Journalistane Jonsson og Vinje på kritisk avstand

Tor Jonsson-foredraget av Ottar Grepstad, på Diktardagar ved Tor Jonsson-stugu i Lom, laurdag 1. september.

Den som blar i gamle aviser, risikerer å finne noko anna enn det ein såg etter. Norsk Tidend 15. desember 1960 var ein slik skriftstad. Eg hugsar ikkje lenger kva eg såg etter, men eg veit kva eg fann.

«Da Tor Jonsson selde eit dikt for å skaffe seg vottar» var tittelen på eit stykke av forfattaren Pål Sundvor. Ti år tidlegare hadde han vikariert i Norsk Tidend i Oslo. Ein dag hadde han støytt på «ein kar som kom hastande mot meg med hissige armslag» i Nordahl Bruns gate. Tor Jonsson var komen til byen frå Lom «og gjorde verda utrygg med sine kvasse avisinnlegg». Sundvor tok Jonsson med opp i redaksjonen. «Eg har eit dikt eg vil selje til deg», sa diktaren. Her får du berre 15 kroner, så gå til ei av dei store avisene, der får du kanskje 75 kroner, svara Sundvor. Summen var ikkje viktig for diktaren: «Eg skal berre ha så mykje at eg har pengar til å kjøpe meg vuttu!» Sundvor greidde å få heva honoraret til 25 kroner – vel 500 i 2018-kroner, men om Tor Jonsson fekk kjøpt seg vottar, visste han ikkje.

I neste nummer fylte «Ei dagbok for mitt hjarte» det meste av side 3 i Norsk Tidend. Det er ein så mykje kortare variant at det er eit anna dikt enn titteldiktet i den posthume samlinga 1951. Diktet i Norsk Tidend har seks delar, diktet i boka har elleve med to innleiande strofer, og delane i avisversjonen kjem i ei anna rekkjefølgje i boka. I bøker med dikt av Tor Jonsson har det vore tidfesta til 1951, men det er nok to dikt, eit frå 1950 og eit frå 1951.

«Dagbok for mitt hjarte» er eit hjarterivande verk, anten ein veit korleis det gjekk med forfattaren eller ikkje. Tor Jonsson blir ganske konsekvent lesen og tolka ut frå sin biografiske tragedie. Aasmund Olavsson Vinje blir nesten like konsekvent lesen og tolka ut frå sin litterære suksess. 

Det meste er ulikt

Å halde Vinje og Jonsson på kritisk avstand inneber at dette ikkje blir nokon festtale. Kritikk er likevel ikkje einstydande med negativ vurdering, for berre den som har gjort noko viktig eller som ein ikkje kjem utanom, blir heidra med kritisk omtale 70 eller 150 år etter sin død. Kven snakkar vel i dag om Anna Haga Fletre eller Gudve Tone Gjellstad? Også dei debuterte i bokform i 1943. Eller Pål Sundvor, som debuterte i 1947, året då Tor Jonsson var ferdig som redaktør i Hallingdølen?

Vinje levde mellom 1818 og 1870, Jonsson mellom 1916 og 1951. Den eine publiserte sine første ting i Mandal og Lister Amtstidende 1845, den andre i Arbeider-Magasinet 1932. Det var altså hundre år mellom både liv og skrift. Å drive med jamføringar over hundre år er historisk sett meiningsløyse fordi ein må gå ut frå at det meste er ulikt. Likevel kan Tore Ørjasæter ha rett i at «Jonsson minner om Vinje i sin prosakunst».

Journalistane Jonsson og Vinje på kritisk avstand
Tor Jonsson-foredraget 2018. Foto: Alv R. Dale

Jonsson publiserte den første forteljinga i 1932, det første diktet i 1935 og den første artikkelen i 1945. Han publiserte tekstar i to tiår og var journalist, redaksjonssekretær og redaktør i to år. Det er summen av lyrikk og avisprosa som har gitt han ei rolle i norsk skriftkultur. Det han skreiv, fekk han trykt i minst 21 publikasjonar. Tyngdepunktet var i dei nynorske publikasjonane, dei som blei lesne mest på bygdene.

