[Tidender.] Fraa Krigen nedanlands.

 
Det er likt til, at det er Bulgaranne, som kjem til aa vinna. Fyrst Alexander vert so upprosad no i alle Blad, han hev synt seg som ein Hermann av fyrste Rang. Han er berre 28 Aar, og han var komen upp i sodan ein Vande, at det aldri tottest vera nokon Utveg. Offiserar var det ikkje for mykje av. Dei som hadde voret der fyrr, det var for det meste Utlendingar, allvist Russarar, men dei hadde reist heim att, sume for fleire Aar sidan og sume no nyleg, 
daa Rusland ikkje likad at dei var der. Elles likad dei dette Folket, dei vilde ikkje hava utanlandske Offiserar yver seg, og det kveiktest ein heil Fagnad utyver Landet, daa det spurdest, at dei var strokne. Dei vilde vera nasjonale i eit og alt. Men dei var berre Ungdomen Offiserarne deira eigne. Den eldste av dei var ikkje meir enn 35 Aar, men dei hadde voret i god Skule, sume hadde voret med i Krigen ogso.

Det var ikkje nokon retteleg upptamd Her dei hadde helder, det liknad meir paa eit Folk i Vaapen. Og dei var huglause. Men Fyrst Alexander kom og sette Liv og Kveik i dei, dei vart som umskapad, han eldad dei upp, gav dei Mot og Kamphug; sjølv gjekk han fremst i Striden, der Kulurne foor tettast. Dette likad dei. Alle vart hugad til aa ofra Liv og Goss.

Den 20de November stod Serberanne framfyre Slivnitza. Um Morgonen gjekk eine Delen av Bulgar-heren ut imot Fienden. Ved Middagstid gjekk den andre Delen ut. Dei slost hardt, alt til det vart Kvelden. Serberanne laut vika, 400 av dei vart gjorde til Fangar.

Og no er det Serberanne, som hev vortet motlause, Kongen deira, Milan, er hugsjuk, og dei tek til aa verta misnøgde med han.

Folk meiner, at er Fyrst Alexander klok nok til aa nytta Sigeren og gjera Fred i rett Tid, so vil han verta Vinnaren.