Boksjaa.

 
Fraa Cammermeyer hev me faatt til Melding:

1ste Hefte av Pattedyrene , beskrevne og illustrerede af Carl Vogt og Friedrich Specht. Oversat af W. M. Schøyen.

Det er sjaaande ut til aa verta ei ovgild Bok, _ eit Pragtværk, som dei plar segja. Teikningarne er framifraa greie og so fint gjorde, at det er vandt, um eg hev set Maken. Og sjølve Teksten i dette fyrste Heftet lovar au godt.

Boki vert stor. Ho er meint aa koma ut i 20 à 25 Hefter og skal vera ferdug til Jol iaar. Der vert ein 300 Teikningar i henne, og av dei kjem vel paalag 40 til aa fylla ut heile Sida, _ og dei er i Storleik mestedet dubbelte av ei vanleg Skrivebok.

Fyrr er Boki komet ut paa tysk, fransk, italiensk, engelsk og russisk Maal, _og no kjem ho daa au paa dansk.

_ For Skulemeistarar og alle, som hev Hug for Dyrelæra, vert Boki vist mykje lagleg, og daa Teikningarne er heilt Meistarverk, so kann det vera Hugnad for nokon kvar hellest au aa eiga ei slik Bok.