I si samtid blei Vinje lesen i det vesle som var av bymiljø. Gjennom 25 år skreiv han særleg mykje i åtte blad og aviser som kom ut i Mandal eller Kristiania. I to byblad skreiv han tidfesta gjennom to tiår, Drammens Tidende og Dølen.

Begge kom på kant med sine overordna, Vinje i Morgenbladet, Jonsson i Hallingdølen. I slike høve er det lett å peike på pressefridomen, men verken Vinje eller Jonsson kan skuldast for raffinement der konflikt bygde seg opp. Med Dølen skaffa Vinje seg ein talarstol han kontrollerte fullt ut. Eit slikt uavhengig sjølvstende oppnådde aldri Jonsson.

Eit overflatisk blikk kunne få ein til å tru at dei hadde nokolunde lik bakgrunn. Dei var dølar frå kvar sine dalføre her austanfjells. Begge voks opp i bygdesamfunn langt unna all urbanitet. I allmenne framstillingar blir kvar av dei gjerne omtalt som husmannsson. Det var Jonsson, men ikkje Vinje. I hans hus var Ludvig Holberg ein del av inventaret. Vel blei staden kalla Plassen, og vel blei dei begge fødde i skuggen frå kvar sin prestegard, men skilnadene er viktigare.

At dei begge voks opp i enkle kår, er det ingen tvil om. Jamført med den mørke, tronge Vinjestoga med eitt rom, ein hems og svalgang er likevel Jonsson-stugu alt anna enn ei stuslegstugu. Den mest dramatiske sosiale skilnaden ligg truleg i utdanninga. Både Vinje og Jonsson var openbart intellektuelle, men berre Vinje fekk sjansen til å gå den utdanningsvegen og kvalifisere seg til lærar. Vinje utdanna seg inn i eit anna liv, Jonsson måtte i stor grad erstatte utdanning med praksis. Var det positivt å få utdanning i 1830-åra, var det tilsvarande negativt å bli gåande utan høgare utdanning i 1930-åra.

Tre fellesnemnarar

Likevel er tre fellesnemnarar påfallande. Språket. Skrifta. Opposisjonen.

Vinje brukte lang tid på å skrive seg ut av dansk og inn i nynorsk. I fleire år var han nummer to til å skrive det språket Ivar Aasen hadde funne på sine språkreiser gjennom landet.

Kyrkjeorgelet var eit instrument som gjorde inntrykk; Ivar Aasen høyrde det for første gong i Bergen sommaren 1841. Dette gjorde Vinje om til sin fremste metafor for språk, diktekunst, det skjønne.

Først overordna og prinsipielt, i 1856: «Vi mangler ikke Ord, men kunde spille paa vort Sprog som paa et fuldtonende Orgel, blot man fik væk den Galskab, at det er raat.» Dette følgde han opp då han avslutta forordet i Storegut 1866: «Det er med oss som med Organisten, naar han i sit Fyrespil eller Præludium spilar med faae ‘Stemmer’. Folk etter oss faa fyrst den Lukka aa kunna draga ut alle ‘Stemmer’ og spila med fullt Verk.»

Ein av dei som kom etter, var altså Tor Jonsson. Men kor mykje til verbal organist var Tor Jonsson? Han skreiv i moll og i sinne. Ikkje alltid, men ofte, og det er det mollstemte sinnet og sinnet han blir hugsa mest for i ettertid.

Då Jonsson tok til å skrive offentleg var den nynorske skriftkulturen så godt som fullt utvikla. Til og med 1930 hadde 348 menn og 34 kvinner debutert skjønnlitterært i bokform på nynorsk eller dialekt. Kor mange som hadde publisert skjønnlitterære tekstar i blad og aviser, anar ingen. Heller ikkje har nokon dokumentert oppbygginga av nynorsk sakprosa i bokform, eller i blad og aviser. Det sikraste å seie er at dei var mange, Jonsson var ein etterfølgjar, ein meiningssterk etterfølgjar. Det betyr ikkje at han utan vidare kom lett til det, men dei vanskane han møtte, hadde i liten grad med rammevilkåra i den nynorske skriftkulturen å gjere.

