Saknar språkpolitikk for kvardagane

Saknar språkpolitikk for kvardagane

– Dei fire regjeringspartia ser språkmangfaldet i Noreg, men følgjer ikkje opp med konkrete tiltak for å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark.

– Formuleringane om språk i plattforma er vage. Regjeringa vil styrkje, arbeide for, vurdere og greie ut, men kjem ikkje med ny konkret språkpolitikk. Det gjer behovet for språkpolitisk engasjerte statsrådar for kultur, kunnskap, næring, forsking og offentleg sektor stort, utdjupar han. Regjeringsplattforma er meir konkret om urfolks- og minoritetsspråk enn om nynorsk og bokmål.

Språk i kvardagen

Lovnaden om språklov i Jeløy-plattforma lever vidare i Granavolden-plattforma.

– Dei norske skriftspråka må vere synlege i kvardagen. Engasjementet regjeringa Solberg har synt for norsk språk i akademia, klarspråk i staten og språkteknologi må føre til konkrete tiltak, seier direktør Sandsmark. Han peikar særleg på behovet for lærebøker i profesjonsfag, som sjukepleie, grunnskulelærar, politi og sosialfag, på nynorsk og bokmål. – Lærebøker fell utanfor både forskings- og kulturpolitikken. Det er synd. Vi treng gode fagfolk som kan snakke og skrive om faga sine til folk flest på norsk, seier Sandsmark. 

All mediestøtte i éi ordning

I Jeløya-plattforma ville regjeringa greie ut om all mediestøtte, inkludert NRK-lisensen, kunne vere i éi mediestøtteordning. Det har dei fire partia no konkludert med. – Noreg treng nye ordningar for mediestøtte, som tek større omsyn til det norske mediemangfaldet. NRK-plakaten er den viktigaste ordninga for å sikre nynorsk innan- og utanriksstoff på nett. Det nynorske mediebiletet må kome styrka ut av eventuelt nye ordningar, ikkje svekkja, seier Sandsmark. 

Utgreiing av språkdelt ungdomsskule

Firepartiregjeringa vil greie ut å utvide retten til eigne nynorsk- og bokmålsklassar i språkdelte område frå barneskulen til å også gjelde ungdomsskulen. – Det er synd fleirtalsregjeringa nyttar fleirtalet til å greie ut i staden for å prøve ut eller rett og slett vedta. For å sikre reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål trengst dette og fleire tiltak, som gjer det lettare å bli verande nynorskbrukar, seier Sandsmark.

 

For meir informasjon:

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, mobil 908 12 196