Diktarløner.


Det er Bjørnson, Ibsen og Jonas Lie, som Hev Diktarløner av Rikskassa.

Her i Haust søkte Kielland ogso Kyrkjedepartementet um at han maatte faa eit Vederlag for det, at Utlendingen tok Bøkerne Hans og umsette, utan at han fekk ein Skilling for det.

Til det svarad Departem., at det saag seg ikkje Raad med aa faa dette vedgjort straks, men naar det leid uti Aaret meinte det det, at ei ny Ordning kom i stand, som skulde sikra Eigendomsretten paa Bøker i framande Land.

Bjørnson og Lie er ikkje nøgde med dette; dei sender Brev til Stortinget, at det maa latast til Diktarløn aat Kielland.

Brevet lyder soleids:

Undertegnede ved af Erfaring, at et lidet Folks Digtere uden Formue trænger Statsbidrag, hvis de helt skal leve for sin Opgave, føre en dertil nødvendig Udvikling og hævde Livssyn og Meninger uafhængig af Mængdens.

Derfor ansøger vi om Statsbidrag for Alexander Kielland. Hans Adkomst til denne Hæder at oppebære Digtergage af sit Folk, forekommer os ligesaa sikker, som at det vilde være uretfærdigt, at andre har, hvis han ikke ogsaa faar.

Me maa for vaar Del segja, at me ikkje likar desse Diktarlønerne noko større. Men skal dei vera, so var det ikkje berre Kielland, som laut hava, men ogso Arne Garborg. For um det er det, som ein ser etter, so hev Domen i Utlandet gjevet Garborg same Diktarrang, som desse andre fire. Ja skulde ein vega Høve mot Høve, so vil ein finna, at Garborg maatte jamvæl hava ein Fyremun framum Kielland, med di at han skriv paa eit Maal, som endaa berre kann reikna paa halve den Leseringen som den hin hev.

So at vilde ein hava jamnstelling millom Dansken og Norsken her i Landet, so maatte ein norsk Diktar hava meir enn den danske, um Høvi deira skulde vera like.

Um no dei fire danske Diktaranne vaare Skulde faa Diktarløner, men ikkje den einaste norske, so vilde ein med god Grunn klaga paa, at Staten hjalp fram Dansken i Landet til Burttrengjing av Norsken. Men ettersom baade Regjering og Storting no er lagad, skulde ein daa helder venta, at dei paa alle Leider helder skulde framhjelpa Norsken væl so mykje som Dansken. Det vilde slett ikkje vera for mykje, no naar dei andre Diktarlønerne er 1600 Kr., um den norske Diktaren vaar fekk 1000 Kr. Meir, 2500 Kr. Elder iminsto 2000 Kr.

Men Garborg hev daa ein god Post som Statsrevisor, vil væl sume segja, Staten styd under honom paa den Maaten.

Ja hadde det endaa voret ein sodan Post som Slotsforvaltar elder Fyrvaktar elder Tolluppsynsmann elder noko slikt, som ikkje trengde til noko Hovudbrot, so var det ikkje noko meir aa segja paa den Ting. Men aa binda ein Mann fast til ein kantorbenk i Kristiania, det er vist den kleinaste Maaten ein Stat kann løna sine Diktarar paa elder letta Forfattarvegen for dei. For er det nokon Stad ein skulde verta ufør til aa kveikja Folk upp med friske tankar og eit fagert Maal, so maa det væl vera i dei offentlege Kantori. Det vert berre aa kalla Fristundsarbeide ein Diktar daa kann faa ofra aat si eigi sjølvstenduge Gjerning.

Og det var slett ikkje for det, at Garborg var god Maalmann elder Diktar, at han vart gjord til Statsrevisor, men fordi han hadde eit gløgt Hovud til aa kritisera. Men det er ikkje Spursmaal um anna, enn at det er paa Forfattarvegjen, at Garborg hev sine Evne og kann hevda seg ei Stelling. Og daa var det væl best, um han fekk eigna seg heiltut til dette, for me hev ikkje mange, som er Maken hans der; men til aa vera Statsrevisor var det væl ikkje vondt um aa finna andre, som ogso kunde vera brukelege.

Men so er det mange, som ikkje vil, at Garborg skal hava noko, fordi han er slik ein Fritenkjar. Me hev imot baade Fritenkajrskapen hans og ymist anna som han skriv me ogso. Men ein fær hugsa paa, at alle Stordiktaranne vaare er Fritenkajrar, so at ein skal sjaa etter det, so maatte anten ingen av dei hava noko av Statskassa, elder so likt for alle.

Garborg er soleids ikkje meir radikal i Fritenkajrskapen sin enn Bjørnson; Garborg hev skrevet Kritikkar yver visse Bøker, men hev væl aldri gjenget sjølve Kristentrui soleids inn paa Livet som Bjørnson. Og ved Garborg kann ein ikkje paa nokon Maate segja, at det er Fritenkjarskapen, som er Hovudsaki for honom. Sjaa til den største Boki hans, Bondestudentar. Me trur ellest, at det er ingen Faare i det, at dugande og tenkjande menn fær fritt Tilføre til aa segja si Meining klaart og opet. 
Lat dei berre faa segja det som ligg dei paa Hjartat, dei beinkar seg nok, det kann ein vera stød paa, um det ogso kann sjaa ymist bilomtil.

Janson hadde Diktarløn, fordi han var Landsmaalsdiktar. Er det so nokon Grunn til ikkje aa vilja unna Garborg det same, han som daa hev fenget mykje meir Godkjenning som Diktar enn Janson?

Me bed alle Bønder og Maalmenn i Tinget tenkja paa, um det gjeng an aa gjeva ei ny Diktarløn til ein av vaare danske Diktarar, dentid som den einaste Landsmaalsdiktaren ingi hev.