Fraa Nedre Borgesyssel.


Trie og fjore Pinsdag hadde Lærarsamlaget her sit Aarsmøte; denne Gongen i Fredrikshald. Eit godt og venlegt Minne, trur eg, fylgde dei frammøtte derifraa. Det gav ei Von um, at me kanskje heretter meir og meir vil semjast um det, som er sant, sjølv um Tenkjemaatarne kann vera ulike i sumt. Jamvæl paa dette Møte vart Tankar fritt og utan Ræddhug sett fram, men eg trur til Vokster for Bandet millom Brødrar.

Eg ynskte, at rett mange fleir enn som der var, hadde høyrt det fagre og klaare Fyredrag Rektor Nygaard heldt yver Emnet: Undervisningssproget i Almueskolen. Um det inkje hadde vortet meir aa høyra paa det Møtet enn berre dette, so hadde me inkje voret der faafengjes. Verst er det, at eg er so klen til aa fortelja att. Fyredragshaldaren sagde seg sjølv aa vera Maalmann, som ein av deim, der fyrst sluttad seg til Maalsaki i vaart Land, altso for ei 30 Aar sidan, og han var millom dei, som hev ei fast Tru paa, at det norske Maal vil vinna fram. Men han vilde daa umtala Emnet fraa eit objektivt videnskabeligt Synspunkt, so me inkje turvte finna honom partisk, kva Syn ein og kvar enn hadde. Og um det enn var eit brennande Spursmaal og inkje lett aa avhandla med kaldt Blod, so tykte han daa, at Maalsaki burde vera ei Sak for seg og inkje blandast upp i dei politiske Tankar. Alle politiske Synsmaatar maatte kunna semjast um den. Til Utgreiding gjekk han utfraa Millomalderen, daa me hadde det norrøne Maal. Fraa den Tidi, segjer han, ligg ei Samling av Bøker og Skrifter; ei Samling so sersynt stor i Samhøve med dei Tider og med andre Land. Noko er skrivet paa Island, men mykje i Noreg. Av desse Bøker og Skrifter, som er vortet til paa ymse Tider og Stader av ymse Diktarar elder utgjevarar, kann ingi Dialektar merkast i Maalet utan ein og annan liten Skilnad, men som knapt kann finnast utan av Filologar. _ 
Det var dengong eit fast norskt Maal , som heldt all Skilnad imillom Bygdemaali innom sine Grensur. Det hadde sin Grunn i, at Bokdaningi og all høgre Utvikling vart borne av Stormennerne, fyrst av dei aaleine, sidan av dei saman med Kongedømet. Dette Aristokrati var Landets høge Ætter, dei giftad Borni sine saman og dei var det, som dreiv Vitenskaparne. DeirasMaal var Landets Maal, Bokmaalet, det alment gyldige og yveralt for norskt aktat. Av di, at dei beste Menn i Landet hadde det Maal, er og det norrøne so fint og fagert og utviklat eit Maal, som ein nokon Stad kann sjaa.

Men so ser me, at med ein Gong so vert ikkje det Maalet meire nyttad som Skriftmaal, og det kjem burt ifraa Stormannsbustadarne og. Kor kann dette hava seg? Jau, dei høge Ætterne døydde ut, soleis, at i deim føddes berre Døtrar og inkje Søner, og desse Stormannsdøtrarne kunne daa inkje faa høvelegt Gifte i landet, naar dei inkje vilde gaa nedum sin Stand. So vart dei gifte med danske Adelsmenn, yngre Søner av Adelsmenn i Danmark. Men desse var, væl aa merkja, agtad som norskeMenn, daa dei som inngifte i Landet hadde ein Nordmanns Rett og Plikt. Dei stod heretter som dei norske Storætters Hovdingar, som dei, som skulle standa fram paa Landsens Vegne. Men deira Maal var dansk, og so vart Skriftmaalet i Landet dansk _ med ein Gong. Maalet aat dei danske menn og Borni deira vart væl noko blandat med norsk, men var daa mest dansk. No fekk Bygdemaali Vokster, daa der inkje var noko til aa halda dei saman; dei skilde seg meir og meir i Dialektar av den Grunn, at Skriftmaalet vart eit framant Maal for Bonden. Korleis stend Maalet no? Jau, me kann setja det liksom i tvo store Greinur, med mange smaae Kvistar paa kvar Grein. Den eine er den norske Avdeling, den andre den danske. Me kalla den fyrste vinstre (no for Tydings Skuld), den andre høgre. _ Aat vinstre hev me dei norske no levande Tungemaal, Bygdemaali, dei delas i tri Avdelingar: 1) dei vestlandske, det er dei reinaste norske; 2) dei trønderske, paa baade Sider aat Dovre; (dei trønderske liknar mest dei vestlandske Maal; men no kjem Yvergongen omerkjeleg fraa deim og til) 3) dei austlandske Maali, dei som talast paa Slettbygdom paa Austlandet. Dette er den norske(vinstre) Grein. Men naar me kjem paa høgre Sida, so kjem den danskeGreini her i Landet so ner aat dei austlandske Bygdemaali, at her sig det tett saman, so tett, at ein skal hava vandt for aa segja, kor norsk endast og dansk byrjar.

