Tore Brunborg
Tore BrunborgFoto: Ioana Taut

No soli bakom blåe fjell

Når:
Kvar:
Volda kyrkje
VaksenStudent
300200
Kjøp billettar

Feiring av Elias Blix og den nynorske salmetradisjonen. Konsert med komponist og bandleiar Tore Brunborg (saksofon), Frank kjosås (vokal), Marte Eberson (tangentar), Mats Eilertsen (bass) og Siv Øyunn Kjenstad (trommer).

Mot slutten av 2018 blei Tore Brunborg kontakta av Nynorsk kultursentrum og spurd om å setje saman eit ensemble som skal framføre tolkingane hans av utvalde Blix-salmar. No er gruppa klar under namnet No soli bakom blåe fjell, og mot slutten av oktober legg dei ut på sin vesle vestlandsturné. 

Nynorsk kultursentrum er arrangør i samarbeid med Svidal skriveri på Jølster. Turneen går i gang i Volda kyrkje i regi av Ivar Aasen-tunet, før dei reiser vidare til Jølster. Det heile blir avslutta på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, som også er drifta av Nynorsk kultursentrum.

Volda og Ørsta kyrkjeakademi inviterer til foredrag ved Anders Aschim på Uppheim kl 19., før konserten. Eigen billett for foredraget kan løysast i døra.

Alle arrangement i regi av Ivar Aasen-tunet har Kulturrabatt for ungdom, med minst 25% rabatt for ungdom i alderen 16-20 år.