Haaløyginganne fyrr og no.

 

I Haalogalandet ( &dvs; Nordlands Amt med Senjen) budde i Gamledagar Haaløyginganne; da var hitt gjevaste Folk. Nedigjønom heile Medal-tidi, med me hadde vaare eigne Kongar, kunna dei njota sit Sjølvstende; og slik som dei hadde da inkji Folk i heile Europa _ berre islandske Menn undantekne.

 

Konganne budde sudrpaa Landet, mest i 
Thraandheim, og darumliggjande var deira Velde. Da var med dei norrøne Konganne liksom, naar du kastar ein Stein midt i eit stort Vatn: Baaronna gjeng i ringar til alle Sidor; attmed bylgjar da mykji, langt burte ligg Vatnet kjyrrt. Dei, som budde nær, fekk vita, at dei hadde Konge. Hans Godleike naut dei, var han god, hans Vondskap og Vreide, var han vond.

 

Haaløyginganne var dei norrøne Menn, som budde lengst burte ifraa Konganne; difyre var dei som tidast Sjølvværingar: so kallar dei daruppe dan dag i Dag Folk, som raader og styrer seg sjølv. Eit Par Gonger for Kongar med Herskjold yver Deilar av Haalogaland, og daa flaut da Blod; men slike Blodferder gjorde deim inkji vensæle. _Harald hin haarfagre totte, at Thorolv paa Sandnes paa Alsøyi vart fyr ovmegtug. So siglde han ditetter og vilde brenna haanom inne med Karlanne hans. ”Ikkji skal Menn mine berjast ( &dvs; strida) med Menn hans. Vondt mun dei daa slita”, meinte Kongjen. Thorolv og Menn hans braut Veggjen ned og drap mange Kongsmenn, fyrr dei sjølv stupa. _ Olav Tryggvason styrte ogso stygt daruppe _ fyr aa gjera Folk til kristne Menn; men Haaløyginganne var og vart Sjølvværingar. Dar var Lendarmenn; men dei stod seg daa bedst paa ikkji aa fara fyr hardt fram; elljest kunna da ganga deim galet. Haaløygske Menn var sjølv vande aa herrska: paa Sjo som Vikingar i Bjarmaland, paa Land yver Lappanne hjaa deim sjølv og i Finnmork. Skulde dei daa lyda andre?

 

I Dansketidi, daa Folket vaart vart reint fyrkomet, laut ogso Haaløygingen lida; men dan gamle Sjølvværingskapen sat i haanom til da sidste. Mange Segjarsogor og Fraasegn hev dei enno daruppe um, kor dei verja seg imot danske Amtmenn og Futar. Fyregangsmennenne var altid upplyste Folk. Tri Bøker var deira lesnad: Bibelen, Lovboki (Kristian 5.) og Snorre (Peder Claussøns Umsetjing), mest dei tvo fyrste. Desse Bøkerne og Sjølvtekt var Vaapni deira imot lovlause Embættesmenn. So hende da ender og daa, at slik ein Gamal-støyt reiste seg uppi Kjyrkjo, med Presten hell Bispen yverhaurde Ungdomen, og ropa: ”Da lyg du!” naar han daa sidan vart kalla fram til aa svara fyre seg, drog han fram Bibelen undan Sekkjekofto og synte deim: 
”Her stend da so, men du sa annerleisen”. Var dei daa stride, so kom han fram med Lovboki og bad deim ”agta Kappa og Krage”. Slikt hende ogso ofta paa Tinge. _ Ein kann undra seg yver, at dei kunna ”ganga ut” med slikt, so dei ikkji vart sette i ”Bolt og Jarn” i slik ei lovlaus Tid. Men da hadde seg væl so, at sovorne Embættesmenner visste, at dei baade daa og oftar hadde gjort so mykje galt, at dei var rædde fyre Kofto si.

 

Soleis fortel dei um ein Amtmann de Cnagenhielm¹), at han samla Saltværingar og let deim fara til Sverike paa Røvarferd, messt fyr aa rana Skelefte Kjyrkja, som truleg var mykje rik. Dei kom att med stort Herfang, og Amtmannen tok venteleg Brorluten. Paa Sylvkanno paa Altaret i Skjerstadkjyrkjo skal ein dan Dag i Dag kunna sjaa, at ho hev vori i Skelefte fyrut. So vart han kalla Røvar, Amtmannen.

 

Sidan 1814 kom Grunnloven i Staden fyre Kristian V. Haaløygingen er eit Juristfolk, eit Lovfolk. Stødt so høyrer du, at dei kjem med eitkvart um Lov og Rett. Altid gjeld da aa agta Munnen sin. Gjerna vil dei standa paa sin Rett, ganga Loven so nær som mogeleg; men berre ikkje fyr nær. Gjævt er da, naar ein kann segja Motstandarar drjuge ord, _ nar ein berre agtar seg fyr Loven. Da og da segjer ”Loven”; so gjeld da aa finna paa eit Knep imot haanom, _ naar han daa er urimeleg aa segja. Med kvart vert da daa løglege hell topne Paafund²).

