Fraa Bronkeberg.

 
(Telemork).

Samtalelage Fram i Bronkeberg hadde Møte Sundagen den 7de Juni d. A.

Maalsaki var daa det Emne, me skulle røda um. Me var alle samde um at Maalsaki var ei Sak, me alle burde arbeida for; me var glade i alle dei Manndomstak som Storting og Regjering hev gjort for at det norske Maal atter kann sitja i Høgsætet.

Me vart samde um at sende gjenom Fedraheimenvaar Takk og Tilslutning til Storting og Regjering for det, som dei tilsaman hev gjort for Maalsaki. Den lyer slik:

Me uttalar kons Takk og Tilslutning til det norske Storting og den norske Regjering for det, som dei tilsaman hev gjort for Maalsakis Siger og Framgong. Me ynskjer berre at dei vil halda fram som dei stevner .

Under Ordskiftet um Maalsaki kom me inn paa, um det inkje skulde vera paa Tidi, at Kyrkjesongaren byrjad aa lesa inngangsbøni, Slutningsbøni og Fadervaaret paa norsk.

Alle var samde i denne Tanken. Me valde 4 Mann, som skulle yversetja desse Bønerne, og framlegge eit Utkast til eit seinare Møte.

Eg vonar at ingen i Bronkeberg, hell Kvitseid i det heile, hev noko imot dette, daa det er eit Stig fram mot den Tid, daa me atter kann faa høyra det norske Maal i norske Kyrkjur.


Den 13 _6 _85

Jørg. Midtsund