersæl som ein Konge; eg skalv av Fagnad og Fysne.
 
Sakføraren var ein gild Kar, han sende meg Brev um, at alt var i Orden, og ettersom eg kunne skyna av Brevet hans, hadde han slett ikkje teket meir enn høgst eit Par Tusund Krunur for Bryet. Eigedomen var nok ikkje ovlæte stor.

Kva vyrde eg det?
 
Eg skreiv straks til det Posthuset, som laag nærmast ved, sende Pengar og bad dei leiga ein Mann til aa ganga fraa Hus til Hus i heile Bjørndalen og segja, at Sundagen den 15de vilde eg halda Fyredrag, og at alle maatte koma, gamle og unge.
 
Sjølv reiste eg straks iveg og kom væl fram til Eigedomen min. Eg heldt meg i Ro til um Sundagen. Jau det kom nok Folk, det var gildt. Alle som hadde Salmebøker, hadde dei med, store grovstilad Bøker, med heile 
Trekassur til Perm paa.
 
Eg tok aat med Skjelving i Mælet. Eg hadde so mykje aa segja dette Folket, at det galdt liksom Liv og Død, totte eg, korleis dei vilde taka imot det eg hadde aa segja dei.


Eg fortalde det, at her i denne Bygdi hadde eg funnet ei Rysekraft, stokki ut or Berget, leitande etter noko aa røyna Avlen paa.
 
Det var det same um det var berre skrinn Jord; um det berre var sjaa-ande Berg og Knausar, so var det grornæmt likevæl.
 
Kva vyrde eg, um Storingarne sagde, at Folket her ikkje var likare enn i andre Bygder, ja at det var nedtrælkat i Vanedom og Uvyrdskap _ eit viste eg, at eg elskad det. Og so tok eg til aa leggja ut um min Kjærleik til dette her Folket med slike glødande Fargar, det var som det heitaste Elskhugsbrev. _ Gjenturne tok so smaatt til aa raudna og hava seg ut. _ Det eine Ordet tok det andre, eg lagde ut um Granafjell og alle mine Draumar og Lengslur, um korleis det stod og nikkad naadugt med Hovudet o. s. b. Og so um Maalføret deira daa, eg hadde voret i mange Land, men aldri høyrt slikt, kvart eit Ord tottest vera lagt med Gull, Rosur og Liljur draus etter kvar ein Ljo.
 
Han som styrer all Heimsens Gong, meinte eg, og som legg Mannasoga til rettes, han set oss alle Kall og Uppgaavur, paa det me skal løysa dei. Han korar ut Folk til aa bera fram hans Raader, han vandar dei store og vel dei smaae. Men til oss sjølve stend det, um me vil vera trugne mot hans Fyrelogur. Og dette var det daa, som hadde svivet meg for Hugen, naar eg saag paa den sereigne Hugen og dei serskilde Gaavurne, som ogso laag i dette her Folket. For han vil ikkje, at Bjørnen skal verta sett i Band. Mange frægde Folk, som skein som eit Ljos i Verdi, dei hadde han nedstøytt, so Namni deira ikkje nemnest millom Folkeferderne, men unge ukjende Folkeslag hev stiget fram paa Oksli av dei gamle og teket Tak og haldet fram det, som dei hine ikkje hadde orkat.

Og so var det no det, at um Liv er laget for vaart norske Folk, so maa Heileboti koma fraa den, som Livsvoni eig; daa maa denneBygdi reisa seg og vekkja og kveikja Hugen rundt Norigs Land.

Daa eg skulde sjaa meg umkring paa mine Tilhøyrarar, saag eg noko rart. Dei var burte, hadde rømt ifraa meg alle saman, der sat berre att ein gamall Kall i Skinnbrok, gliste og log so innerleg godt.

Eg totte det var ikkje noko aa tala aat, og sluttad difor straks. _ Du var ein løgleg Selle _ sagde Kallen _ koss er den Karen lagad?
 
Aah!
 
Det var Bjørndøler det.

( Meir.)