Om Vinje-jubileet

Vinje kommune tok vinteren 2014 initiativ til å markere 200-årsjubileet for A.O, Vinje i 2018.

Kommunen etablerte ei formell ramme for jubileet ved å oppnemne medlemmer til to ulike komitear, ein nasjonal og ein regional der ordførar og kultursjef i Vinje kommune er med i begge. Seinare blei også ein lokal komité oppnemnd.

Mål for Vinje-jubileet 2018

Fastsett av den nasjonale jubileumskomiteen 26. mai 2016

  1. Felles for alle markeringane er at dei skal fremje A.O. Vinje og hans produksjon lokalt og over heile landet og gjerne utover Noregs grenser.
  2. Markeringane skal kaste ljos over sjølve forfattarskapen og gje nye generasjonar spennande møte med utvalde delar av diktinga og songskatten etter A.O. Vinje.
  3. Markeringane skal fremje bruken av nynorsk på Austlandet generelt og i presse og media spesielt.
  4. Markeringane skal stimulere til auka bruk av A.O. Vinje sitt materiale i grunnskulen og på universitets- og forskingsnivå.
  5. Markeringane skal vere med og leggje grunnlaget for Vinje-senteret for dikting og journalistikk gjennom aktualisering og fokus på A.O. Vinje sin forfattarskap og liv.
  6. Markeringane og Vinje-senteret skal bidra til å sikre A.O. Vinje sin plass i noregshistoria, slik at nye jubileumsmarkeringar vil bli sjølvsagde og eit folkekrav.

Organisering

Komitear

  • Nasjonal komité: Det Norske Samlaget, Det norske Teatret, Nasjonalbiblioteket, Norsk Journalistlag, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune, Vinje kommune og Olav Vesaas.
  • Regional komité: Folkeakademiet i Telemark, Vestfold og Buskerud, Teater Ibsen, Telemark fylkesbibliotek, Telemark fylkeskommune, Telemark kulturnettverk, Vinje kommune, Aasmund Nordstoga (grunneigar av Plassen).
  • Lokal komité: ordførar Vinje kommune, ass. rådmann Vinje kommune, kultursjef Vinje kommune, kulturskulerektor Vinje kommune (kunstnarleg leiar), Aasmund Nordstoga.
  • Oslo-komité for Vinje-helg i Oslo: Under skiping.

Leiar

  • Ordførar Arne Vinje 2014–2015
  • Ordførar Jon Rikard Kleven 2015–

Sekretær

  • Hans Kristian Lehmann 2014–2015
  • Anders Sandvik 2016–

Møteplan

28.8.2014 Rauland Nasjonal og regional komité

17.3.2015 Vinje Lokal komité

18.3.2015 Oslo Nasjonal komité

27.8.2015 Rauland Nasjonal og regional komité

10.3.2016 Oslo Nasjonal komité

20.5.2016 Oslo Nasjonal komité

25.8.2016 Rauland Nasjonal, regional og lokal komité

11.1.2017 Oslo Nasjonal og regional komité

13.2.2017 Vinje Lokal komité

29.3.2017 Oslo Nasjonal og regional komité

21.8.2017 Vinje Lokal komité

24.8.2017 Åmot Nasjonal, regional og lokal komité

17.10.2017 Oslo Fellesmøte Vinje-helg i Oslo

7.11.2017 Oslo Fellesmøte Vinje-helg i Oslo

8.11.2017 Oslo Nasjonal og regional komité

23.1.2018 Oslo Nasjonal og regional komité

Sentrale samarbeidspartar

  • Vinje kommune
  • Den kulturelle skulesekken i Telemark
  • Det Norske Samlaget
  • Det Norske Teatret
  • Folkeakademienes Landsforbund
  • Hadeland dialekt- og mållag
  • Høgskolen Sørøst-Norge
  • Nasjonalbiblioteket
  • Nynorsk kultursentrum
  • Telemark fylkeskommune
  • Telemark kulturnettverk