Amtsinspektørar?

 

I Fedrah. hev det nyleg stadet eit Stykkje um Sverdrups Skuleframlegg, som var gildt aa lesa. Dette Spursmaalet um Umbrigde i Skulestellet vaart er vistnok det vigtugaste av dei, som er uppe i denne Tid, og det vilde derfor vera godt, um dei Tankarne, som Sverdrup hev lagt fram, vart upptekne til Dryfting no i Blad og Møte.

 

Det er vel vaagelegt aa hava ei onnor Meining um desse Ting enn Statsministar Sverdrup; men der er iallfall eit av dei Umbrøyte Sverdrup vil hava fram, som eg ikkje likar. Det er dette med ”Amtsinspektørar”. Daa han, som skreiv det Stykkje um Skulespursmaalet her i Bladet, er av same Meining som Sverdrup, berre han fær ei Umskiping av Provstedømi, og daa eg veit, at andre Skulemenn ogso held paa desse Amtsinspektørar, trur eg det var nyttigt, at andre Meiningar um den Saki ogso kom fram.

 

Det ser ut til, at dei, som vil hava Amtsinspektørar, vil halda paa Skuledirektørarne og, og so skal der vera eit Hovud paa Toppen, eit Slags Skuledepartement. Elles er der andre, som vil berre hava Amtsinspektørar og med eit ”Skuledirektoriat” paa Toppen.

 

Men eg skynar ikkje, kva me skal med anten Skuledirektørar eller Amtsinspektørar. 
Eg veit ikkje, kva Nytte Skuledirektørarne hev gjort. Me veit allesaman, at Folkeskulen vaar hev gjort store Framsteg sidan 1860, at Folket er mykje lenger framme i Kunnskapar og daning no enn den Tid. Men er det Skuledirektørarne som hev Æra for denne Framgong? Aa nei, eg trur ikkje mange vil paastaa det. Skuledirektørarne skulde reisa rundt aa hava Tilsyn med Skukarne; men det er nok mange Skular, der dei ikkje hev sett Foten sin innanfor Døri, og det er nok ikkje mange Stader, dei hev voret meir enn ein einaste Gong. Det Tilsynet, Skuledirektørarne hev havt med Skularne, er nok jamgodt med inkjevetta. Skuledirektørarne hev setet paa Kantori sine dei, og ”ansat” Lærarar og gjort annat Kantorarbeid, og so hev dei voret med paa Fylkestingi. Noki serskild Framhjelp for Skulen i desse Gjerafari trur eg ikkje der kann vera.

 

Nei, det som hev hjelpt fram Skulen og som ogso vil gjera det heretter, er betre Utdaning for Læraranne og betre Løning for dei, lenger Skuletid og Innføring av faste Skular _ og seinst, men ikkje minst _ Folkets vaknande Upplysningshug og Kunnskapstrong.

 

Men naar Skulen hev gjort den Framgong han hev gjort, utan Skuledirektørarnes Hjelp, utan noko serskilt Tilsyn og Ettersyn av ein Embættsmann, som er innsett dertil, so veit eg ikkje, kvat me skal gjera med Amtsinspektørar helder. Ein viss Fylgje vilde det hava aa utnemna ein 18_20 Amtsinspektørar, det vilde koste Rikskassa ei 60_70,000 Kr. um Aaret. Men eg trur dei Pengarne kann brukast paa ein betre Maate enn aa bitala dei ut i Embættsløner. Daa Jaabæk fekk igjenom Framlegget sitt um aa gjeva Læraranne eit Tillegg paa Vikuløni, var dette til stor Hjelp for Skulen, med di, at mange dugelege Lærarar, som elles vilde hava gjenget yver i eit anna Yrkje, heldt fast ved Skulearbeidet. Hadde ein daa teket Pengarne til Amtsinspektørar, tenkjer eg Skulen hadde voret likso ille faren.

 

Alle dei Pengarne, som no kann sparast til Skulestellet, lyt Staten bruka til aa hjelpa fram Skulen i dei fatige og tunngrende Bygdarne. Folk finner nok paa aa ”inspicere” og ”dirigere” sjølve, berre dei hev noko aa inspicere og dirigere.

 

Eg trur derfor, at me ikkje maa tenkja paa aa faa Amtsinspektørar, men tvert imot; me maa faa vekk Skuledirektørarne. Folk her paa desse Kantar synest, at me hev Embættsmenn nok i mengdevis og alt for mange, og at me maa sjaa til aa faa vekk alle dei Embætti, me kann unnvera. Men no trur eg og fleire til meg, at me kann greida oss utan baade Skuledirektørar og Amtsinspektørar, og lat oss so sleppa dei.

 

Skulde det endeleg vera naudsynlegt, som eg ikkje trur, at der er meir Tilsyn med Folkeskulen enn Folkets og Prestens, so let det seg vel gjera aa faa det paa ein annan Maate. Eg trur no det, at det Tilsynet og den Kontrollen, som Foreldri hev med Skule og Lærar, er den beste, og den, som hev mest Klem. _ Han kjenner best, kor Skoen klemmer, som hev han paa, segjer det gamle Ordet, og Foreldri, som hev den største Interesse av Skulen, dei hev sanneleg ogso best Greide paa, korleis Undervisningi vert drivi og korleis Læraren er.

 

Elles gjekk det nok an, at Fylketinget utnemnde nokre av dei beste Menn umkring i Bygderne til aa hava Tilsyn med Skularne i 2 elder 4 Aar um Gongen, so at det vart som eit Umbod.

 

Agdesida, Juni 1885.

 

Frå Fedraheimen 20.06.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum