[Tidender. Stortinget.]


Stortinget vart uppløyst igaar Kl. 2. Det var Statsministar Sverdrup, som gjorde det. Det hev voret Skikk fyrr, at Statsraadet hev havt eit langt Fylgje av Stormenn etter seg ved slike Tilhøve; men denne Skikken vart inkje fylgd iaar. Det var berre Statsministarne, Statsraadarne og Statssekretæren denne Gongen.

Statsministar Sverdrup las upp ei Fullmagt, han hadde fenget fraa Kongen, til aa uppløysa Tinget, og idet han heldt seg til den, sagde han, at det 34te ordentlige Storting no var slutt.

President Steen sagde:

Vort Virke er endt. Det har stillet store 
Krav, og alvorsfuld har vor Gjerning været, mer end vanlig alvorsfuld; Dommen over den tilhører Folket og Historien. Folket er allerede gaaet til Valg. Idet vi med Tak skuer tilbage og med Fortrøstning til en større og rigere udvikling af alle gode Kræfter i vort Stats- og Samfundsliv, ønsker og beder vi nu i Slutningsstunden tillidsfuldt: Gud bevare Kongen, Fædrelandet og Broderriget.

No er Tingmennerne reiste kvar til seg, og det norske Folk hev berre det aa segja til dei: Takk for vælgjort Arbeid . For dei Menn, som hev setet i Tinget desse tri siste Aari, hev gjort eit Arbeid, som det er Tak i. Dei hev knekt den gamle Riksskikken og fenget istand Samarbeid millom Statsmagterne. Det hev teket upp dei nasjonale Spursmaal, det hev gjevet det norske Maal den Retten, som det naturlegt skal hava her i Landet, det hev gjevet Pengar til Upplæring i Norsk baade utyver Bygderne og ved Høgskulen. Tinget hev voret ein sann Repræsentant for det norske Folk; for alt det, som vart kravt av Tingmennerne fyre Vali, det hev dei uppfyllt. Tiderne hev inkje alltid voret ljose desse siste tri Aari; men Tinget let seg inkje skræma, det stod paa Retten sin og sigrad. Og Sigeren var ein Siger for Fridom og Framgang i Norig, difor segjer kvar norsk Mann og Kvinna, som er komne so langt i Utvikling, at dei skynar kvat som er til Landsens Gagn, si varmaste Takk til Tingmennerne for 1883 _85.
 
Stortinget, (8 _10de Juni). Etterpaa at dei hadde gjort fraa seg um Utleggi til Kunsten og Bokheimen, peikte Jaabæk paa eit Uttal i Komiteen um, at mange av desse Postarne kunne ettersjaa-ast og kom med eit sovoret Framlegg: Regjeringen anmodes om at tage under Overveielse, hvorvidt ikke Sager, som omhandles i nærværende Indstilling, og lignende Sager i andre Indstillinger, kan indskrænkes i Antal og iøvrigt gjøres billigere, samt for kommende Storting give Meddelelse eller Forslag herom.

