Vinjestoga
Foto: Vest-telemark museum

Vinjestoga

Aasmund Olavsson Vinje blei født 6. april 1818 i Vinje og vaks opp på Vinjestoga.

Framleis står mykje av interiøret att frå den tida då Aasmund og familien hans budde i Vinjestoga. Her er mellom anna seng, bord og stolar, samt bjølla som Lykle, mor til Blåmann truleg bruka. Noko har komme til i seinare tid, til dømes skrivepulten Aasmund bruka då han jobba i Justisdepartementet. Andre gjenstandar er ei skreppe og ei kiste, samt eksemplar av ”Dølen” - Vinjes eige tidsskrift, samt diverse brev og skrifter.

Omvisingar under hovudmarkeringa av Vinje-jubileet 2018

Omvisar Anne T. Romtveit

Fredag 6. april kl. 11.00, 12.00 og 13.00

Laurdag 7. april kl. 11.00, 12.00, 13.00 og 14.00

Sundag 8. april kl. 12.30

Plass til 16 på kvar omvising. Billettar kjøper du på førehand ved å trykke på det klokkeslettet som høver deg i tabellen over.

Jubileumsprisar: Vaksne og Honnør: 50,- Barn (6-16): 30,- Familie: 120,- Gruppe, min. 10 pers: 30,-

Ta med litt ekstra klede då det kan vera kaldt i stoga.

 

Vinjestoga er elles ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med Vinje-senteret for gruppeomvising utanom sesong.

Skular og andre grupper kan utanom sesongen bestille omvising, forteljing og song av folkemusikar Aasmund Nordstoga her ved Vinjestoga.