Fraa Aust til Vest.


Eg hadde voret burt i Glaamdalen tidlegst i Vaar og han sat endaa i Hovudet paa meg, daa eg lagde ut fraa Kristiania.

Glaama ho er myrk og tung. Inkje Sus og Brus og Tot og Fossedur, ho sig so lydt og stillt gjenom Dalen. So lik seg som ho er alle Stader, ho set inkje ein einaste Sjø, fyrr ho naar Øyeren langt uti. Millom furuklædde Liar kjem ho fram, millom furuklædde Liar sting ho seg inn igjen. So endelaust lang, du tykkjer det er faafengt aa lata Tankarne fylgja anten til Upphav elder Ende, du ser berre denne breide vassrike Renna her fyri deg. So still og svartblank, men endaa kann inkje ein Storm røra henne upp, og Solstraalen vert støytt attende med det same han naar i Vassflata. For det ligg ei umerkjeleg Kraft i henne, roleg men sterk og ubøygjeleg. Ho tøygjer jamt og samt i eit endelaust Drag, ein megtug Vilje styrer dei svarte Mugur, gjenom øyde Skogar, millom Øyar og Engjer, som ho klappar med sine tunge Bylgjar. Jau eg hev set, naar ho renn yver Øyrerne i Kvisler og Smaastraumar og Soli skin, so det glimar paa Smaasteinen under Vatnet _ det er som Smil, men ogso Smilen er tung og aalvorsam.
 
Stirer du forlenge paa henne vert du tung i Hugen.

Eg var fjaag daa eg for utetter, eg totte at eg inkje hadde Augor og Sansar nok til aa suga i meg Kristianiadalen. Og daa Fjorden tok til aa vida seg og Landet vikte unda, so eg saag ut i Havet, daa totte eg det var Syn, som var makalaust, so fritt hadde eg inkje pusta paa lenge.

Veeret var blankt og stillt og Juninotti ljos, og det var Hav paa alle Kantar, berre blaae laage Aasrandar inngjenom paa høgre Haandi.

Daa det leid paa andre Dagen, og det bar burtum Kristianssand og meir frammed Land, daa vart det for meg, som me var komne høgt til Fjells, og den Tanken sette seg reint fast i Hovudet mitt, kor ein saag var det berre smaae laage Heidar med Gras hell smaatt Lauvskrap til Skog ender og her og smaae Hus laag som Sætrar og Fiskebuder kringum Strenderne og paa nokre Øyar, som var umkring og stengde Havet burt for Augom.

Daa eg kom til Jadren, tottest eg det var so brennande likt Floarne uppe i Fjelli heime og det var som Heidegardar alle eg saag, men so var det det store svarte Havet berre paa andre Sida, som laag so underleg.

Daa Baaten snudde inn til Stavanger, vart eg reint undren yver, at det verkeleg kunde vera noken By her, og eg trur eg maatte vera der lenge, skulde eg faa den Fjelltokken ut or meg, for det sit som det var plugga i oss Austlendingar, at der det ikkje er Furuskog, um det og er Lauvtre, so er det til Fjells. 
Men so er det dei fleste Stelle paa Vestlandet. 
Det vert so audt og snaudt utsjaa-ande, inkje det Slag hyggjelegt. Eg tenkte det skulde verta annleis, daa eg kom inn i Ryfylkjefjordarne; der var det høge Fjell, men same Naudi paa Skog, Brisk var det einaste mange Stader heilt nedaat Vatnet.

Alt maa mælast med sitt eiget Maal.

Men fyrste Gongen eg fer paa ein Stad, er eg inkje Kar um det, eg ber Maalet med meg fraa der eg sist hev voret. Men endaa maa eg daa segja det, at ved desse gilde smilande Grasøyarne med vældyrka Jord, Hagar og smaae fine Hus, og so denne staalblaa Fjellgarden um Innfjordarne burtum den romsame Fjorden mot Aust, der det glytte fram gjenom Muskregnet og dansande Skoddeflokar, Kvelv og Skard, djupe Dalaglop og Tindar mot Skyi i vekslande Rekkjur og som eg totte i endelaus Mengd _ det var noko overlag storslegjet og serskilt ved dette; eg kjenner det hev sett seg i meg og kjem til aa draga meg aat seg sidan.