- Besøk oss
- Column 2
- OpningstiderVinjestoga 25.juni–15. august: torsdag–sundag kl. 12.00–17.00AdresseVinjevegen 1441, 3890 Vinje
- Vinjeforfattarar
- Om oss

Hausten 2020 fekk barnehagane rundt Vinje-senteret, Olav H. Hauge-senteret og Ivar Aasen-tunet invitasjon til å vere med på å lage eigne kunstverk inspirert av boka «Leggetid» av Frode Grytten. Heile 17 barnehagar melde seg på.
Ivar Aasen-tunet har i fleire år hatt tradisjon med å invitere barnehagane i vertskommunane til å bidra med kunstverk basert på ei utvald bok. I år måtte vi tenkje nytt pga koronasituasjonen. Med ei digital kunstutstilling har vi fått med barn nær alle dei tre arenaene til Nynorsk kultursentrum.
All den fine kunsten vi har fått inn kan de sjå i dei tre filmane som er laga for Ørsta, Ulvik og Vinje. Dei ligg på Nynorsk kultursentrum sin Youtube-kanal. I filmane fortel også forfattar Frode Grytten om tankane bak boka og illustratør Mari Kanstad Johnsen viser korleis ho arbeidde med bileta.
Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark
Redaktør: Maria Fet
Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/ Vilkår for bruk