Vinje veksla mellom prosa og poesi, gjerne i same teksten, særleg i Ferdaminni. Det gav han fleire måtar å forstå verda på og fleire måtar å forme tankane om eit emne på. I prosaen kunne han vere lausaktig, i lyrikken var han rytmefast og rimsikker. Jonsson veksla også mellom prosa og poesi, men hos han var dette i større grad enn hos Vinje skilde former. Samfunnet tolka han i journalistikken, sjela i poesien. Dei dikta som Tor Jonsson skreiv, var mindre bundne til tid og stad enn Vinje sine, enn som Vinje gjorde dei, iallfall.

Tor Jonsson var spaltist meir enn journalist, kommenterande meir enn informerande. Nei, så enkelt er det ikkje. Så godt som alt Vinje skreiv, sette han på trykk, er godt dokumentert, og svært mykje av det kan lesast i bokform. Kva Jonsson skreiv, er berre delvis dokumentert og samla. Han må ha skrive mykje meir i Dølabladet og Hallingdølen enn det som er samla i bøker. I det ligg ein fare for feilslutningar.

Den pressa han var ein del av, var ei heilt anna enn den Vinje var med og grunnla. I 1850- og 60-åra var der knapt noka utbreidd forståing av ytringsfridom og redaksjonelt sjølvstende, og Vinjes rolleforståing var så frynsete at han måtte gå på dagen frå ei underordna stilling i statsforvaltninga etter at ha n hadde kritisert regjeringa offentleg.

På den andre sida var det så som så med pressefridomen også i Tor Jonssons tid. Då bygde partia opp sin nesten total kontroll over pressa, med ein del nynorskaviser blant dei mest interessante unntaka. Det kan sjå ut til at Jonsson heldt seg nettopp i den frisonen, men vi bør ikkje undervurdere det meiningspresset han kan ha kjent på i avisredaksjonane, der eigarane knapt heldt ein veslefingers avstand.

All den tid begge skreiv så mykje for tida og staden, er det fort gjort å oversjå verdien av skriftene deira i deira eiga samtid. «Skyer på Guds himmel» er ein klassikar av ein Jonsson-tekst frå hausten 1946. Lausriven frå si samtid er teksten ganske enkel, men då den stod på trykk, var den eit sjokk. Det oppgjeret med forkynninga til Ole Hallesby som Jonsson tok der, tok dei fleste først mykje seinare.

I omtalane og analysane av Vinjes prosa handlar det like gjerne om form som om innhald. For Jonsson sin del er det blitt mest innhald og biografi. Det minneordet som Per Monsen skreiv i 1951, året før han blei redaktør i Arbeiderbladet, er typisk: Jonsson «var lite motstandsdyktig», han hadde «et virkelig budskap å bære fram», han «siktet mye videre enn bygdesamfunnet». Sånn er sakprosa blitt lesen altfor lenge både før og etter Jonsson, som innhald lausrive frå form.

Liv i tale og skrift

Var skrifta viktigare for Jonsson enn for Vinje? Det trur eg. Vinje spelte på eit stort repertoar. Han var diktar og essayist, journalist og kritikar, redaktør og aktør, talar og framførar. Å skulle samle alt dette i eitt ord kan verke meiningslaust, men der er noko som pregar tekstane hans. Det aller meste Vinje skreiv, er tidfesta eller kan stadfestast, som høvesdikt eller høvesprosa, skrive for tida og staden. Mannen frå Vinje var der det høvde seg, og der det passa han. Han var, med redaktør Paul Botten-Hansens ord, også ein «national Fest-Voyageur».

Også Jonsson var bunden til tida og staden i den forstand at dei mange essayistiske kommentarartiklane hans tok utgangspunkt i subjektive observasjonar av hendingar i samtida. Vinje siterte kven det skulle vere og skapte dermed tekstar som bar i seg fleire røyster. Jonsson skreiv mest ut sine eigne resonnement.