Men me byrja no lengst fraa høgre. Der hev me fyrst som 1) Skrivtmaalet, det som vert skrivet av dei fleste enno her i Landet, med ymse Skilnader hjaa dei ymse Skrivarar. Det er eit daudt Maal, ingen i Noregs land talardet Maal korkje i By elder Bygd; men det vert skrivet. Det er inkje aldeles eins med det danske Skriftmaal, nokre Ord skilja seg fraa, som inkje kann kallast danske, men i Hovudsaki er det daa dansk aa kalla. So kjem det Maal, som vert talatav dei, som er mest utviklad, utan kjenneleg Dialekt, det er 2) det danske Talemaal ; endeleg kjem som 3) paa høgre elder danske Sida: Aalmugemaaleti Byarne. Dei tvo siste Avdelingar hev i seg mange norske Ord, og aa kalla dei danske er inkje i Grunnen rett; me kallar dei difor dansk-norsk. Og disse tvo vil meir og meir verta norske. Aalmugemaalet i Byarne ligg so nær dei austlandske norske Maali, at dei nok er lika norske, men dei hev inkje sama Utgong fara fyrst.

Naar so det Emne ligg fyre oss, um kva maal me lyt nytta i Folkeskulen, daa kjem det fram for meg, kvat fyrre Kyrkjestyringar hev sagt, og fastsett um den Ting. Og eg tykkjer, at aa gjenomføra deira Loger er det eianste, me enno kann gjera. (Nygaard nemnde daa kor Kyrkjestyringarne hadde uttalat seg um Maalet i Folkeskulen, og korleis det vart fastsett at: Læraren skulde meddele undervisningen paa Barnets eget Sprog, men efterhaanden lære det at forstaa og om muligt skriftligtudtrykke sig paa Skriftsproget). Det var altso inkje Tale um, at Barnet skulde tvingast til aa talaBokmaalet (det som ingen talar), tvertom, det skulde opmuntres til at udtrykke sig paa sit eget Sprog, sagde Logen, og Læraren hadde aa gjeva det Lærdomen paa dets eiget Maal. Dette, meinte Nygaard, var det som jamvæl no maatte gjerast. Likeso maatte me læra Barnet aa kjenna og skyna Bokmaalet liksom aa skriva det, for ellest vart Barnet stengt ute fraa den Bokverdi, som enno er den største i Landet, den dansk-norske.

Men korleis var det no med aa meddele Undervisningen paa Barnemaalet? Ja, det er vanskelegt, men er daa den besteog einaste rette Maaten aa ganga fram paa. Det gjeng og i dei reale Fag; men det var væl ingen Lærar i Bygd elder By, utan han fann Undervisningi vanskeleg for Maaletsi Skuld i eit Fag: Religion. Me vil daa gjerne der hava eit høgt og høvelegt Maal aat eit høgt Emne; so er og Borni nøydde aa læra utanavnoko her. Difor fell Undervisning i Kristendom so tung for Læraren.

