Um Sopp.


Ute i Skog og Mark finst det mange Slag matnyttige Vokstrar, som me burde sjaa til aa nytta meir, enn me no gjer. Ofte kann det vera knapt for Mat, og naar ein daa veit aa nytta det, som er tilgjengelegt for kvar og ein ute i Naturen, kann ein hjelpe seg langt. I andre Land i Evropa kann Folk meir med aa greie seg paa den Maaten. Me innfører no fraa Utlandet mangt, som me kunne faa likso godt og mykje billegare her, um ein berre hadde Skyn og Tiltak til aa gaa iveg med det. Me hev baade Matvokstrar og Lækjevokstrar og mange Slag andre. Kvar upplyst Mann umkring i Bygderne skulde taka paa seg aa læra Folk slikt og soleis hjelpa dei til aa auka sine Inntekter, sosom den namngjetne Harangpresten Nils Hertzberg gjorde i si Tid. Han var den fyrste som gav seg til aa dyrke Jordeple her i Landet og no dyrker me kvart Aar mange Millionar Tunnur.

Det finst ei Mengd med Sopp i Skogarne vaare. Sopp er lite vyrd og lite brukt her i Landet. Folk hev ingi Tru paa, at det er Matmun i Soppen. Ellest er det ogso mangein laak Fordom mot Sopp, og det kjem seg vel avdi, at det er sume Slag Sopp som er giftige. Dette er dumt, for Soppen kann bli til overlag stor Nytte og Hjelp for Folk paa Landsbygdi. I flestalle Landi i Evropa og store Delar av Asia et dei Sopp, og mange Stader kann dei ikkje hjelpa seg den forutan. 
Mange hev au god Inntekt av aa sanka Sopp og selja i Byarne. Baade Vælstandsfolk og kanskje iser fatige Folk kann hava stort Gagn av aa eta Sopp. For Sopparne inneheld nettupp slik Næring, som Fatigfolk ellest saknar, fordi ho vert for dyr. Sopparne er rike paa det, som Kemikaranne kallar Kvælstoff og soleis kjem dei nær aat Kjøt, Egg og andre nærande matslag.

For at Folk skal kunna hava noko Gagn av Soppen, so lyt ein læra kor ein skal finna dei, korleis dei ser ut, korleis ein skal skilja dei Soppar, som er etande fraa dei giftige, korleis ein skal sanka dei og laga dei til, so det vert god, kraftig Kost.

Paa Alb. Cammermeyers Forlag hev det no utkomi ei god Soppbok, som eg vil raada kvar og ein til aa kjøpa, som vil freista med aa bruka Sopp: Spiselig Sop, af O. Johan Olsen. Pris 0.40, indb. 0.50. Sama Forfattaren hev au utgjevi fargetrykte Teikningar, som er gode aa hava attaat. Pris 3.40.

Forfattaren nemner i Boki dei fleste Soppslag, utgreider um korleis ein skal finna dei og skilja dei fraa dei Giftige. Atti Soppboki er det ei Kokebok, som lærar ein aa laga Soppen til paa beste og billigaste Maaten. Boki er lettskrivi og grei og gjev god Rettleiding i alle Maatar. Eg hev berre det aa segja paa ho, at Forfattaren ikkje hev brukt Norske Namn paa dei Soppar, som me hev Namn paa utyver Bygderne. Boki hadde daa kanskje vori meir lettskynande for mangein bonde.

Sjur.