 

Haaløygingen er likevæl eit gjildt andetraust og upplyst Folk og framfyre alt: sjølvstenduge. Nokre segjer um deim som um Bønderne i da heile: dei er konservative. I visse Maatar hev dei Rett i da; dei held i da lengste paa da gamle; men just difyre er dei frilynde. Da gamle var Sjølvstende, so lyt da nye ogso vera Sjølvstende. Difyre ser me, at Haaløygingen er den, som i fullaste Mun held traust og fast ved Vinstre, dei og Inn-Thraandanne. I mange Sokn finnest ikkji Høgremenn, og um dar skulde vera ein, so kann han ikkji faa røysta _ paa seg sjølv.

 

I Finnmorki er da noko annarleis; der er Nordmennenne mest Innflyttarfolk og hev mindre politisk Kunnskap. Lappanne og Kveinanne vil eg no ikkji vyrda, naar da gjeld politisk Kunnskap. Kvar skulde dei faa haanom ifraa, _ mindre so Presten hell Skulemeistaren kunna læra deim eitkvart; fyr Blad hev dei ikkji, som kann gjeva deim nokor Rettleiding. _ At der er eit Storting hev kanskje mange haurt; andre veit kanske noko-so-nær, kva da er fyr Slag, dette Stortinget. Men kor skal ein stakars Fjell- hell Sjo-lapp kunna skjila imillom Høgre og Vinstre? Handelsmanden segjer, at Lensmanden er ein god Valmann, Presten segjer da same. Ja er ikkji Lensmannen ein bra Mann? Jaumen er han so, _ og so vel dei haanom. Da same gjeld Handelsmannen hell Presten. So er da daa ein av desse tri aa velja i millom

 

I Karasjok er berre Høgre-lappar (Lensmannen og Prosten medrekna). I Kautokeino med.

 

Da er forvitnelegt aa sjaa utav Val-listo, at i desse 2 einaste Sokn, dar som berre er Fjell-lappar, dar røysta dei paa Høgre, i fyrste Sokn 43, i da andre 10 (1 Vinstre). I Karasjok var Lensmannen og Prosten Høgremenner, i Kautokeino Handelsmannen og Presten.

 

Men i Talvik var da berre Vinstrerøyster (23). Og i Sud-Varanger, dar som er mest berre Kveinar og Innflyttarfolk utav Nordmenn, røysta 61 paa Vinstre og berre 5 paa Høgre. Her ser me, at Presten og Skulemeistranne var Vinstremenn.

 

Ein kjem til aa tenkja paa Ordtøkjet: ”Liksom Herren er, soleis er Tenaranne”.

 

Eg hev teki desse Ord um Finnmorki med her, diat ho i visse Maatar vert rekna med til Haalogalandet, men naar da gjeld Upplysning og Sjølvstende, daa er da so stor Skjilnad som Natt og Dag. Endaa skal da legjast til, at Nordmennenne i Finnmorki i mangt og mykje liknar Frendarne sine paa Haalogalandet og kann setjast jamnsides med deim.

 

 

Til Slutt nokre Ord um Haaløygjarmaalet.

 

Liksom i andre Lutar av Fedralandet snakkar dei i Haalogaland norskt Maal. Eit Maalføre (Sudr- og Nord-Symna &dvs; Vik og Brønø) er endaa av dei beste i Noreg.

 

Fyrvitnelegt er da ogso, at mangt eit norrønt Ord, som andre Stader er gjengi i Gløymeboki, enno lever i gamle Haalogaland. Iminsto finn eg oft, at Ivar Aasen ikkji kjenner Ord, som me brukar dagstødt daruppe.

 

Og dette Maalet sitt hev dei Vyrdnad fyre; vaagar nokon aa ”danska”, so vert han til Spott og Spe fyr heile Bygdi. _ No skulde ein meina, at desse Folk var gode Maalstrævarar; men da var ikkji so væl. Dei kjenner nemleg lite og inkji til Maal-arbeidet. Morsmaalet skal ein tala, men vil ein lesa og skriva, daa lyt da vera Framand-maalet, da, som stend i Bøkerna, og som Presten og ”Storkaranne” og dei ”lærte” brukar. Men dei kjem snart yver i Flokkjen vaar, da er eg so stød paa, som eg sitt her. Men me lyt arbeida, arbeida alt med me vinn, kvar paa sin Stad.

 

Um Finnmarkinganne er aa segja, at deira Maal er mykje utskjemt utav Dansken. 
Mange snakkar daa oft helder Kveinsk enn 
Dansk.

 

 

l. n.

 

 

¹) Bonden, som fyrtalde meg Sogo, sagde Namnet slik; eg veit ikkje, naar han levde.

²) Soleis haurde eg eingong ein Lapp, som skjendte Motstandaren sin fyr ei ”Bikkja”. Eg spurde haanom sidan, kvi han sa ”Bikkja”; eg haurde nemleg, at han helt paa med aa segja ”Hund” hell ”Rakke”. ”Jau, Rakke torde han ikkji segja, daa da var ein Mann; men Bikkja, ein Ho-Hund, da tarv ein segja med ein Mann. Ein annan, ein Ranværing, sat i annan Manns Hus og tretta med ein Kar. So vart han sindt og vilde slaa i Bordet; men no tarv ein ikkji ”slaa i ann’s-Manns Bord”. Ramværingen tok daa Huvo si og lagde henna uppaa Bordet og klinka til, berre so da singla.

 

Frå Fedraheimen 29.08.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum