[Tidender.] Fraa Telemarki.


Her hev voret kaldt myki i Sumar. Vedret hev voret svint til aa snu. Best det er varmt (20 _22 Gr. R.) slær det um (8, 7 a 3 og 2 Gr.). Me hev set Snjodækkje paa Fjelli. _ Inke ein Rotaflokk hev me enno set paa Jordeplekaalen, for Nætane hev voret so kjølege. Kornet stend bra. Høyet vert lite av, men god Byrgsel hev det. Smør og Flesk er billigt, Flesket 4 Kr. B Pund.

Valpolitikk driv Folk med. Det hev komet Fart baade i Kragar, Snorluvur og andre Framstigsmenn. Sunn og sann Upplysning skipar dei ut. Den dømde Statsraad Hertzbergs Tale i Sarpsborg vert putta inn i Hus og Hytte. Og so gjeng dei med Kroken for aa fiska _Veljarar og sumestads skal det inkje bite so galet hell, for sume av dei er øvde Fiskarar og Fiskegrunnarne kjenner dei. Paa Djupet er dei nok rædde for aa koma, men dei held seg paa Grunnvatnet. Til Fiskemat tek dei det, som dei trur smakar, som Dissentarloven, Paul Bert, Sereige millom Ægtefolk, Skulegreidur, Kyrkjesaker og andre heilage Ting. Man er saa gudsfrygtig, naar man gaar mod Fienden, sa Jakob Skomakar. Vinstre let det skura! _ Lat Fisket gaa sin Gang!

Ullmann er paa Tale til Tingmann. Men som Motmenn hev me Tylvti full og væl so det. Det verste Lyte Ullmann hev, er det, at han er for dugeleg. Han er slik ein Yvergangskar i Ordskiftet, at dei inkje tør taka honom. Og so er det eit Lyte til: Han fær inkje Attest anten fraa Høgre, Prestarne, hell  Vestlandsposten. Vestlandsposten kann aldri raada nokon til aa velja Ullmann, og det gjeld, som det var sjølve Akitofels for mange. _ 
Kragar og Snorluvur er glade og gnur seg i Lovarne, yver at me kanskje no kann faa fram virkelige Bøndar¹). _ Hu det er lystugt aa liva lell!

Ellest gjeng Folk som vane, slipar Ljaa, slit Brynstein og Strjukestikke, bankar paa Finnen og sveitar, fær seg ein Kop Kaffi imillomatt, Havrelefse o. s. b. og so gjeng Juli og August. Kvinnfolki, ja dei strævar paa si Vis, med Riva og Rispeteina ute, Kaffikjelen, Grautegryta o. s. b. inne og er soleis Mannens Medhjelp. Uppaa Høgdine, ja der gjeng no Kyri og syner Liten paa Sida si alt ned i Dalen, og Budeia ho kjinnar, kokar og syster fort væk, og let det rjuke fraa Eisa, berre so blaa Krullarne ringar seg kring Nutarne.


¹) Fyrr vilde dei ha Folk til Tings som gjekk beint fram, no vil dei ha dei som gjeng i Krokar! Ja Tiderne skifter; Smaken med.