Ingen av dei har skrive seg inn i pressehistoria som presise referentar eller distanserte observatørar. Dei var deltakarar i alt dei gjorde, og dei meinte noko om kva det skulle vere. Kvar Vinje tok til å dikte, og kvar han slutta, i reportasjane og kommentarane sine, kan ingen seie for sikkert. I så måte er truleg Jonsson ein meir påliteleg forfattar. Vel var han einsidig, og vel var han selektiv i sine argument, men diktinga heldt han først og fremst i sine verselinjer, ikkje i avisspaltene.

Vinje var både innanfor og utanfor. Jonsson var mest utanfor. Det gav han ein meir konsekvent kritisk distanse, men også færre posisjonar å velje mellom enn den mangslungne Vinje, som kunne halde festtale den eine dagen og raljere med sitt eige publikum den neste. Meir enn ein gong blei han boren på gullstol etter talar, jamvel av russen på Bygdøy. Som utdanna jurist hadde han ein tittel å setje på trykk då han var i England og Skottland 1862–63. Han var ein snakkar som snakka med kven som helst.

Jonsson var meir ein skrivar. I det låg ei grense for han. I Ottadalen var der ein minnekultur som Tor Jonsson kjende avstand til. Det var viktig for han å setje ord på det andre tagde om, i det som gjekk for å vere bygdefellesskapen. Han kritiserte utslag av den rådande forståinga av fortida, men han skilde ikkje godt nok mellom samtid og fortid. Den rådande minnekulturen forsterka den sosiale avstanden Jonsson bar med seg og aldri klarte å skrive seg ut av.

Som mange andre i si eiga samtid undervurderte han kva sosial rolle lese- og skrivekunna spelte. Vel var skuleåret kortare i folkeskulane på bygdene enn i byane, men så godt som alle kunne lese og skrive. Fattigdomen kunne prege skrifta, men stengde verken arbeidarklassen eller fattige dølar ute frå skriftkulturen. Så sjølvsagt var dette at Tor Jonsson tok det for gitt, og han reflekterte ikkje over kva den kunna hadde å seie sosialpolitisk. I det fattigdomslandet han rekna seg som innbyggjar av, lærte han ikkje berre å lese og skrive som alle andre. Han meistra også kunsten å skrive god prosa. «Han er jo i ferd med å bli en klassiker», skreiv Odd Eidem hausten 1952.

Ein del av den avisprosaen som Jonsson skreiv, blei ganske raskt tilgjengeleg i bøker. Særleg for skjønnlitterære forfattarar har det å gi ut samlingar av avisprosa vore ein viktig del av posisjoneringa. Fram mot tidleg 1900-tal blei dette helst gjort når forfattarane var døde, som Ivar Aasen og Bjørnstjerne Bjørnson. Utover i det 20. hundreåret gjorde mange forfattarar det medan dei levde – frå Nils Kjær til Alf Larsen og Johan Borgen.

Det spesielle er at så godt som ingen nynorskforfattarar gjorde det etter Arne Garborg – før Tor Jonsson med Nesler. Tidsrommet frå 1920 til 1950 var ei veksttid for nynorsk presse og dermed for journalistisk prosa på nynorsk, men dei skriftene blei verande på avispapir av smuldrande kvalitet. Å gi ut avisprosa i boka Nesler tilførte forfattaren høgst legitim inntekt, gav han det kvalitetsstempelet som bokformatet tilfører tekstar, då som no, gjorde tekstane hans viktigare, og ikkje minst, lett tilgjengelege i ettertid.

Vinje samla sjølv noko av prosaen frå Dølen i Blandkorn i 1867, men det blei ikkje han som avgjorde kva som heldt mål for ettertida. Dølen frå Lom var ein strengare lesar av eigne tekstar enn dølen frå Vinje. Jonsson hadde ei klar oppfatning av kva som heldt mål for å bli trykt i bok. Den oppfatninga delte ikkje dei som forvalta tekstane hans etterpå. Litt godt og masse middels hamna dermed i hyllene i bokhandlane og biblioteka.

