443 Gustav Friedrich Büsing, 30.4.1894

Til Hr. G. F. Büsing. Hamburg. 2 Hohenfelder Allée.
 
Anm. Det har i lang Tid faldt mig meget besværligt at skrive, saa at jeg ikke nu kan skaffe nogen god Haandskrift.
 
Kjært er Livet med all sin Harm;
Det klaarnar alt som det gjenger,
Men endaa treng eg ei Von i Barm
um eit, som varer lenger.
Ivar Aasen.
 
Christiania den 30. April 1894.
Ivar Aasen.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd, omframt eit utkast. Datoen og den siste underskrifta vantar i kladden men står på utkastet, som elles ikkje har med sitatet frå «Livet».
 
- I udatert brev [1894] spør G. F. B. om å få I. Aa.s autograf attåt «einige Zeilen in Ihrer Muttersprache». Han refererer og siterer ymse autografar han har fått, nemner m. a. at han har fått frå H. Ibsen, B. Bjørnson og Edv. Grieg.
 
- Gustav Friedrich Büsing (1866-1940), kjøpmann i Hamburg, var ei tid ein velhalden mann, men mista alt i inflasjonen etter den fyrste verdskrigen. Alt i ungdomen tok han til å samla autografar og fekk til sist ei stor samling. I den siste krigen vart det meste av G. F. B.s samlingar ført til Erzgebirge i forvaring men russarane tok i 1945 hand om det, og det er seinare ikkje kome til rette. Det er mogeleg at dei norske auto­grafane kan vera i denne samlinga.
 
- Kjært er Livet] siste vers av «Livet» («Symra», 1863). Teiknsetjinga i avskrifta er ikkje identisk med den originale.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009