Tilbake til alle arrangement

Vinjesenteret opnar med fest!

fredag, 27. august 2021

 

Offisiell opningsfest på Vinjesenteret

Fredag kveld den 27. august 2021 skal Vinjesenteret ha opningsfest, og i samband med Litteraturdagane blir det ei fullpakka helg.

Opningsarrangementet slåast saman med Litteraturdagane som startar tidlegare på dagen, mens kveldsopplegget er den offisielle opninga. Vinjesenteret kl 18:00.

kl. 18:00 – 19:00 – Opning av senteret med Agnes Ravatn, Tone Sofie Aglen (VG), Helga Flatland med fleire.

kl 21.00–22.30 – Odd Nordstoga med band.

Opningsarrangement fredag kveld: 390,-

Festivalpass til heile helga: 1600,-
Medlemspris(20% rabatt): 1280,-

Det vert opplegg på laurdag og sundag òg, og billettar til fleire arrangement og/eller festivalpass kan du kjøpe på Litteraturdagane.no.

 

Meir informasjon om korleis du kjem deg til Vinjesenteret finn du her.

 

Arrangørar: Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret

Grunna uvissa rundt Covid-19 og restriksjonar blir det lagt ut eit avgrensa antal billettar i fyrste omgang. For å få plass til fleire til opningsprogrammet blir det utescene og dermed fleire billettar til arrangementa ute. Enn så lenge vil det også vere generell uvisse ved arrangementa, men det vert oppdatera på denne sida etter kvart som Regjeringa kjem med meir informasjon om sommar og haust.

Med atterhald om endringar.

  • Organizer Name: Vinjesenteret
  • Type: Konsert
  • Tid: 27. august 2021 - 18:00 - 22:30
  • Stad:Vinjevegen 1441
  • Lengd:4,5 timar