Lund sagde, at Postarne til Studnad av Vitenskapen for ein stor Del var eldre og hadde stadet paa budsjettet i fleire Aar, so han tykte, at Jaabæks Framlegg var i Utrengsmaal. _ Rindevilde røysta for Jaabæks Framlegg. Han meinte, at naar Postarne til Fagskrifter hadde stadet paa Budsjettet i fleire Aar, talad det for, at dei no kunne verta inndregne, daa det serleg var i Fyrstningi slike Skrifter trengde Studnad. _ Jaabækvar einig i dette og meinte, at den vitenskapelege Bok- og Bladskriving, som inkje kunne halda seg uppe ved si indre Kraft fekk helder falla. _ Professor Bugge heldt fram, at Uttalet i Komiteen galt berre Fagskrifter. Vart Jaabæks Framlegg vedteket, so vilde det verka langt vidare, og naar Tinget kom med Ynskje um, at den vitenskapelege Studnad skulde gjenomgaa-ast for aa minkast, so stod dette hart i Strid med den Vælvilje, som Tinget fyrr hadde møtt desse Kravi med. _ Bernerbad Jaabæk endra Framlegget sitt so, at det berre nemnde vitenskapelege fagskrifter. Som det no var gjekk det ut paa, at ein skulde staa paa Vakt mot Studnad av all Vitenskap her i Landet. Han trudde ellest, at Komiteen hadde havt Augo uppe for Nedsetjing alle Stader, der det let seg gjera. _ Rindehadde den Meiningi, at desse Postarne skulde gjenomgaa-ast for aa verta nedsette, difor fann han, at Jaabæks Framlegg var, som det burde vera. Jaabækhadde Tillit til Styringi, og han trudde at ho best kunde greida denne Saki. Naar Berner talad um, at han vilde sprengja alle Grensur, so var det aa skjota Flugur med Kanonar. _ Buggeheldt paa det han sagde i fyrste Talen sin.

Ved Avrøystingi vart Jaabæks Framlegg forkastat med 50 Røyster mot 46. Høgre og Vinstre var her um kvarandre.

Stortinget (11te _ 15de Juni). Budsjetkomiteen hadde innstelt paa, at det i alt skulde brukast 108.500 Krunur til kongelege Komissjonar. Av det skulde Krunur 57000 brukast til dei Komissjonarne, som alt er i gang, og Resten til nye soleis: 1. Ein Kommissjon til Umvøling av Skuleloven for By og Land 13,000 Kr. 2. Ein Kommissjon, som skal gjera Framlegg til Brigde i Straffeloven 10.000 Kr, 3. Ein Kommissjon, som skal granska Spursmaalet um Tilsyn med Fabrikkarbeidet og um dei Plikter ein Arbeidsgjevar skal hava, dersom nokon av Arbeidaranne hans vert skadde under Arbeidet, um Alderdomsforsikring og Forsikring mot Sjukdom og Ulukker 12.000 Kr. Til Kommissjonar, som kanskje kann koma til aa trengjast, fyrr næste Ting kjem saman, og til Hjelp av Fagmenn i ymse Saker for Departementi 16.000 Krunur.

Eit Mindretal _ Bugge, Horgen og Schøyen _ trudde inkje det var naudsynlegt aa hava nokon Kommissjon til Umvøling av Skuleloven for By og Land og vilde difor røysta mot dei 13,000 Kr. som skulde vera til denne Kommissjonen. Byskuleloven hev det voret arbeidt so lengje med, at det no er ferdigt eit heilt framlegg fraa Kyrkjekomiteen, so det trengst inkje aa koma fram i nokon Kommissjon, og dei trudde inkje at Tidi no var komi til aa endra Skuleloven for Landet.

I Tinget tok Professor Bugge upp Framlegget aat Mindretalet og heldt seg til det, som det hadde sagt. Han meinte og, at me kunde greida oss lengje endaa med Loven av 1860, daa den inkje paa langt nær var gjenomførd alle Stader. Det var paalag 38,000 Born, som endaa inkje fekk so lang Undervisning um Aaret, som Loven kravde, og av dei var det heile 19,000 berre i Trumsøy Bispedøme. Helder inkje hadde Skularne alle Stader fenget so mange Landkort og Lærebøker, som dei etter Loven skulde hava. Han trudde det var bettre, at Styringi gav Kommunestyri Paalegg um aa gjenomføra Loven av 1860 enn aa ganga til noko nytt Lovarbeid. Pensjonslov for Lærar og Lærarinnur var væl helst det, som laag nærast aa taka til med for denne Kommissjonen; men Departementet trudde, at det kunne greida dette utan nokon kongeleg Kommissjon, og Mindretalet trudde det sama. Mesteluten av det, som Kommissjonen skulde gjera, kunde godt verta greidt av Departementet utan aa setja denne Kommissjonen i gang.

