Meir lyt det gjerast fyre Maalet,


skal me vinna fram. Me lyt slaa Slag, som duger, hogga harde Hogg likso Federne vaare.

Det kann vera mykje bra aa skriva fyrMaalet, likso visse Vinstreblad hev gjort (daa dei saag, at Regjering og Tingmajoritet vilde so hava det); Takk og Æra skal dei hava fyre det!

Men skal det muna noko, so lyt me jamen ikkje berre standa aa ropa: Folket lyt hava Maalet sit att; me lyt ogso skriva Maalet . Eg vonar ikkje at desse maalvenlege (?) Blad, skal skriva altpaa norsk; med Trælemaalet sitt i Høgsetet, so lyt det vel vyrdast som Herre i Huset, det skynar eg nok; men det segjer eg, som sant er, at eit litet Rom i kvart Blad kunna dei gjerna hava aat eit Stykkje paa norsk; det var ikkje for mykje. Men sjaa berre etter, um dei det gjer!

Koma vil ei Tid, daa norske Menn vil døma deim, som sette seg upp imot Maalet vaart og kjempa harde Kampar fyr Trælemaalet, ingen Mun betre enn deim, som vilde strøypa og tyna Fridomen her i Landet, _ 
og daa fær ogso dei sitt, dei, som verka fyr lite fyr aa vara og heidra Skatten fraa Federne.

Nokre vil lappa og bøta og fli Danskekofta, sauma norske Klutar med norsk Traad paa eit dansk Klede, og so trur dei, det skal verta norskt med slik Lapping. Kvat skal me med slikt? Lat Dansken sjølv vøla um si eiga Kofta.

Eg fyr min Deil setter Maalsaki framum Politikken. Daa fyrst kann me verta eit sjølvstendugt Folk, naar me torer bruka vaart eiget Maal og berredet, men senda Dansken til Danmark atter, der han er komen ifraa. Men me er fyr veike; elder rettare: me fer fyr veikt fram. Det gjeld her aa vera strid som stridaste Straumen, hard, som hardaste Staalet. Det gjeld aa segja kvar Mann kva Spott og Skam det er fyr oss alle i hop aa hava Framandmerkjet paa Tungurna vaare, aa lata Trælemaalet ljoda i Skula, i Kjyrkja, i Tinghus.

Skal me daa i all Æva syna Verdi, til Spott og Spe fyr oss sjølve, at me hev voret trælkat under Danmark i 400 Aar, og at me lyt bera Trælelekkjurna kringum Hender og Føter den Dag i Dag.

Der er vel ein-kvar, som raamar med seg; naar dei høyrer Tale um Trælemaal. _ 
Kva er daa eit Trælemaal? Trælar jamvæl av eit framandt Folk lyt stødt tala Maalet deira, som dei trælar hjaa. Men aldri fær dei Tunga til aa slaa plent likso Herrarne deira. Det høyrest paalag som eit anna Maal: det er Trælemaal. Torer eg no spyrja, um ikkje vaart dansk-norske Maal er slikt eit Trælemaal.

At Høgremennerne vil verja um eit slikt Maal med Nebb og Klør, det tarv ein ikkje falla i Undring yver. Men at der utav heile Vinstreflokkjen ikkje skal vera fleire, som tek eit Kraft-tak fyre Maalet, so norrøn Tunga enn kann klinga i norrønt Land, det er det mest harmelege, som ein Fedralandsven kann tenkja paa.

Flokk dykk Frendar i fridan Fylking! Ver ikkje skjelvande Slavar, som dei lyt piska til Strids!

Me lyt vera gjilde Karar likso Federne, som gav oss Maalet vaart. Naar Her-lur kallad til Kamps norrøne Menn, daa skaalvo dei ikkje i Kneledom, daa gjengo dei fram som ville Vargar, som eggjade Ulvar, som bitande Bjørnar. Runno daa rædde danske menn, vart dei daa jagade utor Landet. Men no, no skal me lata honom vera i Fred i Landet vaart, blaute Dansken. No skal han sitja i Høgsetet og me sjølve i Skammekraai.

Aa, me er ikkje verd aa hava slike Feder, som me hev! Me var verd aa hava Trælar til Feder.

Kva vilde Federne segja, um dei saag slik ei Vanmagt, ja slik ein Dauvskap?

Dei uslaste Trælefolk her i Landet _ Lappar og Kvenar _ kann høyra Modersmaal sit i Skula og Kjyrkja, men me sjølve, som eig og ræd Landet, me skal kanskje enno krjupa i hundrad Aar, fyr det kann segjast: Norsk talar dei i Noreg.

Nei, so tarv det ikkje vera. Me lyt laga trauste og tettare Samlag rundt kringum i heile Landet. Me lyt halda Møter med Utgreidingar umog paa Maalet. Me lyt faa norske Bøker inn i kvart eit Kommunebibliotek, og me lyt faa Folket til aa vakna der, dei er dauve. Er der ein Drope utav Fedrablod i deim, so kjenner dei att Fedratunga.

Kva gagnar det, berre i Kristiania aa hava eit norsk Samlag? Landet rundt lyt det vera, i kvar ei Bygd ifraa Nordkapp til 
Lindesnes. Upp Maalmenn yver alt Landet!


l. n.