Eit Par Ord til um Dissentarloven.


Det er Spursmaal um verkleg ein Manns Kristentru kann hava nokot aa gjera med det, kor vælskikkad han kunde vera til Historielærar, etterdi me inkje trur, det vilde vera væl gjort aa gjera Lov um at Dissentararne kunde taka dei Læretimarne i Folkeskulen.

Sovidt eg skynar, vert det inkje motsagt, at ifall Sogelæra skulde verta sett fram fyre Borni i det Ljoset, som Dissentarlæraren sjølv maa sjaa ho i etter sine serskilde Trudomsmeiningar, vilde det inkje vera rettferdig elder rimelegt, at han skulde vera Lærar i vaar Folkeskule. Lat oss tenkja, at ein Jøde skulde læra Borni si Meining um den Tidi, som fyre oss er som Blomen paa Sogatreet og sjølve Tide-Fullnaden; (for me minnest, Dissentarloven gjeld ogso Jødarne). Elder at ein Katolikk skulde læra dei um Reformationen, endaa det aa forlata Paven i hans Augo er det same som aa falla fraa sjølve Kristendomen, medan det fyre oss er helder ei Attervinning av rette Kristendomen. _ Men Meiningi aa hi Sida er nokk den, at ein Historielærar inkje tarv og inkje skal lata det koma fram, kvat Ljos han med si serskilde Tru ser Tilgangarne i Soga i. Som um det let seg gjera. Ein Manns Tru set Sermerket paa all hans Livssyn og heile hans indre Menneskja. Det kann daa ingen sume Tider lata si serskilde Lvissyn vera utanfyre elder stundimillom leggja burt si indre Menneskja, _ i Historietimarne allvist inkje.

Dei nemner Fritenkjeriet; det er daa endaa verre enn Dissentartrui, og ingen kann vita, segjer dei, um det inkje er myket Fritenkjeri hjaa dei Skulelæraranne, me hev. _ Det er sjølvsagt, at eg inkje trur, ein slik Mann skulde vera Skulelærar; helder inkje Sogelæra trur eg han kunde læra Borni paa rette Maaten. Ein Kristen trur, at Gud Herrens Hand er med i alle denne Heimens hende, og mest skilleg ser han ho gripa inn i dei store Tilgangarne ned gjennom Tiderne, i Vreide elder i Naade etter Framferdi aat Menneskjorne. Fyre ein Fritenkjars Augo maa heile Mannalivet og alt Sogas Laup anten vera ei lang Villa utan Meining og Samanheng og utan Fyremaal. Elder den nyaste Læra trur eg nok helder er den: Det er daa nokot, som styrer i Mannalivet. Dei gamle Heidningarne kallad det fyre Lagnad; Namnet var galet, for no skal det heita Lov; men Tingen sjølv hadde dei rett i, for det som styrer Livet er berre ei daud Kraft. No, det er no hans Tru, so det er inkje meir aa segja um det, utan at me trur det inkje.

Ein Fritenkjar kann vist heimta fram or Soga mange einskilde Lærdomar til Etterfylgjing, Klokskap, Kjærleike aat Fødelandet og annat; men fyre han er det eit inkje, det som fyre dei Kristne er Hovudsaki i eit rett Mannaliv, det som og Sogelæra styrkjer hjaa dei, at det vert eit gudlegt Liv.

Eg kann inkje tru, at ein samvitsfull Mann eingong vilde tykkja, han kunde vera Historielærar i vaar Folkeskule, naar han inkje hadde vaar Tru. Og eg tykjer inkje, det kunde gjera Tingen betre, um han var ein dugande Lærar og hæv nok til aa læra Borni, naar han inkje kunde draga til same Kanten som den kristelege heimen.

Andr. R