Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas var ein folkekjær diktar og avgjerande omsetjar og strateg for nynorsk språk og litteratur. 

Det var stor tru på bygdekulturen i det miljøet Halldis Moren vaks opp i frå 1907 og som ho levde tett på fram til ho døydde i 1995. Familien Moren var heile livet tett knytt til ungdomslaga og litteraturen. Ho var også ein del av kunstnarmiljøet i Oslo og i tre år arbeidde ho i Sveits der ho lærte fransk og fekk stor interesse for europeisk litteratur.  

Allereie som niåring fekk Halldis Moren Vesaas sine første tekstar på trykk i Norsk Barneblad. Ho skreiv og omsette fleire forteljingar for barn. 22 år gamal gav ho ut si første bok. Det var diktsamlinga Harpe og dolk. Ho er ein av dei første som skriv dikt på norsk der kvinna ikkje er objekt, men sjølv er ho som gjer, snakkar, tenkjer, kjenner og elskar. Vesaas er ein omtykt lyrikar og var ein mykje nytta opplesar. Fleire av dikta henna blir nytta ved mange høve. Blant dei mest nytta dikta er «Ord over grind» og «Tung tids tale». 

Halldis Moren Vesaas står i den stolte tradisjonen med å omsette og gjendikte verk frå verdslitteraturen til nynorsk. Ho omsette og gjendikta frå fransk, tysk, engelsk og skandinaviske språk. Over 50 teaterstykke av til dømes Bertolt Brecht, William Shakespeare og Jean-Baptiste Moliére er omsette til nynorsk av Halldis Moren Vesaas for Det Norske Teatret, Riksteateret, Fjernsynsteateret og Radioteateret.  

Moren Vesaas var ein viktig kulturpolitikar og talsperson for nynorsk språk og litteratur. I løpet av livet sat ho i Norsk Språknemnd, Norsk kulturråd, Kringkastingsrådet og styret i Riksteateret. Ho har òg vore litterær konsulent for fleire forfattarar, redaktør av antologiar, bokmeldar og medlem av tidsskriftsredaksjonar. Utan Moren Vesaas hadde norsk kulturliv på 1900-talet vore annleis. 

kjelder

Sigrid Bø Grønstøl: «Halldis Moren Vesaas», allkunne.no [lesedato 3.12.2019] 
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018 
Dag Aanderaa: «Halldis Moren Vesaas», Norsk biografisk leksikon [lesedato 3.12.2019] 

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.