Aasen-bibliografi med nytt om Ivar Aasen

Den boka av Ivar Aasen som flest aviser omtalte, var «Norsk Navnebog» i 1878 med opplysningar om tydinga av personnamn. Det var også den siste førsteutgåva han gav ut. Det går fram av «Aasen-bibliografien» som Ottar Grepstad presenterer i Aasen-tunet på Aasens fødselsdag 5. august.

Aasen-bibliografi med nytt om Ivar Aasen
Ottar Grepstad
Det er blitt ei bok på 560 sider med fire lange essay og over 6800 innførslar over tekstar av og om Ivar Aasen 1825–2017.
– Aasen-bibliografien er nok ein av dei største bibliografiane som er laga her til lands, seier Grepstad. Arbeidet tok til då han skreiv den kritikarroste biografien «Historia om Ivar Aasen» i 2013. Delar har vore publisert før, men no er alt samla, oppdatert og utvida.

Innanrikskorrespondent for Dølen

Aasen publiserte tekstar og bøker i 63 år, frå han var 19 år til han var 82. Det er kjent frå før at Ivar Aasen hjelpte Vinje med å gi ut bladet Dølen mellom 1858 og 1870. Kor mykje han gjorde, har derimot vore uvisst. No har Ottar Grepstad leita fram alt som det er sikkert at Aasen skreiv. Den lista viser at Aasen truleg var innanrikskorrespondent for Dølen. – Ikkje regelmessig, men av og til, seier Grepstad.

Bibliografien dokumenterer også om nær 2000 tekstar om Aasen. Den første av dei stod på trykk i ei Bergens-avis sommaren 1841. Særleg som diktar ville Aasen gjerne vere anonym, og visesamlinga Symra kom difor ut sommaren 1863 utan noko forfattarnamn. – Det heldt i eit par veker, fortel Grepstad. – Då skreiv Stavanger Amtstidende at boka truleg var skriven av Ivar Aasen.

Meir på nynorsk frå Vinje enn frå Aasen

Aasen-bibliografien er ein parallell til den Vinje-bibliografien som Grepstad gav ut for eit år sidan. Vinje trykte nesten alt han skreiv, men etter Aasen ligg det framleis mange upubliserte tekstar. Med god hjelp frå Nasjonalbiblioteket og andre er alle manuskripta dokumenterte i denne boka, fortel Grepstad.

– Aasen dikta på landsmål frå 1851, men skreiv nesten all sakprosa på dansk gjennom seksti år. Vinje skreiv derimot knapt noko på dansk etter 1858, han skreiv mykje meir nynorsk enn Aasen, og tekstane hans nådde fleire lesarar, oppsummerer Ottar Grepstad.

 

Kjøp bibliografien her