Arrangørhjelp

Her finn arrangørar i jubileet mellom anna jubileumslogo og bilete til fri bruk.

Logo til fri bruk

Utvikla av Tank Reklamebyrå for Nasjonalbiblioteket på oppdrag frå Vinje kommune i 2015. Arrangørar og aktørar står fritt til å bruke denne logoen i profileringa av tiltak i Vinje-jubileet 2018. 

Reglar for bruk

Logoen finst i to variantar, svart og negativ. Dei to variantane er jamstilte.

Vinjes stiliserte signatur står midtstilt på ei «tidslinje» som strekker seg frå fødselsåret 1818 til jubileumsåret 2018. Denne tidslinja kan i spesielle tilfelle strekkast og tilpassast høgdeformat av typen banner, så lenge signaturen står midstilt og årstala er uendra.

Hovudvariantane av logoen kan lastast ned frå denne sida. Det er laga eigne filformat for trykk (.ai, eps, pdf), office (rgb, jpeg) og nett (png). Desse ligg i kvar sine mapper.

Det er også laga variantar som er tilpassa liten storleik, laga i 20 mm og 10 mm breidd. Der er typografi og strek forsterka for å gjere annonsar og liknande godt leselege. Desse skal ikkje forstørrast, men dei kan gjerast mindre.

Hovudvarianten finst i 100 mm breidd. Det er denne som helst skal brukast, og den kan skalerast heilt ned til 20 mm.

Dersom logoen skal setjast inn med 20 mm breidd, skal den tilpassa varianten brukast Det same gjeld for 10 mm eller mindre.

Kvadratet som rammar inn logoen, er ein del av heilskapen. Ingen andre element skal plasserast innanfor dette kvadratet.

Last ned filer her

Bilete til fri bruk

Bilete frå Nasjonalbiblioteket kan tingast gratis i høg oppløysing ved å sende varig lenke til bilder@nb.no og kan leggast ut på nettstader o.l. Dei blir også lagde ut i tilpassa filer på Flickr.

Bilete frå Nynorsk kultursentrum ligg her i høgoppløyselege format til fri bruk.

Fleire illustrasjonar til fri bruk kjem.

Kreditering
Oppgi alltid kjelde ved bruk i samsvar med bildetekstane.

Portrett A.O. Vinje (1858)
Bilettekst: A.O Vinje, fotografert i 1858. Ukjend fotograf, Nasjonalbiblioteket.

Portrett A.O. Vinje (1860-åra)
Bilettekst: A.O Vinje, fotografert i 1860-åra. Ukjend fotograf, Nasjonalbiblioteket.

Portrett A.O. Vinje (1860-åra)
Bilettekst: A.O Vinje, fotografert 1860-åra. Foto: Ø.O. Kaasa, Nasjonalbiblioteket.

Portrett A.O. Vinje (1867)
Bilettekst: A.O Vinje, fotografert 1867. Foto: J.P. Lindegaard, Nasjonalbiblioteket.

Radering A.O. Vinje (1867)
Bilettekst: A.O. Vinje, radering av Johan Nordhagen 1867 etter fotografi. Foto: Nynorsk kultursentrum / Vinje-senteret.

Portrett A.O. Vinje (1869)
Bilettekst: A.O Vinje som brudgom 1869 på visittkort. Foto: C.P. Knudsen, Nasjonalbiblioteket.

Portrett Rosa Kjeldseth Vinje (1860-åra)
Bilettekst: A.O. Vinje gifta seg med Rosa Enevoldsen, f. Kjeldseth sommaren 1869. Frå å ha vore lærar ved Møllergata folkeskule gjekk ho over til å administrere Dølen, ordne rekneskapen og ekspedere utsendingane av kvart nummer. Ho hadde ein formue på 1500 spesidalar frå eit tidlegare ekteskap og emna på å bruke pengane til prenteverk for bladet. Rosa Vinje døydde i barselseng 12. april 1870. Visittkort, udatert. Foto: Nynorsk kultursentrum / Vinje-senteret.

Stålstikk A.O. Vinje (1898)
Wilhelm Andreas Wexels: «Aasmund Olafssen Vinje». Trykt i Ringeren nr. 27 1898. Foto:
Nynorsk kultursentrum / Vinje-senteret. 

Ivar Aasen ved sjukesenga til A.O. Vinje (1904)
Bilettekst: A.O. Vinje blei alvorleg sjuk våren 1870 og låg fleire veker på Rikshospitalet. Der vitje Ivar Aasen han fleire gonger. Olav Rusti teikna scena i 1904. Foto: Nynorsk kultursentrum / Aasen-tunet.

Teikning A.O. Vinje (1983)
Bilettekst: A.O. Vinje, teikna av Finn Graff 1983. © Finn Graff 1983 / Nynorsk kultursentrum.
Merknad: Arrangørar kan bruke teikninga fritt i ikkje-kommersielle samanhengar ved omtale og gjennomføring av arrangement og utstillingar i Vinje-jubileet 2018. All kommersiell bruk, til dømes salsartiklar, krev løyve og avtale med opphavsrettshavaren.

Vinje-Bilete frå Nasjonalbibilotekets Flickr-side

Oppgi kjelde etter malen : «Fotograf: [namn, evt ukjend] / Eigar: Nasjonalbiblioteket»

Notar og arrangement for korps og kor
Guten - Aasmund Nordstoga (Blanda kor)

Fedra-marsj - Øyvind Strand (Janitsjar)

A.O.Vinje-marsjen - Jon Rørmark (Janitsjar)

Ved Rondane - Edvard - Grieg Øyvind Strand (Janitsjar)

Du gamle mor - Edvard Grieg Jon Rørmark (Janitsjar)

Kunnskap skal styre - Johan D. Behrens, Jon Rørmark (4-stemt blanda kor / blåsegruppe)

Den dag kjem aldri - Folketone Magne Rutle (Janitsjar med 4-stemt blanda kor)

Tytebæret - Marius M. Ulfrstad Magne Rutle (Janitsjar med vokalsolist)

Eit syn - Edvard Grieg Magne Rutle (Janitsjar med vokalsolist)