Gjæte! Gjæte!


Fær dei fyrst ein Finger, so tek dei heile Handi.

Eit slikt leidt Fingertak fær Høgre og Danskeflokken i Landet, soframt no Tinget segjer berre ja og Amen til dette fyrste heftet av Norges Land og Folk, topografisk og statistisk Beskrivelse , som Direktør Kjær gjev ut med Tilskot fraa Statskassa.

Dette vert ei stor Bok, som alle vil halda seg til ved Skrivemaaten av Namn paa Fjell og Fjordar, Bygder, Elver og sovore. Fyrste Heftet, som er utkomet, handlar um Smaalenene; og her skulde daa væl Grunnsetningarne for Skrivemaaten i heile Boki vera fastslegne. Dei segjer, at dei hev raadført seg med den nyaste vitenskaplege Forskning , Prof. Rygh hev hjelpt dei. Men skal dette vera den nyaste vitenskaplege Forskning, so maa baade den og Prof. Rygh vera underleg lagad.

Dei synest aa hava gjort det paa den Maaten, at ved Namn, som Dansken alt hev endevendt for lenge sidan, der bryr dei seg korkje um Uttalen elder Skrivemaaten i det gamle norske Maalet, men godkjenner alle dei Villskaparne som er paafunne. Det er einast ved Namn, som ikkje fyrr hev stadet paa Prent noko vidare, lat dei held seg etter Uttalen.

Soleids skriv dei Jutul brua, Svartvashøgda, Brækka, Lundeheia, Rauø (etter Uttalen noko), men so andre tvert imot, soleids Kragerøen, (endaa alle Folk, jamvæl Grosserarar i Fredrikstad segjer Kraakerøya), Løberen, _elven, _aaen.

Der er ei Bygd, som heiter Spebber no, paa Gamallnorsk Spjoteberg, den skriv dei for Spydeberg, som ingen Grunn hev for seg. Det er daa rart, naar dei vil taka det paa den gamle Visi endeleg, at dei ikkje gjer det til Gangs og skriv anten Spiuttheberg elder Spøtthebergh, som dei gjorde eitid.

Der er ei Bygd, som dei kallar Skjedve elder Skjettve; paa Gamallnorsk skreiv dei anten Skygtveit elder Skiptveit. Den skriv dei for Skibtvedt. Det er daa rart, naar galet skal vera, at dei ikkje skriv Skyftueit elder slikt, so som dei gjorde eitid.

Ei Bygd heiter Glømmen Gmln. Glymheim elder Glimeim, den skriv dei Glemminge. Og so burtetter.

Og so Namnet paa Elvi Glaama, kvifor skal daa ikkje so greidt eit Namn elder kunna skrivast rett? Glommen skriv dei, noko som ikkje hev Grunn for seg nokon Stad. Glaama elder Glomma segjer Folk alle Stader. Og Rygh skulde væl nettupp kjenna til, korleids det vart skrivet gamalt ogso han. For ikkje rettare enn me veit, so er det han, som hev funnet ein Stad, at Store Nes paa Romerike er skrivet for Glaamu-nes, noko som syner, at Elvi heitte Glaama daa ogso.

Ein annan Ting ogso; naar dei hev Rom til aa skriva um Klædestell og anna i gamle Tider, so kunde dei daa godt latet til nokre Linur um Maalføret ogso. _

Her maa det sanneleg dugeleg Skrubbing til fraa Stortinget, um dei daa ikkje reint skulde negta Statspengar aat Boki, soleids som ho no er, berre senda henne atter til Bokmakaren og beda honom raadføra seg med den verkelege vitenskaplege Forsking, og ikkje senda henne ut atter fleire Gong, fyrr ho vart sodan, at Folk kunde kjennast ved sine heimlege namn og hava Ære av dei.

Med det same burde dei ogso spyrja Regjeringi, korleids det er lagat med den Komisjonen, som skal sjaa til aa faa Skikk paa 
Namni i Matrikullen. Soframt dei der vil gjera det paa same Maaten som Kjær, so var det best, at Stortinget sagde med det same, at dei vilde ikkje meir hava med dei aa gjera, men at det maatte skaffast Folk dit, som hadde meir Vyrding for vaare nasjonale Krav.

Tinget maa slaa fast ein Gong for alle, at dei vil ikkje vita av annan Skrivemaate paa Namni, enn den, som tek Umsyn berre til Uttalen no og til Gamallnorsken. Alle dei Galskapar som Danske-styringarne fann paa, vil me ikkje dragast med no lenger.