Tidender.


Kristiania, den 19de Juni.

Negrarne i Amerika aukar fort i Tal. For 20 Aar sidan, daa Krigen sluttad, var det 3,947,000 Negrar i Sudstatarne og no er der yver 7,000,000. I Mississippi var det den gong 220,000 negrar og no er der 650,000, i Sudkarolina var det 400,000 og no er der 600,000. Der vert fødde 500 Negerborn til kvar dag i Sambandsstatarne. Negrarne dublar seg paa 20 Aar, medan dei kvite treng 35 Aar til det. Um 8 Aar vil Negrarne vera i Fleirtal i nokre av Sudstatarne. Dersom Folketalet framleides aukar som desse siste Aari, so vil det i 1985 vera 96 Millioanr kvite og 192 Millionar svarte Ibuarar i dei sambundne Statarne i Nordamerika.

Negrarne gjev ut 106 Avisur, endaa det er berre 1 Million av dei, som er boklærde.