Nygaard tok Stykkjer fraa Katekjesen og peikte paa, at der stend Ord og Setningar, som inkje vert brukad i den Meining ellest, som dei der stend, at mykje jamvæl inkje er god Stil og framlagde, kva kvar lærar vil hava røynt, at ein, _ i Byensom paa Bygdi _ lyt yversetja for Borni: so stend der, og det og det skal det tyda. Til D. det fyrste Bodet: Du skal ikke have fremmede Guder for mig, det er ingen god Stil _, Luther segjer ogso: Du skal ikke have andre Guder . Det andre Bodet: Du skal ikke tage Herrens, din Guds Navn forfængeligen. Taka forfængeligt, kvat er det? Luther segjer: Du skal ikke misbruge Herrens Navn. Soleis fort vækk. Yversetningi av Katekjesen er reint orimeleg. T. D. fyrste Artikkelen: Jeg tror paa Gud Fader, aalmægtigste, Himmelens og Jordens Skaber. Eit tenkjande Barn maa koma paa den Tanke, at naar ein Gud er almegtig. Det borde standa: Jeg tror paa Gud Fader, som er almegtig og som har skabt Himmel og Jord. Katekjesen er ei Barnebok, og daa maa den vera slik, at Borni skynar henne. So, ynskjeleg er det, at for Religionsundervisningi kjem betre Bøker i Skulen for By og Land.

No, um aa undervisa i Barnets Maal. Daa vil kanskje nokre segja: Skal daa Læraren hava inne alle Maal i Bygdom? Storm (Prof.) segjer, at me hev 200 Dialektar og kanskje fleir i vaart Land. Men Storm tek Maalet fraa Ljoden og Uttalen _ fonetisk _ og daa torde det henda, me kunne faa lika mange Maal som Menneskjer, naar ein gjekk fram som hann, men det trengst inkje. Eg tenkjer, at ein Vestlending, som kann eit av dei vestlandske Bygdemaali, vil hava lett for aa gjera seg forstaden paa heile Vestlandet. Ein, som kann eit Trønder-Maal vil kunna undervisa paa dei fleire Maal, som maatte finnast i Trøndelagen. No er det væl oftast, at ein vert Lærar innom det Stift, ein sjølv er uppvaksen i. Soleis ein vestlending i Bergens Stift, ein Trønder i Trondheims Stift, ein Austlending, um han kunde eit austlandsk Maal, vilde hava vandskelegare for aa setja seg inn i dei vestlandske elder trønderske, det er sant; men det er helder inkje ofte, Lærarar reiser fraa Austlandet til Vestlandet elder andre Stader. Derimot kjem mange Vestlendingar og Trøndarar til Austlandet. Og deifær Borni til aa skyna seg. Han brukar Bokmaalet, og det skynar Austlendingen.

Men likevæl kann inkje ein Lærar gjeva Undervisning i sitt eiget Maal elder Barnets, utanhan kann det heilt. Um ein er vaksen upp i ei Bygd, endaa er det inkje vist, at han kann det Bygdemaal, som der finnast, slik, at han i det kann leida Barnet fram til aa uttala seg vænt og rett. Læraranne maa difor læraeit Bygdemaal grammatikalsk og i den beste Form, det kann brukast. Difor borde der paa kvart Seminar vera Tid og Høve til aa læra eit Bygdemaal. T. D. paa Stord vestlandsk, i Klæbu trøndersk o. s. v. Og det maa væl koma fram med det fyrste. _

I Byarne ved dei lærde Skular undervisas i Gamalnorsk og i ein elder fleire Dialekter. I Lesebøkerne er teket upp mykje av Landsmaalet. I Folkeskularne sume Stader vil og fleire Stykkjer koma i Bøkerne paa eit Landsmaal. Men aa taka det dansk-norske Skrivtmaal burt fraa Skulen, gjeng enno inkje an.
 
Landsmaalet hev enno inkje nok aa bjoda eit Folk. Det er difor helder enno inkje Landets Maal . Det vert fyrst, kann fyrst verta det, naar Landsmaalet hev ein Literatur aa bjoda, som kann gjeva full Udvikling for Livet. Men me vonar, at det vert eingong, og daa kann me veljakva Maal me vil hava til Landsmaali Norge. Korleis dette _ norske _ Maal daa vert, veit helder ingen so nett, elder Tidi, daa det hev fengje si rette Form; men ho vil koma, det er mi Tru.

Berre dette denne Gongen, fraa
 
R. _