Breviarium Nidrosiense
Breviarium NidrosienseFoto: Nasjonalbiblioteket

Bokhistorisk utstilling

Når:

Dei første bøkene i Noreg, Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense, kjem til Aasen-tunet. Det blir foredrag og framvisning av bøkene i Salen, og omvising i bokutstillinga i utstillinga i Aasen-tunet etter presentasjonen.

I høve Bokåret 2019 tek Nasjonalbiblioteket dei to første bøkene som blei trykte for Noreg med på reise til utvalde stadar. Dei 500 år gamle bøkene blir frakta i ein spesialbygd koffert til framsyningar i Rana, Sarpsborg, Bergen og Ørsta, før dei blir del av den bokhistoriske utstillinga som opnar i Nasjonalbiblioteket til hausten.

I samband med opning av utstillinga "Den fleirspråklege bokhistoria" i Ivar Aasen-tunet inviterer vi til å sjå bøkene frå Nasjonalbiblioteket saman med skattar frå vår eiga samling.

Dei to bøkene frå Nasjonalbiblioteket, Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense, blei trykte i 1519. Den første er ei messebok for Noreg, mens den andre er ei handbok i liturgiske seremoniar for prestar. I Nasjonalbiblioteket blir bøkene oppbevart djupt under bakken i eit nøye regulert klima. Berre ein sjeldan gong blir dei henta opp frå sikringsmagasinet.

Bente Lavold og Nina Korbu frå Seksjon sjeldne bøker og privatarkiv ved Nasjonalbiblioteket skal syne fram og presentere bøkene hos oss.

Ansvarleg for utstillinga i Aasen-tunet er administrasjonssjef Gaute Øvereng og bibliotekar Siri Beate Gjerde.

Utstillingsbillet.

Meir informasjon om billettprisar finn du her.