Berner: Det var sant, at det iaar vart teket meir til kongelege Kommissjonar enn det hadde voret desse siste Aari, og det var greidt aa sjaa, kva det kom av. Under den gamle Styringi hadde Tinget liten Hug til aa gjeva Pengar til Kommissjonar. Ho kravde Pengar til so mange Kommissjonar, at Tinget tilslutt maatte segja Nei til alt ho kravde i so Maate. No var det greidt, at naar me hadde fenget andre Tilstande, so laut det meir Pengar til nettupp her. Flestalle av dei Kommissjonarne, som no vart nedsette, skulde taka upp Arbeidet fraa Kommissjonar, som var sette i gang fyrr. Han trudde Stordelen av det norske Folk vilde vera takksame mot Statsministaren, fordi han hadde teket seg av Skulen. Det saag ut for, at Bugge trudde, me laut leggja serleg Vigt paa Skulesaki, og det trudde Talaren med, og difor trudde han, det nettupp var Grunn til aa setja Saki under Ordskifte i ein Kommissjon. Han trudde inkje Folk vilde lika, at denne Posten vart stroken; ein vilde gjerne sjaa denne Posten som eit Vitnesburd um det Maal, den nye Regjeringi arbeidde mot.

Horgen heldt seg til Bugge. Likeeins Bonnevie, som meinte, at naar ein fekk Borni til aa ganga flittigare i Skule og fekk lenger Skuletid og gode Lærarar, so vilde det vera nok. _ Hektoenhadde Tvilsmaal um, at Folket kunna klara meir, enn det no var kravt; men Skulen paa Landet trengde so store Endringar, at han vilde halda paa Innstellingi. _ Rinde: Kommissjonarne hadde inkje gjort Gagn for Pengarne, dei hadde øydt fyrr; men han vilde vona, at det vart betre no. Han hadde ellest inkje vidare Hug til aa gjeva ut so store Pengar til Kommissjonar. Han trudde, at Kommissjonarne kunne greida seg med færre Medlemer og likeeins kunne Departementi greida mykje av dette Kommissjonsarbeidet. Han vilde røysta mot Berners Framlegg um 16000 Kr. til teknisk Hjelp og halda seg til fyrste Komiteinnstellingi, 12,000. _ Statsraad Haugland : Det var sant, at Kommissjonsbudsjettet var større no enn fyrr. Men det kom av sereigne Tilhøve.
 
Kommissjonarne byrjad fyrr iaar en vanleg og Tinget hadde kravt mange av dei. Sakerne var ellest av eit sovoret Slag, at dei laut dryftast i ein Kommisjon fyrst. Han vonad, at naar alt det Arbeidet, som dei no hadde fraa fyrr, var fraaseggjort, so skulde det trengjast mindre til Kommisjonar. _ Motzfeldt vilde røysta for Pengar til ein Skulelov-kommissjon. Han trudde det var godt. Det Statsministaren skreiv um Skulen, hadde gjort Folket meir urolege enn takksame, og i Skulen trengde ein Ro _ Hektoen var inkje redd korkje Tinget elder Folket i denne Saki, og han trudde inkje, at dei vilde gjera noko Vedtak, som var øydeleggjande for Skulen. _ Stangvilde inkje gjeva Pengar til Skulekommissjonen. _ Statsraad Blix forsvarad Styringi. Ein hadde ingen rett til aa tru, at ho her hadde noko anna Fyremaal, enn det, som var til gagn for Skulen. Han vilde sterkt halda fram, at det var Bate for Folket og Skulen, som Styringi hadde arbeidt for. Ved Avsrøystingi vart alle Postarne _ so nær som tvo _ vedtekne samrøystes. Pengar til Skulelov-kommissjonen vart gjevet mot 25 Røyster (Høgre), og Framlegget hans Rinde um 12,000 Kr. istadenfor 16,000 Kr. til teknisk Hjelp for Regjeringi vart forkasta mot 8 Røyster

(Vinstre).