Tidender.


Kristiania, den 6te Marts.

Stortingsmann  Kirkhorn skulde reise heimatt, daa han var so sjuk, at det var liti Von um nokot langt Liv for honom. Han for herfraa Byen Sundag Morgon med Jarnvegen, og daa han kom til Tynnset døydde han. Kirkhorn stod heile Tidi han var paa Tinget i den frilynde Fylkingen. Han var Medlem av Riksretten og han var den fyrste av Riksrettsdomaranne, som sloknad.


England. Kor liti Magti aat Yverhuset i England er, ser ein best av det, at mest alle dei Bladi, som talar um Mistillitsuttalet mot Styringi, so er det berre nokre faa Høgreblad, som nemner Yverhuset. Flestalle talar um, at Styringi hadde Fleirtal for seg, og so vidt me kann sjaa, so er det berre det norske Blad Fædrelandet, som finn paa nokot slikt som det aa leggja saman Røysterne fraa Yverhuset og Underhuset og so faa ut, at Styringi hadde Fleirtalet imot seg.


Krigen i Sudan . Ein Brevskrivar til Bladet Cronicle, England, fortel, at han paa Vegen til Gakdul saag burtum Slagmarki ved Abu Klea. Han skriv soleids: Det var eit fælt Syn aa sjaa. Mest ein Mils Veg var Marki dekt med daude Arabarar. Daa me nermad oss, fauk Aadselsfuglanne tung upp; men dei heldt seg i Nermonom, til me var komne forbi. Varmen og den turre Lufti hadde gjort, at Liki var skraana og turre, so dei saag ut som Mumier. Paa mange kunna ein sjaa kvite Beinet, daa Kjøtet var burtgnagat.

Dei segjer, at Mahdien hev Spæjarar i England, og at det er det, som er Grunnen til, at Styringi talar so varlegt um, korleids ho hev tenkt det med Sudan.

Baade Sudanesaranne og Engelskmennerne held seg for det meste rolege no; men det ber væl snart i hop att.  


Mange katolske Kristne i Kina er drepne av Kinesaranne. Det skal vera Visekongen, som hev gjevet Paabod um det.