Tilbake til alle arrangement

Fredsprisen til fri presse: Gro Holm og Halvor Tjønn i samtale med Astrid Versto

torsdag, 2. desember 2021

10. desember mottek journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov Nobels fredspris i Oslo rådhus. Dei får prisen for sitt urokkelege arbeid for ei fri og kritisk presse på Filippinane og i Russland.

I samband med årets fredsprisutdeling møtest to norske utanriksjournalistar med lang fartstid, på Vinjesenteret for å diskutere kvifor denne prisen til Ressa og Muratov betyr så mykje.

Gro Holm har vore utanriksjournalist i NRK i ei årrekke. Ho har vore korrespondent både i Moskva og i Washington. I tillegg har ho arbeidd mykje med Midt-Austen, og besøkt Kabul fleire gonger.

Halvor Tjønn er journalist, historikar og forfattar. Han er for tida fast skribent i Dag og Tid. Han har òg vore fleire rundar som utanrikskorrespondent i Moskva for Aftenposten.

Vinjes eigen Astrid Versto, som sjølv har bakgrunn som journalist, diplomat og informasjonsarbeidar, skal leie samtala.

Me håpar de vil vera med og høyre på ein viktig og fin prat!

Inngang kr 150. Billettar på eBillett og i døra. Avgrensa med plassar.

  • Type: Arrangement
  • Tid: 2. desember 2021 - 18:00 - 19:00
  • Stad:Vinjesenteret