På sitt beste var Jonsson ein fin stilist og skarpsynt observatør, men mykje var flat høvesprosa med enkel argumentasjon. Det var enklare for Vinje å vere original i ei språkleg oppbrotstid enn det var for Jonsson i ei tid då det meste var prøvt.

Grensene ved individualismen

Tor Jonsson «var ein av dei som vi spikrar på krossen, ættled etter ættled, og sidan søker attende til for å få lys og kraft og rettleiding i frå», skreiv forfattaren Knut Hauge våren 1951. Han var ein farleg mann då han levde, meinte Hauge og forklarte det med at Jonsson heile tida søkte etter sanninga: «Tor Jonsson var vel den som kjem Garborg nærast i bokheimen vår som miskunnlaus sanningssøkjar.»

Eg trur ikkje heilt på det. Ikkje på jamføringa, heller.

Arne Garborg var det Jon Hellesnes presist har kalla den skarpaste diktarfilosofen i Noreg kring 1900. Slike ord kan ikkje brukast om Tor Jonsson. Som Helge Skaranger peikte på alt i 1960, var det Jonsson kritiserte, langt på veg fortid. Forfattaren var etter si tid, konstaterte oså kulturforskaren Reidar Djupedal ti år seinare, og la til: «Han har lagt bygda på boks, for å halde det presise minnet levande.» I skrifta heldt Tor Jonsson fast det han ville bort frå, men som han stod i fare for å stadfeste då han skriftfesta det.

Kva som gjorde Tor Jonsson farleg, og kven dette var farleg for, blei verande uskrive. Politisk var Jonsson i takt med fleirtalet i samtida. Den sosialdemokratiske orden var i ferd med å ta form, den tekniske moderniseringa av by og bygd heldt fram, massemediet radio forma nye fellesskapar, nye riksinstitusjonar som Norsk Bygdekino og Riksteatret prega kulturlivet. Den økonomiske kritikken hans var allmenn og lite målretta, forma i ord og vendingar frå stordomstida til prestesonen på Aulestad – kaksar og småfolk. Enkeltpersonar kunne nok hisse seg opp, men systemkritikken var vag, og endringar i samtida gjekk han hus forbi.

Vinje blei ein målestokk, eit haldepunkt, eit utgangspunkt. Han blei ein nødvendig føresetnad for den vidare utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det han gjorde, fekk følgjer for andre.

Der er eg meir usikker for Jonsson sin del. På det individuelle planet blei han og er han – for all del, det er han – ein viktig forfattar for mange lesarar, og aller mest som lyrikar. På det kollektive planet er det vanskelegare å sjå at det han skreiv, fekk følgjer. Mykje av det var godtkjøpsargumentasjon. Individualismen hans blei berginga hans, men også begrensinga hans. Tor Jonsson kom aldri i posisjon til å skape endringar som Vinje gjorde. 

Tor Jonssons tragedie

Tor Jonssons tragedie var dobbel.

Den personlege var brutal, men gjer verket hans sårbart for seinare lesarar fordi vi veit kva som skjedde, også etter at han fekk selt det diktet sitt nokre få veker før alt var for seint.

Den litterære tragedien er ein konsekvens av den personlege. Han døydde berre 34 år gamal. Det var i den alderen Vinje nærma seg å utrette det han no blir hugsa for. Jonsson stoppa sitt eige liv då Vinje opna sitt for allmenta. Få er dei forfattarane og journalistane og diktarane som gjorde sine beste verk før dei var 35.

Sissel Benneche Osvold var 47 då ho vann Den store journalistprisen i 1992. Aasmund Olavsson Vinje var 43 då han gav ut Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Erik Bye var 42 då han kom til NRK i 1958. Lise Lindbæk var 38 år då skildringane hennar frå den spanske borgarkrigen blei samla i boka Bataljon Thälmann i 1938. Kjartan Fløgstad var 36 då han var i Fyr og flamme i 1980. Det var også Andreas Hompland då han gav ut Sideblikk på maktmenneske i 1982. Maria Parr var 28 då ho vann Brageprisen for Tonje Glimmerdal i 2009 med all sin fart og sjølvtillit.

