Tilbake til alle arrangement

Konsert med Perleskum

laurdag, 2. oktober 2021

Leiken musikk til Vinje sine evigunge ord.

Perleskum er Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist), Unni Boksasp (folkesong, harpeleik), Lars Andreas Haug på tuba og Dag-Filip Roaldsnes (piano).

I eit mangekolorert krysningsfelt mellom folkemusikk, vise og jazz leikar Perleskum seg med Aasmund Olavsson Vinje sine dikt. I eit fantasifullt tonespråk gir kvartetten ny forståing av dei gamle orda om kjærleik, lengt og frustrasjon, om kunsten, sorga og gleda.

Alle gode ting er tre, for konserten er eit etterlengta tredje forsøk på platesleppkonsert i Vinje for albumet «Tytebæret» som kom ut våren 2020.

Laurdag 2. oktober klokka 17.00 går dei på scena på Vinjehuset i Åmot.

  • Type: Konsert
  • Tid: 2. oktober 2021 - 17:00 - 18:00
  • Stad:Vinjehuset