Over 700 000 kr til nynorsk i Bokåret 2019
Foto: Sunniva Lund Osdal

Over 700 000 kr til nynorsk i Bokåret 2019

Nynorsk kultursentrum gler seg til Bokåret 2019. Vi skal feire vers og forteljingar i Ørsta, Ulvik, Vinje og resten av landet.

– Vi takkar Nasjonalbiblioteket for å ha løyva 700 000 kr til prosjekta våre som skal fremje leselyst og gi fleire kunnskap om norsk bok- og litteraturhistorie. Nøyaktig kva vi gjer kjem vi tilbake til tidleg på nyåret. Vi veit allereie at det blir arrangement og utstillingar i alle avdelingane våre og andre stader i landet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Ein viktig del av søknaden var ein landsomfattande turné med utstillingane vi har produsert om nynorsk språk og litteratur. Om skulen, biblioteket, museet, ungdomshuset eller andre kunne tenkje seg å ha ei av våre over 30 vandreutstillingar ei eller fleire veker i Bokåret 2019, kan de ta kontakt med admin@aasentunet.no.

Saman med Landslaget for nynorskkommunar søkte Nynorsk kultursentrum om pengar til prosjektet «Heile Noreg les» med tiltak for barn og ungdom i nynorskområda. Dette prosjektet har fått 500 000 kr i løyvingar. Det vil gi nynorske barn og ungdom i mange fylke gode opplevingar med ny og eldre nynorsk barne- og ungdomslitteratur.