Kva skjer
Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.
Sommarfest med Lurivar
Velkomen til Sommarfest med Lurivar!
Tur til Høgetua med høgtlesing
Ta med deg barna dine på ein overkomeleg gåtur til Høgetua, der det blir høgtlesing. Billetten inkluderer: - Høgtlesing på Høgetua - Bokmerke - Inngang til basisutstillinga i Aasen-tunet - Nytt tilbod! Brevskrivingspakke: Skriv eit brev til ein du kjenner på fint brevpapir, med fyllepenn og vokssegl på konvolutten. - Matpakke er ikkje inkludert i billetten, men du får rabatt på tunblings viss du kjøper billett.
Ivar Aasen-tunet,Ivar Aasens fødselsdag
5. august 1813 blei Ivar Aasen fødd på garden Aasen i Hovdebygda. Vi markerer dagen med gratis kake, kaffi og inngang til utstillinga, velkomen!
Tur til Høgetua med høgtlesing
Ta med deg barna dine på ein overkomeleg gåtur til Høgetua, der det blir høgtlesing. Billetten inkluderer: - Høgtlesing på Høgetua - Bokmerke - Inngang til basisutstillinga i Aasen-tunet - Nytt tilbod! Brevskrivingspakke: Skriv eit brev til ein du kjenner på fint brevpapir, med fyllepenn og vokssegl på konvolutten. - Matpakke er ikkje inkludert i billetten, men du får rabatt på tunblings viss du kjøper billett.
Ivar Aasen-tunet,Ope folkemøte
Kva skjer i Norge – lokalt og sentralt? Den tause sentraliseringa. Hovudtale ved partileiar i Sp Trygve Slagsvold Vedum. Høve til spørsmål. Gratis og ope for alle. Arr. Ørsta, Volda og Hornindal Sp
Bokhistorisk utstilling
Dei første bøkene i Noreg, Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense, kjem til Aasen-tunet. Det blir foredrag og framvisning av bøkene i Salen, og omvising i bokutstillinga i utstillinga i Aasen-tunet etter presentasjonen.
Bok og bakverk: Vestlandshumor
Velkomen til sesongens fyrste Bok og bakverk. I kafeen kan du kjøpe kaffi og fersk bakst. Gode tilbod i butikken.