Fleirtalet vil gi 100 000 kr meir til Vinjesenteret i 2021

Skisse frå barne- og ungdomsdelen om dikting ved Vinjesenteret. Skisse: Sixsides for Nynorsk kultursentrum.

Vinjesenteret kan få til saman 900 000 kr frå Vestfold og Telemark fylkeskommune i 2021.

Nynorsk kultursentrum er glade for at fleirtalspartia, med Ap, Sp, SV og MDG, i fylkesutvalet i Vestfold og Telemark har innstilt å gi Vinjesenteret 100 000 kr i tilleggsløyving i 2021. – Neste år opnar det første nasjonale museet for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark. Det er ikkje ofte nye nasjonale institusjonar vert opna i fylket, derfor er det gledeleg at fylkeskommunen er med på å finansiere dette, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Planen er at Kulturdepartementet skal stå for 60 prosent av finansieringa, Vinje kommune for 20 prosent og Vestfold og Telemark for 20. Neste år vil fylkeskommunen stå for 15 prosent av tilskotet. – Denne eingongsløyvinga kan vere ein veg mot at fylkeskommunen bidreg med sin del. Det er uansett positivt at dei er med på spleiselaget når stat og kommune allereie stiller opp, seier Sandsmark.

Fire fast tilsette og ein aspirant finansiert av Kulturrådet arbeider saman med alle dei tilsette i Nynorsk kultursentrum og utstillingsprodusenten Sixsides for å få på plass ei utstilling som både syner nasjonal dikting og journalistikk, og dei lokale og regionale bidraga til kulturarven. – Noreg er eit land der kulturell og sosial makt er spreidd over heile landet. Sjølvsagt kan eit nasjonalt senter ligge i Vinje, og når det gjer det er det naturleg at det ligg i grenda Aasmund Olavsson Vinje vaks opp og Tarjei og Halldis Moren Vesaas budde, avsluttar Sandsmark.

Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Nynorsk kultursentrum
Skisser til ny utstilling av Sixsides for Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum er glade for at fleirtalspartia, med Ap, Sp, SV og MDG, i fylkesutvalet i Vestfold og Telemark har innstilt å gi Vinjesenteret 100 000 kr i tilleggsløyving i 2020. – Neste år opnar det første nasjonale museet for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark. Det er ikkje ofte nye nasjonale institusjonar vert opna i fylket, derfor er det gledeleg at fylkeskommunen er med på å finansiere dette, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.