[Tidender.] England og Russland.

 
Den siste Høgrestyringi i England, Ministeriet Beaconsfield, eglad seg inn paa Rusland seint og tidleg, og dei tvo Landi sende jamt kvarandre Helsingar, som var alt annat enn fine. No sidan Gladstone kom til Magti, hev England og Russland voret nok so gode Vener, og det hev sjeldan voret skift eit ufint Ord dei imillom. Men no for nokre Dagar sidan tok det engelske Bladet Times til so smaatt aa slaa paa Stortruma. Grunnen var den, at Russland akar seg jamt sudover i Asia. Det hev no Krigsfolk ved ein By, som heiter Merv, og det siktar nok so smaatt paa aa taka Byen herat og. Dette likar inkje England, som ventelegt kann vera, daa di lenger Russen kjem mot sud paa den Kanten, di nærare kjem han India; og England held no eingong India for aa vera den venaste Glimesteinen i den engelske Kruna. Times sende Russland ei Helsing og sagde, at dersom russiske Krigsfolk tok Herat, so vilde England taka det upp for det, at Russland hadde kastat Krigshansken til England. Til det svarar det russiske Blad Novoje Vremja paalag som so:

Det er inkje so lengje, sidan England under Beaconsfield dreiv sin vitlause orientalske Politikk, og det tek no til aa hausta det, som det den Gongen saadde.

Vel er inkje russiske Krigsfolk komne til India; men den eine etter den andre av dei evropeiske Magterne legg no sin Uvilje mot England for Dagen; korkje Frankrike elder Tyskland, ja inkje eingong Italia, Belgia og Portugal er no lenger so redde det Flag, som eingong raadde paa alle Hav og i alle Hamner. Dette er noko, som kvar og ein kann sjaa. England hev voret redd for, at Russland skulde nærma seg India, og alt det Lord Beaconsfield under den siste russisk-turkiske Krig lagde seg i Selen for aa gjeva Russland ein Knekk, hev voret til 
gagn for alle andre enn England sjølv. England aaleine hev tapt ved den Tverkingi, det hev haldet med Russland; det hev mist ein stor Del av sin Fyremun baade i Evropa og andre Stader. Ja Russland og hev fengje Hjelp av Beaconsfield, um inkje nettupp i Evropa. Me kann takka honom for, at me no kann ganga langt fortare mot Herat, enn me ellest hadde komet til aa gjort, um inkje det engelske Høgre med alt Braaket sitt hadde tvingat Russland til aa sjaa etter, um der i heile Verdi inkje fanst ein Flekk, der Engelskmennerne, naar dei møtte Russen, inkje fekk hava ein symjande Redningsstasjon (den engelske Floten) i Ryggen. Me hev set dei engelske Krigsskip ved Konstantinopel under siste krig og Englands Flote ved Kronstadt; likeeins hev me set den engelske Her paa Krim under Krimkrigen. Kann no det upplyste og sjøfarande engelske Folk krevja av oss, at me skal lette Tilgangen til Russland endaa fraa den tredje Sida? Det vilde vera altfor barnslegt. Engelskmennerne er redde for, at Russland skal taka Herat; men Russland vil inkje paa nokon Maate tillata, at England set seg fast ved Grensa av Persia og Russland. Det er for, at engelske Krigsfolk inkje skal setja seg fast i Herat, at Russland hev set Vagt ved Merv. Og det finst Engelskmenn, som drøymer um, at engelske Krigsfolk skal halda Inntok i Herat, og bur dei inkje i London, so bur dei i Kalkutta (Hovudstaden i India). Emiren av Avganistan er Hjelpesmannen deira, og han skal vera tenkt paa aa reisa til Kalkutta for aa samraada seg med Engelskmennerne um aa byggja 
Festningar ved Herat, elder um aa faa ein engelsk Krigsstyrke til aa busetja seg i Herat. Men naar engelske Politikkarar ser med slike Augo paa Saki, so er det inkje greidt for Russland aa standa paa ein god Fot med dei. Dersom England held fram etter desse Planarne, so er det umogelegt for Russland aa koma til nokor Slag Semje med England. Men tru dette vil vera gagnlegt for Englands og Ruslands sams Innteressur? spør Bladet.