Bragarødur.

 
(Ein Taatt or Snorre-Edda snudd um fraa Gamall- til Ny-norsk ved T. O. ).
 
Ein Mann er nemnd Æge hell Hlé. Han budde paa den Øyi, som no heiter Hlesøy; han var mykje trollkunnig. Han gjorde ei Ferd til Aasgard; men daa Æserne visste um Ferdi hass, vart han væl motteken, væl i mange Delar med Synkvervingar. Og um Kvelden, som dei skulde drikka, daa let Odin bera Sverd inn i Hallen, og dei var so blanke, at det lyste av dei, og det var ikkje havt anna Ljos, med dei sat ved Drykkja. Daa gjeng Æserne til Gildet sitt, og i Høgsætet sette 12 Æser seg, dei som skulde vera Domarar, og dei var soleis nemnde: Tor, Njord, Frey, Ty, Heimdal, Brage, Vidar, Vale, Ull, Høne, Forsete, Loke. Likeeins Aasynjer: Frigg, Frøya, Gevjon, Idunn, Gjerd, Sigun, Fulla, Nanna. For Æge tottest der vera gildt, daa han saag seg um. Alle Veggjer var tjeldat med fagre Skjold; der var og aafengen (sterk) Mjød, og mykje drukket. Næste Mann ved Æge sat Brage, og dei heldt kvarandre med lag ved Drykkja eg Ordskifte. Brage fortalde um mange Hendingar, som Æsir hadde havt.

Han byrjad der den Forteljing, at tri Æsir fór heimanfraa, Odin og Loke og Høne, og fòr umkring Fjell og Øydemarker, og det var vandt for Mat. Men daa dei kom ned i ein Dal, ser dei ein Ukseflokk, og tek ein Ukse og steller yver Elden. Men daa dei trur, at det maa vera kokt, rauv dei Elden, og det var ikkje kokt. Og ei Gong til, som dei rauv Elden, daa ei Stund var lidi, var det ikkje kokt. Dei mæler daa seg imillom, korleis dette gjekk til. Daa høyrer dei Maal i Eiki upp yver seg, at den, som der sat, sagde seg vera Skuld i det, at det ikkje kokte paa Elden. Dei saag til, og sat der ei Ørn, og ho var ikkje liti. Daa sagde Ørni: Vil de gjeva meg Metten min av Uksen, so skal det koka paa Elden. Dei lovar det. Daa let ho seg siga or Treet og set seg paa Elden og legg upp strakst tvo Laar av Uksen og baae Bøgarne. Daa vart Loke sint og greip ei stor Stong og reider av all Kraft og driv til Kroppen paa Ørni. Ørni rykkjer til ved Hogget og flyg upp, daa var Stongi fast ved Kroppen paa Ørni og Lokes Hendar ved den andre Enden. Ørni flyg hardt, so at Føterne til Loke tek ned i Stein, Urder og Tre; han trur, at Henderne hans maa bli slitne or Akslerne. Han kallar og bed Ørni innerleg um Fred; men ho segjer, at Loke aldri skal verta laus, utan han sver paa aa faa Idunn ut av Aasgard med Epli sine; men Loke vil det; han vert daa laus og fer til Lagsmennerne sine, og det er denne Gongen ikkje fortalt um fleire Hendingar paa Ferdi deira, fyrr dei kjem heim. Men paa den fastsette Tidi lokkar Loke Idunn ut um Aasgard i ein Skog og segjer, at han hev funnet Eple, som ho vil tykkja gildt i, og bad, at ho vilde hava med seg sine Eple og likna i hop med hine. Daa kjem Jotunen Tjosse der i Ørneham og tek Idun og flyg burt med ho til Trymheim til Garden sin. Men Æsir vart ille ved, daa Idun kvarv, og dei vart braatt graae og gamle. Daa heldt Æserne Ting, og kvar ein spør den andre, naar han sist hadde set noko til Idun; men det var sist set, at ho gjekk ut or Aasgard med Loke. Daa vart Loke teken og førd paa Tinget, og dei trugad han med Bane hell 
Pinslur. Men daa han vart rædd, sagde han, at han vilde søkja etter Idun i Jotunheimen, um Frøya vilde laana honom Falkehamen, som ho aatte. Og daa han fær Falkehamen, flyg han nord i Jotunheimen, og kjem ein Dag til Jotunen Tjosse; han hadde rott ut paa Sjøen, men Idun var eine heime; Loke skapte ho um til ei Not og hadde ho i Klørne sine og flaug det meste han vann. Men daa Tjosse kom heim og saknar Idun, tek han Ørneham og flyg etter Loke og drog Arnsug¹) i Flugti. Men daa Æserne saag, kor Falken flaug med Noti, og kor Ørni flaug, daa gjeng dei ut under Aasgard og ber dit Byrar av Høvlflis. Og daa Falken kom innanfor Borgi, let han seg falla ned ved Borgveggen; daa slog Æserne Eld i Høvlflisi, men Ørni kunne ikkje standa seg, idet ho miste Falken; Eld slog i Fjødri paa Ørni og Flugti tok daa av. Daa var Æserne nær og drap Jotunen Tjosse innanfor Aasgrindi, og er det Drap mykej frægt. Men Skade, Jotunen Tjosses Dotter, tok Hjelm og Brynje og alle Hervaapn og fer til Aasgard for aa hemna Far sin. Men Æserne baud henne Forlik og Skadebot, og som det fyrste, at ho skal kjosa seg Mann blant Æserne og kjosa etter Føterne og ikkje sjaa meir. Daa saag ho ein Mans Føter oveleg fagre og sagde:

