Tidender.

 
Kristiania, den 28de August.

Det er ei gamal Soga um Skjotarne, som for paa Herferd og laag ute i mange Aar. Dessimillom tok Trælarne Konurne og Eigedomen deira. So kom Skjotarne heim og gjekk paaTrælarne med Sverd i Hand, men Trælarne vann i Slaget.

Daa grundad Skjotarne paa, kvat dei so skulde gjera; sist paa fann dei paa Raad.

Dei lagde fraa seg Sverdi og tok Svipurne og gav seg til aa slaa med; daa rømde Trælarne. Dei slipte Sablarne og uskyldige Kanoner skræmed ikkje Vinstre.

Difor skjeller og smeller Høgre svært no um Dagen, um det skulde hjelpa.

Fær no sjaa, um Vinstre rømer undan.


Vinstretingmann kjem iaar fraa Finnmarksbyarne (Hammarfest, Vardøy, Vatsøy) ; Vinstre vann nemleg ved Valmannsvalet.


Verre  og verre . Det svenske Bladet Dagens Nyheter skriv: Me hev nyleg peika paa den snodige Lagnad, at vaare norsk-fiendslege Høgrebladgjev det norske Vinstre den eine gode Hands Hjelp fyrr den andre under Valagitasjonen no. Baade N. d. Alleh. og Norrkjøpingbladi hev ankat mykje paa dette; men me skynar endaa ikkje so rett, um dei er vortne illa ved aa hava hjelpt det norske Vinstre imot Viljen sin, elder ved det Kamratskap, som dei godviljug hev med det Blad, som hev spreidd ut dei makalause Hædingar imot Regjeringi i eit framandt Land. Dei hev nemleg ikkje noko anna aa andstemna alt dette med hell ved aa syna noko av den aalmennelege Svenskhetsfarisæismen, som lærer, at Fedralandskjærleiken ikkje finst andre Stader enn i dei Bukselomurne der vaare Byraakratblad knyter Nevarne imot nordmennerne.

Som bekjendt søger vore Højreblad nu lige under Valget at fornægte sine Landsforræderske Forbindelser i Sverige; men det skal ikke lykkes dem, sluttar Dagbladet.


Det er ikkje fyst for Høgremennerne no um 
Dagarne; einPlass i Tinget hev dei tapt og ingen vunnet.

I Hedemarkens Amt tapte dei ogso fælt, som ein kunne vita.

Det kom ikkje i Aar helder, dette Atterslaget, dei hev ventat so paa. Der er Von um, at det endaa vert ei drjug Tid aa venta.


Garborgs Ein Fritenkjar skal med det fyrste ganga ut som Føljetong (Utklypp) i Tiden i svensk Umsetjing.