Dei sju dørene.jpg

Dei sju dørene

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
150100
Kjøp billettar

Agnes Ravatn i samtale med programansvarleg i Ivar Aasen-tunet, Olav Øyehaug Opsvik.

Den populære og prislønte forfattaren Agnes Ravatn tek med seg den heilt ferske romanen Dei sju dørene til Ivar Aasen-tunet. Boka handlar om Litteraturprofessor Nina Wisløff, som er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.

Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store konsekvensar for henne sjølv og familien.

Alle arrangement i regi av Ivar Aasen-tunet har Kulturrabatt for ungdom, med minst 25% rabatt for ungdom i alderen 16-20 år.