Tilbake til alle arrangement

Utsett: Feiring av A.O. Vinjes 202-årsdag med dobbeltkonsert

laurdag, 4. april 2020

Konsertane er diverre utsette. Meir informasjon kjem seinare.

Vinjehuset 4. april kl. 14.00

14.30–16.00: Groven-konsert
Musikk i Groven tradisjon, med musikk av brørne Olav og Eivind Groven og brorosonen Sigmund Groven. Framført av tre musikarar med telemarksrøter:
Sigmund Groven: munnspel
Leif Solberg: fele
Kåre Nordstoga: flygel

16.00–17.00: Servering av Vinje-graut.

17.00–18.30 Perleskum
Aasmund Olavsson Vinje, den tvisynte diktaren med den skarpe pennen fyller 202 år i 2020. Det må sjavsagt feirast! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Lars Andreas Haug: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn

Grovenkonsert: 250,-
Perleskum: 250,-
Begge konsertane med servering av mat: 500,-

Arrangørar: Vinje historielag, Vinje kommune, Vinje-senteret og Vinje folkeakademi.

  • Type:
  • Tid: 4. april 2020 - 14:00 - 18:30
  • Stad:Vinjehuset
  • Lengd:4,5 timar