[Tidender.] Det lyt vera underlegt for Høgre,


naar det gjeng til Striden denne Gongen.
 
Mest alt det, som dei kvad upp um siste Venda, det var Val, hev snutt seg tvert imot dei.
Vinstre vilde løysa Samlaget med Sverige, og me vilde faa Ufred med Svensken, sagde Høgremennerne.
 
No er Høgre rædd for at Vinstre i Norig og Sverike skal verta alt for godt forlikte, og 
eit Parti i Sverike av dei argaste Høgremennerne vil løysa Samlaget med Norig.

Naar ikkje Høgre kann faa det plent som dei vil, so vert dei Unions-Fiendar.
 
Vinstre vilde hava Republikk, sagde Høgre for 3 Aar sidan.
 
Ska tru ikkje det no finst fleire Republikanarar millom Høgre enn millom Vinstre?
 
Vinstre vilde hava Kristendomen burt, sagde Høgre fyrr.
 
Eg tenkjer, at um Kristendomen ikkje hadde havt andre enn Embætsmenner og Grosserarar til aa hjelpa seg fram igjenom Verdi, so hadde det set smaatt ut med han og ikkje minst i Norig. Er det Meining i at Grosserarar meir enn andre Folk skulde halda paa ei Tru, som fraa fyrste Stundi mest vende seg aat dei fatike og smaa, dei som leid Naud, ei Tru, som kravde, at Rikingen skulde selja sitt Gods og gjeva til dei fatike? Hev nokon av vaare Grosserarar gjort det?

Høgre sagdest for 3 Aar sidan hava Intelligensen og Daningi med seg.
 
Kannhenda, var det ein liten Røyk av Sanning i det for 3 Aar sidan; men no er det berre dei faakunnigaste av Arbeidararne, som dei liter paa. Vinn Høgre no, so er det den svartaste Faakunna, som hjelper dei.
 
Grosserarar, Embætsmenner og Arbeidararne deira, det er Høgre no _ so lenge det varar. Snart kjem nok Arbeidaren til aa bryta Lag med dei¹).

Høgre sagde, at der ikkje var Øvrighed uden af Gud og at ein skulde vera Øvrigheden underdanig.

Men no tek dei paa og klandrar Styringi det hardaste dei kann. For Styringi er nok ikkje av Gud, utan det er Høgre-Styring.

Høgre vende seg aat Trona, sette si Lit til Kongen, Guds Salvede, og spaadde all Landsens
Ulukke, for di Vinstre hadde brukat eit uretfærdigt Middel, Riksretten. Men korleis gjekk det?

Guds Salvede gav Fyrstemannen i Aktionskomiteen, Johan Sverdrup, Storkorset af St. Olav, og paa det stend det: Ret og Sandhed.

Slik hev Kongen dømt um Riksretten.

Høgre snakkad um at Vinstre hadde Magtbegjær.

Men daa det bar til Stykket, var det Høgre, som var magtsjuke: for Ministeriet Selmer gjekk med paa det Forliket, som Vinstre baud fyre Riksretten, men Plassarne sine vilde det ikkje gjeva upp. Det vilde helder utsetja Landet for borgarkrig enn ofra Magti.

Det var vel Magtbegjær, som munad.

Høgre hev rasat mot Parlamentarismen, at Aalmannviljen skal raa, og vil hava Kontorstyret att, men likevæl gjeng dei no ut or Kontori sine og fer umkring paa Folkemøte og vil vinna Fleirtal for seg, faa Aalmannviljen paa si Side.

Mindretalet hev altid Rett, sagde Høgre fyrr, dei gode var altid i Mindretal paa Jordi;
Fleirtalet var Verdens Børn og hadde altid Urett. Difor skulde Mindretalet styra.


No arbeidar Høgre alt det dei orkar paa aa koma seg i Fleirtal.

Men ber det no so til, at Høgre denne Gongen kjem i Fleirtal, so hev det Urett, ettersom det sagde for 3 Aar sidan, og daa skulde Vinstre, som soleis vilde koma i Mindretal, styra.

Altso: Tapar Høgre no, er det greidt, at me fær hava Ministeriet Sverdrup.

Vinn Høgre, skal me daa og hava Ministeriet Sverdrup, etter dei Grunnsetningarne, som Høgre sette fram for 3 Aar sidan.

Elder var det Meiningi, at det var berre, naar Mindretalet var Høgre, at det hadde Rett?

For 3 Aar sidan vilde Høgre det konstitutionelle Parti, som det kallad seg, hava eit Yverhus til aa stydja Høgre-Mindretalet.

For 3 Aar sidan var Maalstrævararne og i Mindretal. Skulde me ikkje daa havt eit Maalstrævar-Yverhus og?

Og ryk Vinstre denne Gongen, so skulde me vel faa eit Vinstre-Yverhus til aa hjelpa detnye Mindretalet. Tru Høgre gjeng med paa det?

Ja det maa vera underlegt for Høgre, naar det tenkjer paa sine gamle Grunnsetningar, aa gaa til Val denne Gongen.

Ein Ting til: Høgre stod paa det, at Grunnloven var av 4de November og ikkje av 17de Mai, og so skipad det Novemberforeningen.

Men daa det ikkje gjekk paa den Maaten, tok det paa og skipad 17de mai-Foreiningar.

Og likevæl briskar Høgre seg med sit 
aabne Vesir og sine blanke Skjolde.


¹) Hugs paa den Arbeidsmannen, som no sit i ein kongeleg Kommission. Det er nok ikkje Høgre,
som hev sett han der.