Denne kys eg, faatt (faae Ting) kann vera ljott paa Balder. Men det var Njord or Noatun. Det hadde ho ogso i Forliket sitt, at Æserne skudle gjera det, som ho trudde, at dei ikkje skulde kunna; aa løgja henne. Daa gjorde Loke det, at han batt (eit Band) um Skjegget paa ei Geit og med den andre Enden um seg, og ymse gav etter av deim, og baade skreik høgt; daa let Loke seg falla i Fanget paa Skade, og daa lo ho; var daaForliksskylnaden til henne løyst av Æsernes Band. So er sagt, at Odin gjorde det til Skadebot ved henne, at han tok Augo til Tjosse og kastad upp paa Himmelen og gjorde tvo Stjernur av deim. Daa mælte Æge: Mykje synest Tjosse meg hava voret fyre seg; hell av kva Slegt er han? Brage svarar: Olvelde heitte Far hans, og merkjelegt vil det tykkjast deg, um eg fortel deg fraa honom. Han var mykje rik paa Gull; men daa han døydde, og Sønerne hans skulde skifta Arven, daa mælte dei Gullet, som dei skifte, paa den Maaten, at kvar skulde taka Munnen sin full, og alle like mange Gonger. Ein av dei var Tjosse, ein annan Ide, ein tridje Gang. Men det hev me som Ordtak no iblandt oss, aa kalla Gullet desse Jotnars Munntal²); men me løyner og gjev det i Runor (Tryllevers) og Skaldskap den Uttydning, at me kallar det desse Jotnars maal hell Ord hell Tale. _ Daa mælte Æge: Det tykkjeset meg vera væl løynt i Runor. Og vidare mælte Æge: Korfraa hev den Itrott komet, som de kallar Skaldskap? _ Brage svarar: Upphavet til den var, at Gudarne hadde Ufred med det Folk, som heiter Vaner; men dei lagde Fredstemne med kvarandre og fastsette Fred paa den Maate, at dei gjekk baae Partar til eit Kjer og spytte deri Raaken sin. Men ved Skilnaden, daa tok Guderne og vilde ikkje lata dette Fredsmerke bli burte og skapte av det ein Mann; han heiter Kvaase. Han er so vis, at ingen spør honom um dei Ting, som han ikkje veit Utløysing paa; og han for vide um i Verdi for aa læra Menn Visdom, og daa han etter Innbjoding kom til Dvergarne Fjalar og Galar, kallad dei honom med seg i Einmæle og drap honom. Dei let Blodet hans renna i tvo Kjer og ein Kjetel, og denne heiter Odrøre, men Kjeri heitte Son og Bodn. Dei blandad Blodet med Honing, og derav vert Skald og Vismann. Dvergarne sagde til Æserne, at Kvaase hadde kovnat i Mannavit, fordi at ingen var so vis, at han kunne spyrja honom ut um Visdom.

Daa baud desse Dvergar heim til seg ein Jotun, som heiter Gilling, og Kona hans. Dvergarne baud Gilling aa ro paa Sjøen med seg. Men daa dei for fram utfor Land, ror Dvergarne paa ein Baae, og Skipet kvelvde. Giling var inkje sumd, og han tyndest. Men Dvergarne rettad Skipet sitt og rodde til Lands. Dei sagde Kona hans dette Hende, men ho tok seg det nær og gret høgt. Daa spurde Fjalar henne, um ho vart lettare i Hugen, dersom ho fekk sjaa ut paa Sjøen, der, som han hadde tynst; men ho vilde det. Daa mælte han ved Galar, Bror sin, at han skal fara upp yver Dyrni, naar ho gjekk ut, og lata ein Kvernestein falla ned i Hovudet paa henne, og sagde, at han leiddest upp av henne; og han gjorde so. Daa Jotunen Sutting, Gillings Son, spurde dette, fer han til og tok Dvergarne og flyt ut paa Sjøen og set deim paa ei Flu. Dei bed Suttung for Livet sitt og byd honom i Forlik og Mannbot for Far hans Mjøden den dyre, og det vert til Forlik med deim. Suttung flytjer Mjøden heim og gøymer den der, som heiter Hnitbjorg, og set der til Gætsla Dotter si, Gunnlod. Av dette kallar me Skaldskapen Kvaaseblod hell Dvergars Drykk hell Fylle hell ein hell annan Slags Log fraa Odrøre hell Bodn hell Son, hell Dvergars Farkost, fordi at denne Mjød gav deim Redning or Skeret, hell Suttungs Mjød hell Hnitbjorgs³) Log.


