Tilbake til alle arrangement

Lesering med Stein Versto held fram

måndag, 27. september 2021

I vår starta forfattar Stein Versto opp ein lesering med fast møtetid måndagar på Vinjesenteret. Den gong las deltakarane romanane til mor og dotter-duoen Tveiten frå Seljord, Bonus og Menneske og møll.

No held leseringen fram utover hausten. Denne gongen skal deltakarane lese Eit praktisk menneske (2020) av Kjersti Rorgemoen.

– Det ser ut til at leseringen er komen for å bli, skriv Versto sjølv.

Det er Vener av Vinjesenteret som står som tilskipar av desse ti møta. Deltakaravgifta blir 200 kroner per møte – 100 kroner for dei som er medlemer i venelaget – og må betalast samla føreåt. Ønskjer du å bli medlem i venelaget, tek du kontakt med Knut Rosenkar Garnes på krgarnes@online.no
Det første møtet blir måndag 27. september kl. 18.30–20.30, og ringen held fram kvar måndag etter det. Til det første møtet tek deltakarane med seg eit sjølvvalt dikt av ein nolevande eller avdød lyrikar, og kopiar av diktet til utdeling. Det er fint om alle som ønskjer å vera med og får plass, skaffar seg Eit praktisk menneske.
Har du spørsmål, eller vil melde deg på? Send ein e-post til steinversto@gmail.com
  • Organizer Name: Stein Versto
  • Email: steinversto@gmail.com
  • Type: Arrangement
  • Tid: 27. september 2021 - 18:30 - 20:30
  • Stad:Vinjesenteret
  • Lengd:120 minutt