[Tidender.] Ei ny Studentarforeining.


I den siste Tidi hev det voret mykje Tale um Studentarne, og det eit godt Tidemerkje.
 
Folket sender ein stor Del av sine beste Søner til Universitetet, og ein skulde soleis venta, at me der hadde ein sterk frisk Ungdom. 
Men det hev nok voret so ymist med dette. Ungdomen lærde mykje ved Universitetet; men det syrgjelege var det, at di meir dei lærte, di meir kom dei burt fraa den verkelege Verdi og sjølve Folket. Soleis hev det voret i mange Aar gjenom ei lang Aarrekkje; de lærte megen død Kundskab, men ikke den Kjærlighed, der kunde gaa varmende over By og Bygd hev ein sagt med Rette um dei.
 
Det viste seg ogso, naar dei kom ut i Li-vet. Soleis fekk me det norske Embættsstandet.
 
Det kann no vera mange Grunnar for desse. 
Ein av desse trur eg er det dei lærde uppe i det norske Studentarsamfundet; det hev voret mangein god Ungdom, som miste baade Tru og Interesse deruppe, mangein som kom ditupp med varme sterke Krefter for aa ta eit Tak i Livet, og so lærde han at den norske Studenten stod høgt lyft upp yver den aalmenne Mann, at han saag paa alting med eit friare ljosare Syn, at han ikkje skulde søyla seg til med dei Spursmaal som ligg framme i Dag elder imorgo, han skulde berre sjaa paa alt i det store Ljos av Vitenskap og Einheit i alt. Han var Athenes ægtefødte Son.
 
Arbeidet gjekk stilt og rolegt for seg ute i sjølve det norske Folket; Folket arbeidde seg fram; men det norske Studentersamfundet det stod enno paa same Staden paalag; Livet kunne ikkje draga dei med seg. Dei sat deruppe i den store Salen sin og stengde seg ute fraa alt. 
Det faldt Støv, Støv, tæt Støv deroppe.
Det hev ikkje altid voret so; det hev voret Tider daa det norske Studentersamfundet gjekk i Brodden for det nye, det friske i Nasjonen, eg vil berre minna um Wergelands Tid og seinaren den Gongen Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun var dei som stod i Spissen for det. Daa hadde Samfundet store Dagar; daa hadde det Magt; den Gongen var det Samfun
det som var fyre; sjølve Folket laag attende. 
Det Samfundet vedtok maatte alle leggja Merkje til, ja um det so var Regjeringi, so vilde ho ha full Fraasagn um Ordskiftet deruppe. Men den Tidi gjekk snart.
 
Studentersamfundet er ikkje nokon Samlingsplass for alle Studentarne; der er so dyrt aa vera der;
Studentarne som dei er vanleg stelt i Pengesaker, hev ikkje Raad til aa vera med der. Dette er Hovudgrunnen til at Samfundet for største Delen er ei Samling av Embættsmenns- og Grosserarsøner; lite hev dei lært av Livet heime og enno mindre les dei deruppe og Samfundet blir paa den Maaten det, det er.
 
Det hev lenge voret godt um aa skipa ei liberal Studenterforeining, men det hev aldri vortet til noko med dei; me hadde eingong Fram, men Fram hadde ikkje Livekraft nok; det døydde av og dei liberale Studentarne hev ikkje paa lange Tider havt nokon Samlingsstad, Studentersamfundet livde som fyrr paalag; litt gjorde vel Tidi; Samfundet vart nøydt til aa opne Dyri for fri Discusjon; men samstundes bar det dei seg slik aat, at dei fleste Framstigsmenner ikkje vilde setja sin Fot ditupp var i Namnet var Samfundet heilt onnorleis; men i Røyndi var dei seg sjølv heilt ut.

Men so kom her ein Dagen Ugreida med Ibsen. Samfundet viste seg her fraa si verste Side. Formannens Redegjørelse og Dikt og alt det andre, han maatte sjølv høyra paa, at det vart nemnt som: en Skjendsel for det norske Studentersamfund og Visa et Smededikt.

Men denne Ugreida gjorde nok godt lel; ho gjorde sitt til, at dei liberale Studentarne sluttad seg ihop for aa skipa ei ny Foreining, der ein kunne faa Livet med, der ein kunne faa høyra litt um dei store Spursmaal, som er uppe i Tidi.

Professor Ernst Sars lovad, at han vilde vera Formann, og det fyrste Møte hadde me no 
Torsdag var. Fyrst var det Val paa Bestyrelse og so heldt Prof. Sars eit greidt klaart Fyredrag um den norske Soga i 1814 og Tidi etterpaa, ved Punsebordet vart det haldet Tale for Ibsen, Bjørnson, Lie, Kjelland, Garborg og Aasen. 
Foreiningi byrjad godt og me fær vona at ho vil gjera sitt til for aa hjelpa litt upp Studentaremnet og visa, at ogso Studentarne her i Norig kann staa i fyrste Rekkje, naar det gjeld Fridom og Framgong. Me treng um aa faa vita det.

I.N.