Daa mælte Æge: Myrkt tykkjest meg det mælt, aa kalla Skaldskapen med desse Nemne; men korleis kjem Æser til Suttungs Mjød? Brage svarar: derum er Soga den, at Odin for heimanfra og kom der, som nie Trælar slog Høy. Han spør, um dei vilde, at han skal bryna Ljaarne for dei. Dei svarar ja til det. 
Daa tek han ei Hein or Beltet sitt og brynte: men dei tykteste, at Ljaarne beit mykje betre, og dei falad paa Heinen. Men han sette Prisen so, at den, som vilde kaupa, skulde gjeva det, som var høvelegt for den; men alle sagde seg aa vilja det, og bad honom selja til seg. Han kastad daa Heini upp i Lufti; men alle vilde gripa den med Haandi. Daa gjekk det so til, at kvar svingad med Ljaaen mot Halsen av den andre. Odin søkte Hus for Notti hjaa ein Jotun, som heite Bauge, Suttungs Bror. Bauge snakkad um, at det stod ille til med Stellet hans, og sagde, at dei nie Trælarne hans hadde drepet seg; han fortalde, at han ikkje viste seg Von um Arbeidsfolk. Men Odin nemnde seg Bolverk (Illverksmann) for honom; han baud seg til aa taka upp 9 Manns Verk for Bauge, men tingad seg som Løn ein Drykk av Suttungs Mjød. Bauge sagde seg ingi Raad eiga av Mjøden, sagde, at Suttung aaleine vilde hava den; men lovad, at han skulde fara med Bolverk og freista, um dei fekk Mjøden. Bolverk vann um Sumaren 9 Manns Verk for Bauge; men mot Vetren bad han Bauge etter Leiga si. Daa fer dei baae avstad. Bauge segjer til Suttung, Bror sin, sitt og Bolverks Kaupmaal, men Suttung negtar tvert kvar Dropen av Mjøden. Daa mælte Bolverk til Bauge, at dei skulde freista med listige Paafund, um dei kunne faa Mjøden; men Bauge let det vera væl. Daa dreg Bolverk fram ein 
Navar, som heiter Rate, og sagde, at Bauge skal bora Berget, dersom Navaren bit. Han gjer so. Daa segjer Bauge, at der er borat igjenom Berget, men Bolverk blæs i Navarsholet, og Flisi fyk upp imot honom. Daa fann han, at Bauge vilde svika honom og bad honom bora gjenom Berget. Bauge borad atter; men som Bolverk bles andre Gongen, fauk Flisi inn. Daa tok Bolverk paa seg Ormeham og kraup inn i Navarsholet, men Bauge stakk etter honom med Navaren og trefte honom 
ikkje. Bolverk for dit, som Gunnlod var og var der tri Næter, og daa lovad ho honom, at han skulde faa drikka av Mjøden tri Drykker. I den fyrste Drykk drakk han alt or Odrøre, men i den andre or Bodn, i den tridje or Son, og hadde han daa all Mjøden. Daa tok han Ørneham og flaug etter honom. Men daa Æserne saag, kor Odin flaug, daa sette dei ut i Garden Kjeri sine. Men som Odin kom innanfyre Aasgard, daa spytte han upp Mjøden i Kjeri, men det gjekk daa so nær paa for honom, at Suttung kunde naa honom, at han let noko av Mjøden ganga bak, og det var inkje ansat, kven, som vilde, kunde hava det, og kallar me det dei laake Skaldars Lut. Men Suttungsmjøden gav Odin til Æserne og til dei Menn, som kann dikta; difor kallar me Skaldskapen Odins Feng og Møte og hans Drykk og hans Gaave og Drykken fraa Æserne.

¹) Draga Arnsug d. e. fjuka so det yler i Lufti. Ein kann draga Arnsug med ei smal Stong ogso, naar ein slær i Lufti med den.
²) Munntal d. e. Munnteljing; Tal tyder baade Teljing og Tale.
³) Hnitbjorg, av Hnit d. e. Sting, Nit, Verk; Bjørg d. e. Berg. Nit i Ryggen d. e. Sting, Verk i Ryggen.