Sakprosa er sjeldan tidlause skrifter. Å jamføre sakprosaforfattarskapar frå ulike tider kan difor ofte vere meir problematisk enn å jamføre skjønnlitterære diktarar. Likevel:

Tor Jonsson var på sett og vis ein journalist av same sorten som seinare har bore namn som Frode Grytten og Agnes Ravatn.

Det les eg ut av artikkelen «Tor Jonsson som bladmann» som kollegaen Torgeir Lid frå Dølabladet skreiv til 50-årsminnet i 1966: «Han var for smålåten, for lite pågåande, og det var ikkje alle folk han likte å snakka med. Dersom det t.d. var ein buss-sjåfør han hadde eit eller anna mot, kunne det aldri falla han inn å spørja den mannen etter nytt, endå om han visste at nett den sjåføren hadde greie på sakene.» Vinje, derimot, snakka med kven som helst når som helst.

Dei opne kjeldeintervjua eller dei greie nyheitsreferata er langt unna skrivemåten til Jonsson, Grytten og Ravatn, og reportasjane endar ofte i spegelen. Journalistisk sjølvrefleksjon er også journalistikk og kan gi klok essayistikk.

Tor Jonsson var truleg viktigare som fri intellektuell i samtid enn ettertid og viktigare som poet i ettertid enn i samtid. Aasmund Olavsson Vinje står i den motsette posisjonen. Han er viktigare både som fri intellektuell og poet i ettertid enn i samtid. Ingen av dei var nyheitsjournalistar. Dei kommenterte subjektivt, den eine ganske uberekneleg, den andre ganske føreseieleg.

Og likevel, Tor Jonsson skreiv seg inn i ettertida med sin såre klokskap i grenselandet mellom sinn og sinne. Det er noko ved det han skreiv som ikkje går opp, og difor er han blitt lesen mykje lenger enn han levde. I norsk kulturhistorie er han vel framleis ein av to journalistar det blir halde talar om kvart år på andre dagar enn 17. mai. Vinje er den andre.

Takk for at eg fekk seie nettopp det til Tor Jonssons minne og ære i dag.

 

Fotnotar
1. Norsk Tidend 15.12. og 21.12.1950
2. Tor Jonsson: Ei dagbok for mitt hjarte, Oslo 1951, s. 7–15 og Dikt i samling, Oslo 1956, s. 172–178. Originalmanuskriptet til bokversjonen er i Nasjonalbiblioteket: «Ms.4° 2930 ‘Ei dagbok for mitt hjarte.’ Maskinskr. med blyantskr. rettelser og tilføyelser. 4 bl.»
3. Tore Ørjasæter: «Kring diktaren og mennesket Tor Jonsson», i Tor Jonsson: Dikt i samling, 4. utgåva, Oslo 1975, s. 205
4. «Korrespondance», Drammens Tidende 25.1.1856
5. «Forord», Storegut, 1866 og 1868, her etter A.O. Vinje: Skrifter i Samling, V, Oslo 1921 og 1993, s. 258
6. Per Monsen: «Tor Jonsson død», Arbeiderbladet 14.1.1951
7. [Paul Botten-Hansen]: «A.O. Vinje – ‘Dølen’», Illustreret Nyhedsblad 26.7.1863
8. [Odd Eidem] O.E.: «Flere nesler», VG 11.12.1952
9. Knut Hauge: «Arne Garborg og Tor Jonsson», VG 5.3.1951
10. Jon Hellesnes: «Arne Garborg – diktarfilosofen som kvarv i skuggen av ‘åndshøvdingar’», i Kjell Heggelund ofl. (red.): Forfatternes litteraturhistorie, Oslo 1980, s. 213
11. Helge Skaranger: «Om diktaren og mennesket Tor Jonsson», i Tor Jonsson: Prosa i samling, Oslo 1960, s. 262
12. Reidar Djupedal: «Tor Jonsson. Eit riss», i Tor Jonsson: Og evig er ordet, Oslo 1970, s. 158
13. Torgeir Lid: «Tor Jonsson som bladmann», Syn og Segn 1966, s. 267