Museums- og festivalsekretær Solveig Prestegard og dagleg leiar Kristian W. Rantala Ved Vinje-senteret. Foto: Sunniva Lund Osdal.

Vinje-senteret i rute

Samrøystes storting, fylkesting og kommunestyre har løyva 5,2 millionar kr til ei nasjonal utstilling for dikting og journalistikk i Vinje.  – Dette gjer at vi kan opne Vinje-senteret med utstillingar og fullt tilbod i 2021, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Produksjonen av utstillinga til Vinje-senteret blei lyst ut som anbod på Doffin 18. desember 2019, med frist 23. april 2020.  – Fleire gode interessentar har alt meldt seg, og vi tar sikte på ei avgjersle om utstillingsprodusent i sommar. Det neste året kjem til å vere prega av arbeidet med utstillinga, og om alt går som vi har planlagt, ser vi fram til å opne senteret med fullt publikumstilbod sommaren 2021, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala.

Auka driftstilskot
Driftstilskotet aukar også neste år. Vinje kommune gir 1 200 000 kr, Vestfold og Telemark fylkeskommune 800 000 kr og Kulturdepartementet gir 2 600 000 kr. Dette fører til at det blir fire fulle årsverk i Vinje frå neste år. – Eg er stolt av at vi kan opprette nye kompetansearbeidsplassar i distrikta. Vi har synt før at nasjonale institusjonar kan vere i heile landet, og no syner vi det igjen, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. I tillegg til å drive Vinje-senteret og Litteraturdagane i Vinje driv Nynorsk kultursentrum museum og festivalar i Ørsta på Sunnmøre og i Ulvik i Hardanger. Gjennom Den kulturelle skulesekken og utstillingsturnear opplever publikum i over 50 kommunar kvart år nynorsk språk og litteratur på over 450 arrangement som stiftinga formidlar. 

Innhaldet i utstillinga
Vinje-senteret for dikting og journalistikk skal innehalde ei basisutstilling med fire deltema:

  • Introduksjon: Same reiskapane. Ulike blikk på verda
  • Hovudforteljing: Mellom dikt og sanning – og fakta og fiksjon
  • Hovudforteljing: Menneska går og menneska finn kvarandre

Hovudforteljing: Kraft og krefter i norsk journalistikk

Det blir også andre spesialutstillingar om dikting og journalistikk til opninga. Utstillingsgruppa som har føreslege dette bestod av tidlegare redaktør i Aftenposten Harald Stanghelle, litteraturvitar Kristian L. Sandberg, lektor Ingrid Sponheim og historikar Sigrun Høgetveit Berg.