Eg vart harm,

 
daa eg fekk sjaa, at dei vil støyta Øverland ut or Tinget.

Er det paa den Maaten dei hev det, dei som hev talat so store Ord um Sjølvstyre og um Bonden, at dei vil støyta Bonden ut? Ein skal ikkje tru nokon paa Ordi, fyrr ein hev set korleis dei tek det i Gjerningar. Men den som vil støyta Bonden ut han er ikkje Bondens Ven. Ja var det endaa ein Tysk og ein Trusk til Kar, som ingen Ting gjorde og ingen Ting meinte utan aa fylgja Flokken, so skulde eg ikkje sagt so mykkje um det. Og det kann vera smaatt nok med Bønderne og, eg skal ikkje anna segja; det er faae nok av det Slaget paa Tinget, som hev Mot og Manndom i Ord og Gjerning, som ventande skulde vera. Men naar me hev fenget fram slik Kult som Øverland, so skulde heile Folket vera kaute av ein slik Kar, me hev nok aa blygjast av Vesalldom og Armodi vaar lel, til at me skulde skjemmast av Frægdi. Frægde Karar skal me vyrda og ikkje vanda. Daa var det betre, um me vandad nokre Prestar og sovorne sjølvstyve Sellar, fyrr me vilde avheidra vaare eigne gasta Gutar. Sovorne Sellar skulde me sanneleg helder senda til Skogs elder til Heidan i Beite til aa læra Folkeskikk soframt dei vil taka aat og vera storvyrdne. Dei skal nok faa sjaa, kven det er, som raar i Landet, soframt dei vil halda ved og neisa Gagnskararne vaare. Bonden hev stridt so lenge for Fridomen sin, at no vil me ikkje sleppa Vinningarne utor Henderne paa oss. For me vil raada sjølve, det skal vera vist og det, og aller minst vil me tola det, at det kjem nokre Prestar og vil meinka Fyregangsmennerne vaare.

Øverland, ein Gut so støleg og trugen, som han var botnad paa Berget, ein som hev stridt manneleg og aldri sviket, ein som ikkje er rædd korkje Kongar elder Prestar, men vil hava Rett og Greidleik paa alle Ting _ og Maalmann berre so det fyk etter. Han skulde Vestlandsbønderne vilja kasta?

Nei det vert ikkje noko av med det.


ns.